onsdag 17. februar 2010

Ørsta frå A til Å, del 29 - Å

Å. Åmdal Ungdomshus


Åmdal Ungdomshus, i daglegtale berre kalla ”Huset” var arena for både vist og gale i oppveksten. Ein inngift slektning, som eg elles set stor pris på, hevdar at dette huset i vide krinsar i grannebygda gjekk under namnet ”Texas”. Han meiner å ha hatt skakande opplevingar der i si spelemannstid. Ikkje ein gong framme på scenen kunne ein kjenne seg trygg når Åmdalsvikingane hadde teke godt for seg av maltekstraktspannet og slo ned den eller dei som stod laglegast til. Dette må i så fall ha vore før mi tid, og kan ein no eigentleg stole på voldingar i slike saker? Eg vart i i alle fall aldri vitne til nokon slagbjørn den tida eg vanka på ”Huset”. Det var nok ein og annan som hadde problem med å setje sjøbein, og det fanst vel dei som bles seg opp og bura aldri så lite, men så vidt eg minnest, stogga det der. No er det sjølvsagt mogleg at det gjekk føre seg eit og anna attom novene som eg ikkje fekk med meg.

Tilgangen til huset var regulert etter aldersbestemte klasser. Så lenge ein enno gjekk i barneskulen, var det møte og basarar ein hadde tilgjenge til. Når ein godt og vel haddde fått ungdomsskulestatus, opna det seg gradvis fleire dører. Då fekk ein først tilgjenge til ungdomsmøta. Desse vart haldne på ein vekedag og var både edruelege og ålvorssame. Det var sakliste og referat, tale eller kåseri, og gjerne eit par sketsjar til å live opp folk med. ”Å ha programmet” gjekk på omgang. Til sist var det folkeviseleik eller gammaldans. Instruktørar frå Norges Ungdomslag kom og heldt kurs i til dømes reinlender med uhenteleg mange turar. Noko slag pardans kunne vel kome føre når det leid på kvelden, men då i sømelege takter. Tango høyrde laurdagskvelden til.

Eg veit ikkje om slike ungdomslagsmøte vert haldne framleis. Det var i alle fall ei framifrå skolering i mellom anna å ta ordet i forsamlingar.

Med konfirmasjonen kunne ein så ta steget over i full ungdomshusstatus, ikkje berre i eige ”hus”, men også i Vikebygda, Hovdebygda og nede i sjølvaste Vik, for no fekk ein begynne å gå på dans! Å, som vi hadde sett fram til dagen og stunda! Det var kanskje dei som prøvde å lure seg til litt før, men gjennomsiktige som forholda var, vart det jamnast ikkje gjort oppatt. Det vart heller å vake litt i nærleiken av Huset i vekene før konfirmasjonen.

I jula stod tradisjonane i kø. 1. juledag utpå kvelden samla gjerne ein del ungdomar seg på Huset for å pynte til fest. Dette var heilt uoffisielt, men jungeltelegrafen gjekk. Så var det høgtidssam ungdomsfest 2. juledag med ålvorssam tale, kaffi og kaker og gang kring treet. 3. dag jul var det barnefest. I åra før bedehuset vart bygt, møtte, så vidt eg veit, heile skulekrinsen opp til barnefest. Tale var det då òg, og ein av skule-ungane fekk lese jule-evangeliet. Eit år var eg den utvalde, og eg ser det så klart for meg: Gul, rundklipt taftkjole med kvite fløyelsprikkar, svarte lakksko og eit fast grep rundt Nytestamentet.

4. juledag var det skalkefest, og då kom liksom synda inn i verda att. Underhaldninga på denne festen var jamnast eit spelstykke. Dyktige amatørskodespelarar har det vore godt om på Åmdalen, så det var store forventningar. Det hadde vel opphavleg vore slik at ein åt ”skalkane” frå 2. og 3. juledag denne dagen, men etterkvart var det nok ikkje tørrkake-eting som var sentralt på desse festane, det var gjerne ein tendens til meir lettflytande føde. Dans var det òg, pardans!

For eigen del må eg tilstå at Samfunnshuset i Volda nokså snart danka ut Huset frampå Dala. Sjølv hadde eg ingen som helst slags tankar om kva det skulle bli av meg etter den obligatoriske ungdomsskulen. I eit etter-konfirmasjonsselskap i Bjørdalen, hadde så inspektør Elias ved Ørsta Ungdomsskule tilrådd foreldra mine å søkje meg inn på økonomisk gymnas. Slik vart det, og ære vere han for det, det vart gode år. Men festlivet mitt vart i stor grad flytta frå Huset til Samfunnshuset. Mi tid ”heim på Husa” vart kort og hektisk.

