søndag 10. februar 2008

ÅRET I ENGLAND, første bolken

Til framandt land

Hausten 2004 skulle vi flytte til England for eit år, husbond, dotter og eg. Ettersom det nett denne sommaren vart siste lega for mor mi, vart det ikkje mykje tid til å bu seg. Fem dagar hadde vi på oss etter gravferda. Dotter skulle begynne på skole til rett tid, så vi for avgarde med kvar sin ryggsekk, medan husbond skulle kome etter med så mykje flyttelass som det vart plass til i bilen. Han skulle berre ein tur til Kina først.

Flyturen til Stansted gjekk bra, bortsett frå at for dei som trur at lufta berre er for fuglar og englar, er flyturar aldri stressfri. På Stanstead kjøpte vi togbillett heilt til Exeter. Dama der sa at vi måtte ta tuben frå Liverpool St til Victoria. Det var lettare sagt enn gjort, for to av linjene var ute av drift, så det vart omvegar, i kokande varme og med meir bagasje enn godt var. Vel framme på Victoria var det ingen tog til Exeter å oppdrive. Vi spurde oss føre og fekk vite at vi først måtte til Clapham Junction. Moralen er: Stol aldri på damer, særleg ikkje damer med eiga luke. Vi kom fram til slutt og til all lukke var det ein restaurant rundt hjørnet med ope kjøken til 24.00. No har vi lært 1) at Wessex/South West Trains ikkje går frå Victoria, men frå Waterloo, 2) at Great Western er eit raskare tog og går frå Paddington.

Det er mogleg det ikkje er tilrådeleg å flytte til eit anna land utan å ha ein stad å bu, men vi har no praktisert slik åtferd før, og har røynt at det meste rettar seg i sjønå. Vi satsa på B&B først og rekna med at det skulle la seg gjere å finne meir permanent bustad. Etter to-tre dagar med stadige troppeforflytningar, landa vi hos Linda og Clive på Braeside, rett ved Exeter College, skolen til dottera. På den andre sida hadde vi Exeter Prison. Just in case.

Så skulle vil til å skaffe oss meir permanent husvære, vi damene. I 27 graders varme prøvde eg, med berre om lag ¼ av vanleg cerebral kapasitet (og for den som veit kva vanleg kapasitet vil seie…) å orientere meg i jungelen av letting agencies. Stressa rundt på visningar og likte ringt det meste eg såg, i alle fall likte eg det ikkje godt nok til å skrive kontrakt for seks månader. Skralt utstyrt med pågangsmot som eg alt var etter det ein vel helst bør kunne kalle stress i vekene føreåt, ville mismodet reint ta overhand. Men så las eg om Guillaume le Gentil og skjøna at eg eigentleg ikkje hadde det så verst.

Eitt år før Venuspassasjen i 1761 tok le Gentil til på ferda til India for å gjere viktige vitskaplege målingar. Men det ville ikkje heilt lage seg med denne reisa, og då dagen kom, var le Gentil framleis på sjøen, ute av stand til å måle noko som helst. No var ikkje le Gentil den som let motgangen knekkje seg, så han gav seg til i India i åtte år for å vente på neste passasje. Han bygde seg tårn og testa og retesta instrumenta sine. 4. juni 1769 kom, med vakkert ver, men rett før sjølve Venuspassasjen kom det ei stor og tung sky som gav seg til å sperre all utsikt til sola dei tre timane og bortimot 15 minutta passasjen varte. Den arme le Gentil plukka ned instrumenta sine og gav seg på heimveg. Men før han kom særleg langt, vart han råka av dysenteri og måtte vente eit år før han var sterk nok til å dra vidare. Utanfor Afrika kom skipet hans ut for orkan, og det var med nauda dei berga. Då han kom heim etter 11 ½ år, sopande fri for måleresultat, hadde slekta fått han erklært død og plyndra eigedommane hans. (Bill Bryson: A Short Story of Nearly Everything)

Så le Gentil hadde det nok verre, tenkte eg, og oppdaga samstundes winter lettings of holiday cottages. Slik hamna vi i Topsham, fem miles frå Exeter, knappe 10 min. med toget. Topsham er no for eit underbruk av Exeter å rekne, men det er eit faktum ein ekte Topshaminnvånar vel å oversjå. Byen ser ut som ei slags blanding av Røros og fransk/italiensk landsby. Topsham har ei stolt fortid som ein av Englands største hamnebyar, målt i mengde transporterte varer. Ei lite venlegsinna hertuginne sørga for å bygge eit slag hinder over elva Exe, slik at båtane ikkje kom lenger enn hit, Exeter vart liggjande heilt i bakevja, inntil dei fekk bygd seg ein kanal ved sida av elva. Dette tente hertuginna store pengar på. Eg for min del berre brukte pengar på å bu her, men turistsesongen var over, og vi fekk stor rabatt ved å binde oss til tre månader. Shapter Cottage er eigentleg eit slag rekkehus, kjøken og ei lita stove (fire sitjeplassar) i første etasje, soverom og bad i andre, og soverom under taket i tredje. Her var jamvel eit assortert utval bøker, t.d. M. Proust, engelsk dictionary, ”Symptoms, their Causes and Cures”, “Drinking Wine” (will do!), “Household Hints & Handy Tips”, “Erotic Art of the Masters” og IKEA-
katalogen for 2004.




