tirsdag 11. september 2012

Veskene mine, ein dokumentar


No har eg altså vorte pensjonist, og eg har så titt lese det at pensjonistar, dei må ha ein hobby. Rett nok brukar eg ein del tid på tradisjonelle kvinnesyssler som strikking, saum, matlaging, men det er no heller dølle greier.  Eg har mange interesser og, men eg veit ikkje om t.d. ei stadig og sterk  interesse for dei engelske Mitford-søstrene, (f. 1904 - 1920) kan kvalifisere som hobby?

I ein svakt opplyst augneblink fann eg løysinga:  Eg kan bli rosa-bloggar!   Ei noko omtala fotball-frue har opplyst ålmenta om at ho brukar deler av føremiddagen til å style dagens outfit, og så tek mannen bilete av henne når han kjem heim, og desse bileta vert lagde ut på bloggen.  Eg trur eg skal nærme meg dette frå ein litt annan kant: Ein rosa-dokumentar om veskene mine. (Eg har rett nok ikkje ei einaste rosa veske, men det var berre snarrådig innsats frå dottera som hindra dette i Stavanger i år.) Eg såg ein gong at Mette Marits vesker vart presenterte og omtala i VG.  Det er vel heller lite truleg at nokon vil omtale veskene mine, så det er best eg gjer det sjølv.

 Eg lovar ikkje å stogge der, det er så mykje eg har sagt at eg aldri skal gjere: gå i korte skjørt, gå i shorts eller "cropped trousers", bruke joggesko på storbyferie, m.m.  Eg er rett som det er open for å ombestemme meg. Det kan bli meir rosablogging. Men interiørblogging blir det ikkje! I alle fall ikkje shabby chique eller rosa jenteromsinteriør, det kan eg love!



Den skal tidleg krøkast, som god veskekrok skal bli!

Den eldste veska eg har teke vare på, er omlag 45 år gamal. Den tida var omgrepet "kjerringveske" noko vi aldri hadde høyrt om. Vi var vaksne frå den dagen vi konfirmerte og hadde sko og vesker deretter.  Men noko som eg oppfatta som vesentleg i det miljøet eg kom inn i på Volda off. landsgymnas, vart at veskene burde vere av ekte  skinn. Vi var ikkje så glade i "man made leather" som ein ivrig skoseljar i London kalla det.( Og jamen klarte han å prakke på meg eit par sko i man made leather for 15 pund. "Perfect for a rainy day", sa han, og det var sanneleg a rainy day i London town denne dagen.)  
Svart 60-talsveske, skinn!


 Og denne veska var altså av skinn, 100%!  Og her let eg meg straks avspore av soga om ei dame på ein ikkje namngjeven stad på Nordvestlandet som hadde fått seg ny skinnkåpe.  ”Men du store min," sa damene som møtte henne på streeten, ”er det ekte skinn?”  ”50%”, svarte dama.

Korleis eg fekk kara til meg pengar til denne veska, og andre omstende kring kjøpet, minnest eg ingenting av. Men det gjekk ærleg for seg! Veska fylgde meg til fest og helgabruk heilt til eg vart blåruss. Alt då viste eg  tendens til den streberske matche-trongen som har vore (og er?) ein del av meg:  som blåruss måtte eg ha blå veske som stod perfekt til den blå, skreddarsydde drakta eg og dei andre jentene i klassen hadde. 

Russeveske, og i ekte skinn, 100%!

Gutane hadde lysegrå dressar. Det var i sanning ei anna tid!  Blå skinnhanskar hadde eg og, diverre med ein lei tendens til å farge hendene blå, endå dei var i ekte skinn!  Åtferda stod i stil med antrekket, heilt sant.  Ein låg ikkje og rulla seg i buskane og spydde i slikt antrekk.

Russeturen vår gjekk til Hamburg og Amsterdam. Her kjøpte eg raud kjole og raud veske – eit slag motvekt til alt blåruss-styret? – og ein hatt som eg berre har vage minne om.  Veska er no litt prega av tidas tann og eit lite barnebarn som tykkjer det er ei retteleg stasveske, men overlevd har ho, sidan 1966!
Russetur-veske, rein plastikk!