Ørsta frå A til Å, del 28 - Ø

Bokstaven Ø kan sjølvsagt stå for Ørsta, sjølvsagt kan han det. Men eg får ei kjensle av å hoppe etter Wirkola, eller meir presist: etter sambygdingar som Ivar Aasen og Anders Hovden. Så eg skriv heller om øl. Øl er ikkje kva som helst handelsvare i ei bygd som Ørsta, ølet kan lett finne sin plass i følgjande definisjon av kultur, sitert frå bokmålsutgåva av læreboka Torget (samfunnslære):


Kultur er noe vi lærer.
Kultur er noe mennesker har sammen.
Kultur er noe som forandres over tid.
Kultur er noe mennesker strides om.

Ein kan i alle fall trygt seie at øl i Ørsta er noko det har vore strid om. Sjølv er eg ingen ølhund, men eg har i alle fall registrert at det no er øl å få i butikkane i Ørsta og. Ja, denne samarbeidsregjeringa, eller Bondevik-regjeringa, sanneleg har dei fått opna kranene. Pol i Hovden og ølsal i Ørsta, bygda som i min ungdom hadde eit gjerde tvers gjennom spisesalen på hotellet for å hindre ørstingane i å kome i kontakt med øl, og det som verre var.

Det var ein gong målsak, fråhaldssak og venstresak gjekk i hop, men det går visst att og ned med heile alliansen. Den første gongen eg vitja dei nynorske festspela ved kultursentret, vart publikum stendig mint om at amfi-området ikkje skulle tilsjaskast med rusande drykk. Sist eg var der, vart publikum beint fram oppmoda til å ta med seg glas og flasker frå baren til amifiet i dei mange og lange pausane i underhaldninga.

Nynorsk kultursentrum
Og kva verknad har så dette på den gamle ølbryggjingskunsten, nedervd gjennom generasjonar? Det veit eg sant å seie ikkje, og heller ikkje veit eg om denne heimebryggjinga alltid var så stor ein kunst, det var vel meir som eit slag husflid å rekne. Nordfjordingar har alltid gjeve seg betre tid til kunstnarlege syssler enn sunnmøringane, så der dreiv dei visst med bryggjing av dei meir kunstferdige slaget.

Dette var vel helst å rekne som profesjonelt utstyr for dei med ambisjonar.

Ølbryggjing var ei heilt og fullt kjønnsdelt sysselsetjing, så eg har berre andrehands opplysningar å kome med, men noko av det må vel seiast å kome frå godt informerte kjelder.

Kor mange nykonfirmantar har ikkje teke med seg ei meierispann og høvelege mengder gjær og sukker og gøymt det heile i ei utløe eller i skogen ein stad, godt ute or augnesyna. Det var sjølvsagt ikkje berre å rane spiskammerset til mor for det ein trengde av sukker og gjær, nei her måtte ein fare varsamt fram, gjerne vere fleire i lag og få tak i litt her og litt der.

Og så var det å vente i spaning ei veke eller to til den illeluktande gjærsupa kunne testast. Her måtte ein heve seg over bouquet og aroma, skulle ein gje seg til å lukte før ein smakte, kunne ein reint miste modet. Det einaste interessante var: verka det? Ut frå det ein no veit, skal innstillling og forventning ha mykje å seie for rusopplevinga. Dermed kan det vel vere at modet stundom voks noko i utakt med alkoholprosenten.

Det vart sagt at om det var kvalitetsbrygg, skulle ein kunne lese Møre-Nytt gjennom ølglaset. Eg veit ikkje om det hende så ofte.

Men rett som det var, vart heimebrygget sanneleg sterkt nok. Ein og annan forvilla austlending har nok smerteleg fått røyne at det ikkje berre var å hive innpå tre-fire halvlitrar og vere godkar etterpå. Elles var det gjerne romsleg emballert det ein tok med seg på laurdagskvelden, ei femliters plastkanne var rekna som ei høveleg bør. Venteleg skulle ein då vere i stand til å by andre på ein smak attom nova på eit eller anna Hus.

Slik kan det gå om ein driv med ovdrikking!

Ørsta frå A til Å, del 27 - Æ.

Æ. Ætt.