Shapter Cottages 1, 2 og litt av 3.


Ei av bøkene eg fann i huset passa som hand i hanske til hjernekapasiteten min: J. Gurney: The Green of the Spring (a heartwarming saga of love and separation during wartime). 1. v.kr.! Upstairs miss Laura har vore hemmeleg forelska i overklasse-Edward i seks år, men Edward har forlova seg med prestedottera Margaret som arbeider som paid nurse, paid nurse! Downstairs Daisy har late seg forlove med og forføre av fabrikkarbeidaren Arthur dagen før han skal i krigen, men skjønar i det same at ho heller skulle ha satsa på stallguten Will, som i monaleg mismod melder seg som friviljug militær hestepassar. Laura si tante Jessie, spinster på 35 (!), styrer huset for enkemann-bror sin, men kjenner ubrukte, nærast ukjende, talent trengje seg på. Etter noko lesing mintest eg orda til Karius og Baktus: Å, hvordan skal dette gå?
Etter 500 sider og fire år med krig, gjekk det slik: Overklasse- Edvard gifte seg med prestedottera Margaret, og det var eit lukkeleg ekteskap, heilt til tyskerten knerta Edvard. Upstairs-Laura gifte seg med Charles som hemnaksjon for at ho ikkje fekk Edvard, og det vart eit ulukkeleg ekteskap heilt til tyskerten råka Charles og. Downstairs Daisy som hadde late seg forføre av Arthur før han for i krigen, vart gravid. Mor til Arthur ville ikkje vite av henne, for ho hadde oppseda sonen sin så vel at ho var viss på han ikkje ville fare slik åt. (Og her var det norsklærarhjernen gav seg til å lage oppgåver til debatt: Har ei mor som har oppseda sonen sin så vel at han ikkje bryr seg om kvinnfolk kvelden før han skal i krigen, gjort ein god jobb?) Og etter krigen vart Laura gift med veslebror til Edvard som med stort tålmod hadde vaka i nærleiken. Daisy vart gift med stallguten Will som ho eigentleg hadde hatt hug til heile tida. Og spinsteret Jessie, som etter krigen var heile 39 år, vart gift ho og, med ein kanadisk kaptein. Så all is well that ends well, dvs med giftarmål. Av og til er dameromanar nett det ein treng!


Topsham

Dei samanhengande Shapter Cottages ligg i White Street, der dei fleste husa er kvitmåla,naturleg nok.

White street

Gata er så smal at ein personbil berre med nauda kan kome seg gjennom. Inn mot Shapter Cottages er det ein kvit mur med ein smal smijarnsport. Via den kjem ein først til SC 4, der eg av og til såg teikn til busetjing, så til 3, der Henry, 9 år, og mor hans budde, så til 2 der det budde eit ungt par og ein svart hund, dei såg eg lite til, og så til nr. 1, der vi budde. Nr 1 og 2 har frimerkehage, nr 3 og 4 har ein opphøgd, flislagt platting som ser relativt meiningslaus ut. Bakerst i dei små hagane er det ”outdoor utility room” med vaskemaskin. Desse vaskeroma utgjer samstundes eit samanhengande gjerde mot nabo-eigedommen, så vi var altså inngjerda på alle kantar med berre den vesle smijarnsporten som opning mot ålmenta.



I Topsham er det berre små butikkar med smålåtne skilt over eller ved dørene. Det er ein rar, liten grønnsakhandel, ein liten slaktebutikk der folk kan få tilskorne kjøtmolane sine som dei vil, ein ostebutikk med lokale ostar, mange kle- og skobutikkar, ein liten Coop, ein Wine Shop og mange restaurantar og tea rooms. Berre vel fem min. biltur unna ligg det eit stort varehusområde med bl.a. ein Tesco som er så stor at ein norsk supermarknad berre blir eit frimerke, og som held samanhengande ope frå måndag morgon kl. 0800 til laurdag kveld kl. 2200. Likevel verkar det som småbutikkane her blømer og trivest. Og det er ikkje berre Norge som har merkjelege lover når det gjeld sal av rusande drykk. På Coopen står det plakat om at det er forbode ved lov å selje alkoholhaldige varer før kl. 1000 søndag.










Richard's

Kvar halvtime går det tog til Exeter Central i Queen Street. Bortover Queen Street held alle tiggarane og originalane til, mellom anna mannen med dei mest fantastiske dreads eg nokon gong har sett. Det verka som han hadde limt på det som kan sopast opp av laushår med bek og tjøre. Kvar dag sat han på fortauskafé utanfor Boston Teaparty. Queen Street endar ved High Street som er hovudgata, ei forundarleg blanding av ”gågate” og hovudtrasé for alle bybussrutene. Der er Mark & Spencer, Debenham, Laura Ashley og såvore. Går ein High Street ned mot elva, blir gata til Fore Street, og der er alle dei ”alternative” butikkane, alt frå peace til porno.





High Street i Exeter

Ein av dei første dagane i Topsham var eg på guida byvandring. Guiden tedde seg som ein slags bygdeoriginal med svært så påklistra parykk, men det viste seg at han var pensjonert professor i historie og svært kunnskapsrik. Vi var berre tre i gruppa, og han tok oss difor med til heimen sin, i første omgang for å vise oss hagen, men vi fekk etterkvart sjå heile huset. Han budde i det huset der hertugen av Monmouth ein gong stod i vindauga og erklærte at han skulle ta kongeriket frå James 1. Eg kan neppe tru at ein standard professor i UK er så romsleg gasjert at han koste på seg ei slik mengd med drustelege antikvitetar som det var i denne heimen. Og hagen var eit syn for seg, eit epletre stamma i rett line frå det treet Newton sat under då han oppdaga tyngdelova, eit pæretre kom frå Versailles og sagdest vere avhengig av slarv for å trivast. Og herr professor emeritus hadde mange vener i film- og teatermiljø som brukte å kome og sitje under pæretreet og fortelje om siste nytt i sengeleger. Pæretreet trivdest. Då han feira avgangen frå det jamne pedagogiske slit, kunne Kevin Kostner diverre ikkje kome, men han sende ”this sword” frå ei eller anna filminnspeling.


Skilnaden på flo og fjøre sjø i denne nedste delen av Exe River er stor, og området er difor av stor interesse for fuglar av ymse slag. Berre få minutts gange unna hadde vi Exe Estuary der 20.000 ducks and waders, som eg reknar med er ender og vadefuglar, har vinterbeitet sitt. Eg gjekk fleire turar i området og greidde etterkvart å kjenne att fire fuglearter: svane, gås, and og måse. Men eg skjøna etter noko observasjon at and ikkje berre er and, og i alle fall at ikkje alle er av det kvite Duck-slaget. Ender har fjører i ymse fargar, og eg vurderte å lære meg skilnaden på dei som berre er brune og grå, og dei som har ei og anna fjør av gildare fargar. Eg fekk vel ei slags kjensle av at det er kjønnsrelatert, gilde fargar for gilde mannfolk, gråare drakt for kjerringemne.

To-tre minutts gange frå den midlertidige heimen hadde vi den næraste kyrkja. Nedom kyrkjemuren der kan ein setje seg på benkar og sjå utover kanalen.




Benkar ved kyrkjemuren


Ein velståande japanar hadde ein gong lese i ei bok at dette var eit av dei ti mest roande syn i verda, og kosta då på seg ein flytur til desse kantar for å sitje ein heil dag på ein av benkane og skode utover vatn med fuglar og båtar og devonsk landskap på andre sida. Til kvelds tok han siste flyet heim. Og der kunne eg sitje dag etter dag, utan å koste på meg flyfrakta til den andre sida av kloten. Hadde eg gamalt brød, delte eg det ut til endene – og andre fuglar. Men eg merka at det i djupna av sinnet låg ein heil del fuglerasisme. Eg vart heller uglad når
måsen kom og snappa brødbitane rett fram om nebbet til Donald Duck.




Frekk måse

Ein dag kom det ei svane og klengde seg inn på meg, fylgde etter steg for steg med vraltande ganglag. Eg oppdaga at eg likar svaner best når det held seg i fager fråstand, gjerne i pittoreske tjørn. Gjessene heldt seg inne i den del av estuariet som var innegjerda, men eg kunne sjå dei frå plattformen, eller skjulet som er bygd for alle fugleskodarane som kjem herfrå og derfrå. Eg stod der no som eit fåvit, utan kikkert med stativ. Så eg vart aldri i stand til å spotte Brent Goose, men eg lærte meg Canadagås.


Brent, trur eg.



På utflukt.