Då eg gjekk i fjerde klasse på Brautaset, fekk læraren oss til å skrive ættebok. Vi tok til i midten av ei skrivebok, og så gjekk farssida ein veg og morssida den andre. Ho Besta på loftet vart flittig rådspurt, og mange sider vart fylte. Det mest eksotiske eg kan minnast at eg kom over i dette arbeidet, var ein som kom gåande frå Austefjorden og fann seg kjerring på Vatne. Det skulle visst elles ha vorte fort bestemt, dei tok seg ikkje mykje tid til å kjenne etter om det var den store kjærleiken når ei enkje og ein kjerringlaus mann møttest så høveleg. Elles var det ørstingar og ørstingar, frå forskjellige grender, rett nok, men det verka ikkje som nokon hadde vore ut or bygda nokon gong. Eg var hjartans misunneleg på Inger som hadde slekt heilt oppe i Nordland. Lærar Simon tok av eigne pengar og premierte ættebøkene våre, tre kroner var 1. premie, to kroner andrepremie og ei krone tredjepremie. Eg, og mange med meg, fekk tredjepremie. Førstepremien gjekk til ei som var i slekt med Berte Kanutte Årflot, og såleis hadde rike kjelder å ause av.

Det vart med dette dykket i ættesoga for min del, sidan høyrde eg knappast etter når dei vaksne hadde slektsprat føre seg. Begge besteforeldra mine på farssida kom frå store syskenflokkar og hadde syskenbarn i søkk og kav, så av tre- og firmenningar har eg langt fleire enn eg veit om. Då eg kom på ungdomsskulen og fekk fleire kjenningar, kunne dei heime alltid fortelje kven eg var i slekt med og korleis, men det var så mykje anna å vere oppteken av, så eg la det sjeldan på minnet. Så no sit eg her, som eit fåvit i ættesoge.

Det har nok lege djupt i menneskenaturen det å halde greie på slektsband. Sjå berre på dei lange ættetavlene i Bibelen og i dei islandske ættesogene. Hos mange urfolk er og det å kunne halde greie på mangslungne slektsband ein del av den nedervde kunnskapen. I vår tid har vi meir eller mindre profesjonelle slektsgranskarar og bygdebokskrivarar til å ta seg av slikt, så kunnskapen kjem no ikkje reint bort heller, om mange med meg let vere å lære denne leksa i unge år.


Vatne i gamle dagar, her ættar eg frå.
”Stor arv det er for mannen av godtfolk vera fødd”, står det i songen. Baksida av den medaljen i ei tid som heldt nøye greie på slektsbanda, kunne vere at det kjendest heller stussleg å ikkje kome frå godtfolk. Var ein av ei ætt som ikkje var rekna mellom dei ”gode”, vart gjerne stempelet hengande ved. Mang ei svigerdotter eller svigerson fekk vel merke at ho eller han ikkje kom frå godt nok folk, tenk berre på alle forteljingar og romanar om storkarsguten, eller odelsjenta, som gifte seg under sin stand. Så det er vel ikkje alltid slik at det gamle er godt. Eg kan vanskeleg tenkje meg ei svigermor no for tida som går tre-fire ættled attende på leit etter dårleg arv. Og om nokon skulle gjere det, ville vel neppe svigerkandidaten ha teke det på alvor.

Ein kan elles gje seg til å filosofere over kva ”godtfolk” eigentleg er. For meg held det lenge at eg har trufaste kvardagsslitarar å stydje meg på. ”Godtfolk” treng slett ikkje vere ”storfolk”.

Ørsta frå A til Å, del 26 - Z.

Z. Zansibar med meir


Ein absolutt håplaus Ørsta-bokstav. Fjernsynet hadde knapt kome til bygdene, og dei kvikke ungdomsprogramma med overforbruk av bokstaven var lysår borte. Men kva hadde vi ikkje i staden: Ønskekonserten! Visst finst vel restar av ønskekonserten enno, ørsmå smular. Eg snakkar om den gongen ønskekonserten samla landet, då vi i pubertet, og tenår og kanskje langt lenger ut i år og alder tålmodig leid oss gjennom både barneplater og salmar før Svanhild Mundheim, eller kven det no kunne vere, langt om lenge kom til slagerane. Og blant slagerane kunne t.d. Zansibar vere. ”Men Zansibar, hvor er nå det”? Ja kvar i alle dagar var no dette Zansibar, eller Pigalle, Baltimore eller Shanghai? I alle fall ikkje fram på dala vårå! (Eg må elles seie at eg undra meg noko over denne dama som måndag etter måndag spurde ut i eteren kvar Zansibar var. Hadde ho ikkje tilgjenge til atlas?)

Zanzibar, her er det, rett utom Tanzania, ikkje så vanskeleg å finne!

Det vart vel sådde nokre lengselsfrø både gjennom Ønskekonserten og gjennom ukeblada, sjølv i bygda hans Ivar har eg ikkje høyrt mange som seier vekeblad, sånn til kvardags. For gutar som ønskte seg ”over de høye fjelle” var det alltid ei von den gongen, norske gutar kunne framleis reise ut til sjøs, men eg veit ikkje om mange som faktisk gjorde det. Verda der ute fekk framleis vere ein draum i tangotakt eller på glansa papir.