Det var på grunn av arbeidet til husbonden vi reiste til England, men det vart til at eg og fekk ein liten jobb. 15 elevar frå Trøndelag skulle til Norfolk County på ”pilot prosjekt”, og eg fekk jobben som kontaktlærar og lærar på intensivkurs i norsk og samfunnslære.

Tidleg i oktober reiste eg for første gong til Norwich. I sju dagar skulle eg vere saman med elevane på eit vaksenopplæringssenter downtown. Det var ein fin gjeng som skjøna kva eg meinte då eg sa at to effektive timar kan vere meir lærerike enn fire sløve, og vi fekk verkeleg gjort mykje på kort tid: Språkhistorie frå år 200 til 1800 før lunsj første dagen, norrøn litteraturhistorie etterpå, og så bortetter. Elevane tende på idéen om å dramatisere slaget på Stiklestad, dette gjorde dei i fritida, og torsdag etter lunsj vart eg beden på framsyning. ”Dei stod på Stiklestad, fylka til strid, den gamle og så den nye tid”, bondehæren i svart og kongshæren i kvitt (får vone at dei gnallsure vaskedamene ikkje såg kva lakena vart brukte til!). Kongen hadde papirkrune, våpena var laga av samanrulla flip-over-papir, korset av samanlimte sugerør. Tore Hund planta merket iført svart ACDC-skjorte. Dag med mennene sine stod gøymt bak eit laken i eit hjørne, og storma fram til rett tid. Til slutt døde Kongen med ryggen mot ein standard klasseromsstol. Så stod alle opp frå dei døde for å ta imot applaus, deretter fall alle døde om for å vise at dei hadde lært om gresk tragedie.

Men sjølv om alt gjekk vel og vakkert for seg, var det tungt nok for eit gammalt skinn å dele korridor og bad med 15 tenåringar ei heil veke, særleg når ein har ”red light district” på eine sida og elva med utelivet på ”Riverside” på den andre. Så då eg fredag ettermiddag kom til venninne Ana i London, der dottera hadde vore heile veka, hadde eg lite ork igjen og sov 10 – 11 timar kvar natt. Vi var og såg ”Jerry Springer – the opera” laurdag, elles gjorde eg ingen ”London-ting”, mest utruleg til meg å vere, eg har brukt å renne rundt. Jerry Springer var storveges, men eg forstod ikkje alle poenga. Dei andre i salen lo rett som det var utan at eg skjøna kvifor. Men eg har ein mistanke om at eg kan for lite dirty language.

På reisa frå Norwich hadde eg kjøpt med Daily Mail til tidtrøyte. Dette la eg seinare frå meg på eit bord i stova til Ana, der dottera hennar fekk ein støkk då ho for første gong såg den slags smusslitteratur i mors hus. Søndags morgon skulle eg ut og kjøpe avis til husfrua, og ho insisterte då på å skrive ned ”The Observer” på ein lapp, slik at ho ikkje risikerte at eg kom heim med noko ”right wing, fascistoid shit”. Men, som eg med noko triumf kunne påpeike: Daily hadde ein to siders artikkel mot casino, The Independent, som òg er gangbar der i huset, er for casino og vil ha det til at motstandarane er tilhengarar av ”nanny state”. Og Blair og casino-drift var mellom dei sakene Ana og eg var samde om.

Før eg kjøpte The Observer, og inkje anna, gjekk eg ein tur i nærområdet. Etter å ha passert fleire tyrkiske butikkar enn eg har fingrar til å telje, kom eg til Harringey United Church. ”Open church” stod der, og kyrkjeturist som eg er, meinte eg å sjå innom døra. Der var det som å kome til Afrika, eller kanskje det svarte Amerika, og eg fekk så visst ikkje vere turist på attarste benken. Sjølvaste presten, og fleire med han kom for å ønskje meg velkomen. Der var vel 5 – 6 andre bleikansikt, og det vart storveges til undring då eg openberra at eg kom frå Norway. (She’s from Norway, listen everybody, she’s from Norway!) Etterkvart byrja songen, til fullt rockeband, ingen stillferdige, himmelske harper der, nei. Etter ein halv time tok eg til å spekulere på korleis eg skulle kome meg ut av dette. Heldigvis var det ein del småungar som rende inn og ut av dørene, så eg hekta meg på eit par mødre på ungejakt og forsvann stillferdig. Men om eg nokon gong er lost i London, veit eg ein stad eg kan dra og bli inkludert.



Attende i Topsham

Etter halvanna veke borte, var det godt å kome att til andedammen Topsham, der eg freista å betre formen med brisk walks to gonger dagleg, sunn kost og mykje sløving framom TV. Hadde eg berre hatt ein betre stol, hadde eg sikkert sett endå meir. Det gjekk mykje i dokumentarar, der folk får hjelp til å få orden på husa sine, barna sine, ektefeller, hagar og livet i det store og heile. Noko sosialantropologi ligg det i trash-tv og.

I Devon og Cornwall hadde det vore storstorm medan eg vandra i sola i Norwich. Det var mest synd at eg ikkje fekk oppleve det, ettersom det likevel ikkje var nokon fare for huset her. I Dawlish, på andre sida av Exe, fauk 30 strandhytter på havet, og det meste av sanden på stranda i Exmouth (denne sida) reiste sin veg og og rematerialiserte seg visst i Dawlish. Dette likte dei ringt i Exmouth, men det vart vel vanskeleg for dei å dra over kanalen og hevde at dette er vår sand.

Ein søndag vitja vi Topsham Museum. Vi kom først til skipsbyggingsavdelinga, men der kjende eg meg ikkje heilt heime utan ekspertkommentatorane som eg har hatt med meg på tilsvarande avdelingar i gamlelandet. Trass i velmeint privatundervisning, veit eg enno ikkje skilnaden på bark og brigg. Etterpå kom vi kniplingsavdelinga, og det vart meir ”my cup of tea”. Og eg mintest glade dagar på broderiutstilling på Jøa. Resten av muséet var ein 1600-talsheim, dels i original, dels rekonstruert. Broren til museumsgrunnleggaren var første mannen til Vivien Leigh, så der var og eit V.L.-rom, midt inne i 1600-talsheimen. Eg trur nok det var eit museum meir prega av entusiastiske friviljuge enn av autoriserte konservatorar.

Ein gong vart eg interessert vitne til brannutrykning i Topsham. Brannstasjonen har dei plassert i hovudgata, noko som kunne vere greit nok om det ikkje var for at gata er så smal at ho i reinska tilstand knapt har plass til ein brannbil. Og når det då står parkerte bilar her og der, og eit og anna stillas utanfor eit hus som skal vedlikehaldast, brukar brannbilen så lang tid på å snegle seg gjennom, at ei kjede med vassbytter verkar meir effektivt. Men eg trur Topsham er ein stad der dei gjer slik ting slik dei alltid har gjort det.



Ugrei utrykningstrasé


Første tida vi budde der, dreiv Mark og måla utvendig, lister, karmar og den slags. Vi visste aldri kva dag og tid han dukka opp, så eg hadde persiennene godt og grundig nede på soverommet ettersom eg meinte at å vakne til synet av den grundig tatoverte overkroppen til ein britisk ekssoldat, ville vere å likjast med då Tor såg Midgardsormen. Men omsider vart Mark ferdig, og etter det vakna eg kvar dag til eit rett fagert syn: toppane av to palmer, øvste delen av ein velskapt, kvit gavlvegg og mykje himmel som stendig endra farge utover morgonen. Stundom sat det ein småsporv eller to i toppen på ei palme og nippa, ikkje strå, men nokre klasar av røsslyngliknande slag som voks der. No har eg høyrt at palmene i Sør-England eigentleg ikkje er palmer, men eit palmeliknande treslag. For meg gjorde det liten skilnad.




Ut på tur

Ei helg tok vi oss på tak og drog til Dartmoor, og det vart ”her er det land som hugar meg best, og hit har eg lengta lenge” ved første møtet. Husbonden tykte det minte mykje om Røros-vidda, men eg må seie det var Rørosvidde med svært mykje attåt. Vanlegvis er eg ikkje så begeistra for bilturar, eg må ut av blekk-kassa og snuse og oppleve med meir enn synssansen. Men Dartmoor var gildt, til og med frå bilvindauga. Rett nok må eg seie meg glad for at eg ikkje var sjåfør. Vegane i Dartmoor-traktene er seriøst smale og hangen dei har til steingardar på dei kantar gjer at det ikkje er berre å køyre til sides når ein bil kjem til møtes, det kan dreie seg om å rygge hundremeter etter hundremeter. Ettersom det var første Dartmoorvitjing, hadde eg tenkt å vere til dels innstilt på å ta det som måtte kome til oss, men plan B var å gå litt i Sherlock Holmes sine fotefar, nærare bestemt Hound of Baskerville. Etter noko leiting og hjelp frå ein meir enn oppglødd mann (Roosenbourg-beundrar) ved turistinformasjonskontoret i Moretonhampstead (som elles har delt førsteplass i England når det gjeld talet på samanhengande bokstavar i bynamn), fann vi fram til restane av bronsealder-byen Grimspound. Der kan ein sjå steinmurane til 24 runde hus, så små at om det var familiebustader, måtte dei stable i høgda, det heile gjerda inn av ein durabel steingard i eit slag sirkel. No veit eg ikkje om ein kan snakke om ”eit slag sirkel”, kanskje er det slik at anten er det sirkel, eller så er det ikkje sirkel, men her snakkar vi om ein firkant med svært så avrunda hjørne, så avrunda at sirkel blir neste fase. Her skal det vere at Sherlock Holmes campa i si tid.