Bladet ”Det nye” tok til å kome ut då min barndom gjekk mot slutten. Her fekk vi til gagns slege fast kor aldeles utanfor verda vi var. ”Verda” var rundt rekna i Oslo, berre sommarstid fekk Reiseradioen oss til å skjøne at verda også kunne omfatte Hamresanden, Helgeroa og den slags. Men vi fekk aldri noko slag kjensle av at Åmdalen var med.

Ein kar som var med og lyste opp løypa som barst frå heimegrenda og ut i den store verda, var Donald Duck. At dei i Andeby gjekk bukselause og hadde nebb og stjert, var ikkje noko eg undra meg over, heller ikkje at onkel Skrue bada i pengebingen. Men elles var det åtferd som nærast sette støkk i meg, mellom anna at dei dreiv og baud inn til ”kom-som-du-er-selskap”. Eg var van med at folk flidde seg når dei skulle frå garden. Om einkvan skulle fare ned på Samvirke i fjøskleda, ville vel gysjene breie seg som flodbylgjer over større vidder enn Søre Sunnmøre. Når far grov veiter, var han ikkje nett kledd som ein stasbonde frå nasjonalromantikken. Og så gjekk dei altså omkring i Andeby og baud inn til ”Kom-som-du-er”-selskap! Ein annan skikk dei hadde, var å drikke ”saftogvann” i staden for det som var brukvisa heime, rett og slett saft. At denne safta skulle blandast, helst rett dyktig utspedast, med vatn, var så sjølvsagt at eg var reint ute av stand til å fatte at det skulle vere naudsynt å henge på ”-ogvann”. Dei hadde vel tungt for det i Andeby.

Ørsta frå A til Å, del 25 - Y

Y. YA


Såkalla fritidstilbod hadde vi som før nemnt fint lite av, men ei tid var vi velsigna med noko som vart kalla YA. YA stod etter det eg minnest for ”yngres avdeling”, men avdeling av kva? Det skulle eg gjerne ha visst. Noko kristeleg og ålvorssamt var det i alle fall. Ei velmeinande dame gjorde sitt yttarste for å få oss med i den rette kristenfolden. Etter det eg minnest, song vi oppbyggjelege songar og høyrde på bøn og tale. Vi vart ikkje lokka korkje med søtvoren servering eller ungdomsvenlege ”aktivitetar” av noko slag. Men vi kom, venteleg fordi vi hadde slikt å gjere. Det var ein stad å møtast, dette òg. Kanskje hadde vi hyggestunder i den oppvarma skulekjellaren, men det eg hugsar best er då vi, eller nokre av oss då, ikkje viste oss frå vår mest samarbeidande side. Ein av dei mykje brukte songane var ”Bli med, bli med til livet”. Ein modig maur erstatta den opphavlege teksten med den heimegjorde ”Bli med, bli med, bli med, bli med, bli med, bli med, bli med”. Dei modigaste av oss hengde seg på, og så hadde det vorte som ein sensasjon den veka og.

Etterpå var det dei lange kilometrane heimatt, til fots som vanleg. Kan dagens oppveksande slekt fatte dette: Til fots i sludd og mørkre to-tre kilometer til ein heller lite oppstasa skulekjellar der vi fekk synge åndelege songar utan tonefylgje og vart velsigna med nokre gudsord som vi knappast høyrde etter, og så til å gå den lange vegen heim. Vel kunne vi stundom falle i den synd det var å lage eigne vriar på sømelege kristensongar, men elles trur eg ikkje vi gjorde så mykje ugagn. Slik var livet, og vi var ein del av det.

Når eg tenkjer på kulturtilboda mine barn har hatt, t.d. sjansane til å dyrke interesser innan musikk, dans og drama, kunne eg reint teoretisk gje meg til å bli sjalu og misunneleg. Men ”det ein ikkje kan få, nyttar det ikkje å tenkje på”, som han sa Fanten i soga om Fanten og kjerringa (han som gav seg til å koke supe på ein spikar). Slik var det på bygdene den tida, dette var det som forma oss, og alt var i beste meining. Vi hadde ikkje undervisning, men vi song, t.d. den omframt lagnadstunge songen om Gale-Truls (”Han bodde der oppe på ville fjell,..), vi song jamvel tostemt, utan nokon gong å ha høyrt om harmonilære. Vi kunne våre tre grep på gitaren, og dei meir framtøkne av oss nytta jamvel septim! Vi fekk lov til å opptre på ungdomsmøte og basarar, og vi slapp å kjenne oss samanlikna med hyperstyla superstjerner. ”Count your blessings”, seier dei i framande land. 50-åra var vår tid, 10-åringane på tidleg 2000-tal kan ha sitt å stri med som vi slapp.

mandag 15. februar 2010

Ørsta frå A til Å, del 24 - X.