Grimspound, Dartmoor

Nærliggande Hound Tor som eg berre såg frå vegen, har vore filmkulissar for både Hound of Baskerville og Jamaica Inn. Rundt Grimspound og alle andre stader vi såg er det Dartmoor-ponniar i søkk og kav. Desse er villponniar i same grad som tamrein er ville, om no dette gjev noko slag meining. Dei lever eit fritt liv, men dei er merka og dei har eigarar. Det kan vere at frittgåande ponniar er ei betre nemning. Eg likar ikkje store dyr vanlegvis, kyr og hestar er ikkje mitt kakestykke (oho – her er vi engelsk-påverka, ja), men Dartmoor-ponniane er fredsæle så lenge ein ikkje prøver å kome på intimt hald. Dei vil på ingen måte klappast, som svar på slik framferd bit og sparkar dei. Men ein kan trygt stå på 10 meters hald og nyte synet av dei fredfullt beitande dyra.

Etter Grimspound drog vi til Merrivale for å sjå the Merrivale Megaliths, som er ei dobbel rekke med oppreiste steinar frå ein gong mellom 2500 og 750 f.Kr. Arkeologar trur at det har å gjere med gravferdsrituale av noko slag, men veit ikkje sikkert. Dette fann vi og takka vere vår ven i M’hampstead, som det står på skilta. Det har seg nemleg slik at fornminna på Dartmoor ikkje er skilta. Dei vil ikkje ha kreti og pleti rennande rundt der, berre seriøse folk som veit å lese kart og bøker. Ettersom eg gjerne vil attende til Dartmoor, kan det nok bli til bate for meg at husbonden fann fleire interessante steinbrot på dei kantar. Han kan gå gjennom kva det skulle vere av hindringar for å kome nær eit steinbrot, som t.d. smale, steinomkransa vegar.







Megaliths




Fugleliv

I starten på Topsham-opphaldet gjekk eg til fuglereservatet på dagtid, men etterkvart oppdaga eg sjarmen ved å gå dit i skumringa. Då flokka dei seg stilt og verdig, ender, gjess og svaner i fredeleg sameksistens, men ikkje fullt ut integrert, og roa seg for natta. Det vart mørkare og mørkare og stillare og stillare. Fuglane inne i byen kvakka og gnall til det hadde vorte godt og vel mørkt. Kanskje reservatfuglar har meir ro i sinnet? Stumdom vurderte eg å bli medlem at RSPB, Royal Society for the Protection of Birds. Så lenge det berre er royalt!





rspb


Det var fleire små tjørn, dammar og ei sakteflytande elv inne i reservatet, og det merkjelege var at innbyggjarane flokka seg tett, men ikkje i same vasskanten kvar gong. Ein kan undrast kva som får dei til å velje eit anna lite vatn måndag enn dei gjorde laurdag? Kanskje er det nokre opinionsdannarar som går føre, og så følgjer dei andre etter? Ein og annan småflokk kunne halde seg for seg sjølv i det vatnet som ikkje var utvald kvilestad for kvelden, men elles søkte dei saman i landsbyliv, slik folk har gjort både i England og i Europa opp gjennom tidene. Skal tru om norske ender også held denne skikken, eller sit dei kvar på si tue og sender ”privat”-signal til omverda?





Ikkje heilt ferdige med kveldsmaten


Eine dagen hadde ein flokk svaner innteke Riverside Walk. Det var med nauda eg våga å gå forbi dei, og den næraste vreid då og svanehalsen sin godt rundt og stirde olmt på meg. Eg veit ikkje om det er nokon andre som har sett svaner gå på asfalt? All ynde og gratie er aldeles borte, og ein grip seg i å undrast på kor langt i hofte-operasjonskøen det arme kreket har kome.








Asfaltsvane

Svane, bli på din sjø, kan ein freistast til å seie, men dette med skomakar og lest er vel helst djupt reaksjonært. Skulle eg ha blitt småbrukar på Sunnmøre, hadde eg no vore nedlagd for lenge sidan. Og sidan vi no tillet om lag kva det skulle vere av sosial mobilitet i menneskeverda, må vi vel og tillate svaner å øve seg på asfaltgonge? Det var ei tid då landsens folk i kongeriket ikkje kunne kunsten å handtere gaffel og kniv, men det kom seg. På ei anna side kan svaner på asfalt også sjåast som ein balansegong mellom toleranse og estetikk. Skal folk få lov til å måle husa sine i den fargen dei sjølve vil? Skal eit norsk bygdesentrum få lov til å vere så stygt at folk freistast til å feste blikket på gulstripa og køyre forbi fortast råd er? Skal svaner få lov til å gå på asfalt?

Ein søndag var eg ein tur til Dawlish, på andre sida av Exe River. Der har dei og føggel, meir eksotisk enn Topsham, må eg nok seie. I Dawlish er det svarte svaner, og så mange ande-arter at eg reint vart motfallen ved tanken på å lære meg alle. Den mest forvitnelege sorten hadde frisyre á la Bjørnstjerne Bjørnson kryssa med puddel.

I Dawlish kan ein adoptere fuglar. Som motyting får ein då eit sertifikat, eit bilete av fuglen og julekort! Eg kunne høyre for meg kvakkinga i andedammen når jula nærma seg: ”How do you spell crismas, do you write an h somewhere, or should it be an x?” Det kosta 10 pund pro anno for and, 15 for gås og 20 for svane. Dette er ein prisskala som eg på ingen måte vil skrive under på. Svaner er aggressive og mannvonde, gjess er gjess og ender er fredsæle skapningar som tek imot almisser med høveleg vyrdnad, dei kan ete frå handa, men mildt og venleg. Aldri om dei går aggressivt til åtak på plastposane som velmeinande fuglematarar ber med seg. Svaner er monaleg oppskrytte, blærete og uvenlege.

“Nature watchers are surely the world’s least bored people, for there is always something of interest about”, skreiv Trevor i Exeter-avisa Express & Echo.



Skolestoff

Eg følgde interessert med i skoledebatt i aviser og på TV. Også i Storbritannia går det nedover med lesekunsten, og heller ikkje der er det full semje om kva tiltak som bør setjast inn. Skolane der blir jamnleg utsette for inspeksjon, av Her Majesty’s Inspectors og den mykje frykta ”full Ofsted Inspection” (the Office for Standards in Education). Ved desse inspeksjonane, risikerer skolane å stryke. Dei blir då sette på ”special measures”, og der er det ikkje godt å sitje. Ein skole på ”special measures” blir inspisert og målt i tide og utide, og må vise både i plan og praksis at dei har tenkt å betre seg. Jamnast må det ein ny rektor til, og kanskje nokre endringar i staben for å få rette ånda. Og rette ånda, ho er som så: “You want everyone to feel involved, but there can only be one voice in giving directions. You can’t have teachers following their own ideas if they conflict with the head’s.” (Education Guardian)

Dette var nye tonar det, tenkjer eg. Ha ikkje andre idear enn rektor! Høyrer eg nokon som ropar ”Yess! Yess! Yess!”? Let there be light!

Når ein skole etter eit par års hardt arbeid endeleg ser vona om å kome ut av ”special measures”, blir det samanlikna med Idol eller X-factor der Her Majesty’s Simon Cowell og Sharon Osbourne sit bak eit stort bord og forkynner dommen, sakte og dramatisk med høvelege pausar: ”….I have to tell you…..that after due consideration and seeing all the evidence….. we are recommending ….. your school ….. be taken out of special measures!”

Charles Clarke, the secretary of state for education dette året, var frå Norwich, og det skulle ikkje undre meg om han har vore i Trøndelag og lagt seg til uhøvelege tankar og tru om pedagogiske spørsmål. I alle fall var han frekk nok til å foreslå at alle skolar bør ta sin del av vanskelege elevar. Det skulle visst bli ca tre pr. skole. Men korleis skal då toppskolane greie å halde seg på topp? Disruptive pupils får halde seg in failing schools, slik brukvisa støtt har vore, meinte dei i Sunday Times. Men det er ikkje lenger berre privatskolar på toppen av skolehierarkiet, ein del comprehensive schools tek no til å blåse dei gamle privatskolane rett kraftig i nakken. Dette er rett nok skolar som ikkje tek inn kreti og pleti, gode skolar, også dei statlege, bestemmer i stor grad sjølve kven som skal få kome inn. Prins Charles og Charles Clarke viste seg elles å vere usamde i skolesaker. Prinsen gjekk ut og undra seg offentleg over kva det var med unge menneske for tida – ”Why do they all seem to think that they are qualified to do things far beyond their technical capabilities?” “Old fashioned thoughts!” fastslo Labour-Charles. “Skire sanninga”, sa prinsen og presiserte synspunkta sine i neste tale. Debatten verka merkeleg kjend.



Mellom innfødde

Ei helg ut på hausten hadde vi besøk av ein son. Då var vi mellom anna på pub-runde i Topsham. Tøffingane tek the Topsham nine, men vi er ikkje tøffe, på oss vart det tre, på to kveldar. På The Passage House Inn var det uvanleg livleg denne kvelden, og livlegare vart det då vi kom inn. Ei jente ved bordet nærast døra greip tak i husbonden, og ein ikkje heilt stødig ung mann kom bort til meg og viste meg at han hadde bilete av George Best på den staselege mobilen sin, og spurde – please – om han ikkje kunne få ta bilete av husbonden og. ”Feel free”, sa eg og gløymde reint å la meg bestikke. Musikken dundra, så det var ikkje så lett å få med seg alt som vart sagt, men etterkvart fekk vi oppklåra at dei trudde husbonden var ein av skodespelarane i East Enders. Vi var også på folkesangkveld på The Globe, interessant, var vel det likaste ein kan seie om det. Vi nytta høvet til å gå i pausen, men, som sagt, interessant!

I Exeter lærte sonen oss pub cricket. Det er slik: Minst to personar går gatelangs i ein engelsk by. Ein spelar først. Vedkomande får poeng som tilsvarar talet på bein i første pub-namn. (Ein treng ikkje gå inn på puben, det er nok å passere.) ”The Swan and Horse” har t.d. seks bein (to + fire), The Duke har to, og så bortetter. Straks følgjet kjem til ein pub som ikkje har bein, som The Globe, går turen til neste dame/mann. Men i Topsham eignar denne leiken seg slett ikkje. Den einaste puben som har bein her, er Lord Nelson. Men dei har den einaste puben som dronninga har vore på, Bridge Inn. Der var ho i 1998 og har visst ikkje vore på pub sidan. Ikkje å undrast over, seier Mark.




Bridge Inn, dronningpuben


Noko anna forvitneleg eg opplevde, var charity wine tasting 11.11. På grunn av datoen rekna med at dei fem punda eg betalte i inngangspengar gjekk til krigsveteranar av noko slag. Forsamlingslokalet Matthew Hall i Topsham var åstaden, eit lokale som kunne minne om meir sømelege forsamlingshus i vestnorske trakter. Meir enn 100 vinsortar var til rådvelde, men det var berre ”pene menneske” å sjå, ikkje noko slag utagerande åtferd. Korleis ville eit ”drikk-så-mykje-vin-du-vil-for-ein-femtilapp”-opplegg ha fungert i eit Bøndenes Hus eller Samfunnshus i heimlandet, undrast eg. Sjølv nytta eg høvet til å smake det aller dyraste, som t.d. dessertvin til 16 pund pr. halvflaske. Husbonden dreiv med meir seriøs vinsmaking, men fann ingenting som var bryet verdt. Eg har ein mistanke om at sjef Jim i Topsham Wines hadde fått ”sjeldne” vinleverandørar til å sponse det heile.

Eg var og ein kveld på framsyning med Topshams Estuary Players som framførte The Beaux Stratagem av George Farquhar. Det var interessant det og, ikkje minst å samanlikne med Holberg. Dottera gjekk i pausen. Eg sat, standhaftig.

Med kvart oppdaga eg Dart Farm som var i gangavstand frå heimen, men vegen var diverre ikkje heilt fotgjengarvenleg. Dette er ein av dei beste Farm Shops i England, med lokal og økologisk mat av ymse slag og mykje anna forvitneleg. Som det stod i Independent on Sunday: ”Everything you could want for a day of retail therapy, rural-style.” Slaktaren på Dart Farm hadde just kome i finalen til prisen for beste slaktar i England. Nett då lengta eg ikkje til Mega-disken heime.

Og så må eg nemne at Topsham er nær himmelen for antikvitetsinteresserte
med fleire små butikkar og stappfulle tre etasjar i Quay House.

Men no er det ikkje berre idyll i en idyllisk småby. Det fanst kjeltringar i Topsham; ifølgje offentleggjort statistikk var det seks tilfelle av tjuveri mellom 1. september og 10. oktober. Og nede i gata kom ikkje julelysa opp fordi ingen ville betale. To år tidlegare vart det samla inn heile 36.000 pund som det vart kjøpt staselege julegatelys for, så staselege at det kostar 3.500 pund å få montert det heile, og no ville ikkje mange nok vere med på å betale for dette. Ei privat gruppe med ein innflytta geolog (etter 20 års butid er folk framleis innflyttarar her) som hærførar sette i gong med å samle inn pengar til mindre staselege julegatelys som det ikkje skulle koste noko særleg å få sett opp. Der stod saka, lenge, og i Topsham var det ikkje ei blinkande stjerne å sjå, lenge etter at alle andre byar tindra og skein. Det ordna seg til slutt, men då var det snart jul! Og vi for heim på lang juleferie.





Topsham frå andre sida av kanalen



Framhald følgjer!