X. Den ukjende


Bokstaven X står, som så mange matematikkelevar så smerteleg erfarer, for det ukjende. Og ukjent det var det meste i grendene våre. Eg var ein retteleg lesehest som barn, og mange mysterium vart ikkje oppklåra før eg var godt og vel vaksen. Med unntak for ein del av bøkene frå Norsk Barneblads Forlag, var det sjeldan handlinga i bøkene gjekk føre seg på stader som kunne minne om småbrukarmiljø på Sunnmøre. Dei hadde lysthus i bøkene og buksbomhekk og rhododendron. Det siste uttala eg for meg sjølv med trykk på andre staving og tykte det var eit støvandes ord. Eg forstod vel at det refererte til noko som høyrde til planteriket, men eg hadde vanskeleg for å sjå for meg ein vekst som fortente slikt eit suggererande namn. Og fascinasjonen frå barndommen stod ikkje over møtet med røyndommen. Ein levande rhododendron vart berre ein bleik atterglans av fantasibiletet.

Rhododendron, heller kvardagsleg, spør du meg.

Og lysthus – aldri om eg skjøna noko meir enn ar det var eit slags hus i ein velstelt hage. Lysthus, eit hus der ein kunne gjere det ein hadde lyst til? Eller eit hus der ein sat og såg lyst på livet? Kanskje både det eine og det andre? Det var så lite illustrasjonar i barnebøkene før i tida, så det gjekk år og dag før eg så å seie fekk syn for segn.

Lysthus, i noko meir rufsete miljø enn det eg fekk inntrykk av i bøkene.

Det hende og at det forvilla seg ein og annan utlending fram på Dalen. Aud og eg fekk ei skrekkoppleving ein gong ein bil med framandvorne skilt stoppa ved oss, og ein mann peikte nedover Dalen og sa ”osta, osta”. Vi sprang det vi var gode for medan vi såg for oss alle dei pinslene ein framandkar som ikkje ein gong kunne snakke reint, måtte vere i stand til å påføre oss. Det gjekk mange år med mental bearbeiding av denne fårefulle hendinga før eg skjøna at mannen rett og slett ville ha stadfesta at han var på veg til Ørsta. 


Men eg opplevde og tryggare og meir udramatisk kontakt med utlendingar då det viste seg at eg rett og slett hadde slekt i utlandet! Ein fjern slektning frå Ålesund hadde utvandra til Esbjerg, altså utom grensene til fedrelandet. Andre kunne skryte på seg Amerika-slekt, men utland var utland, var no mi oppfatning av dette. Eg hadde vel knapt visst om denne slektsgreina før den dagen ho Anna frå Mauseidvågen kom med danskar til gards, utlendingar altså, som sat i stova vår og drakk kaffi! Far leigde han Pe-Per til å køyre dei opp Vatnesvingane og nedatt, og for ei glede det var å sitje der og kjenne seg på trygg heimebane medan framandlandsdama reint bleikna vekk av skrekk.

Utsyn frå oppe i svingane

At den vesle jenta frå fremst fram på Åmdalen seinare skulle overnatte på Weisses Rössl am Wolfgangsee (ønskekonserten), eller am Weissen Rössl, om ein av tysklærarane mine framleis skulle vere lesefør, handmate kenguruar i Australia, gå gjennom Checkpoint Charlie, vitje Auschwitz og Sachsenhausen, stå på Speakers Corner i London, vitje gruvedikstrikta i Wales, Anne Franks hus i Amsterdam, lære seg prutekunst i Arab District i Singapore, nei det har så storlegen overgått det eg kunne finne på å tenkje meg. Verda i bøkene var ei, heimeverda ei anna, og ein hadde vel ikkje så mykje von om at dei to ein gong skulle møtast.

Ørsta frå A til Å, del 23 - W

W. WC, eller tvert i mot


Dette er igjen ein av dei vanskelege bokstavane, både i leseboksamanheng og i bygdehistorisk samanheng. I bygdene på Sunnmøre var det lenge fint lite bruk for denne bokstaven, men den anale daninga henta oss inn: vi tok til å få WC, i staden for do i fjøset! Vi fram på Åmdalen var nok ikkje dei første i dette kapplaupet, dei ”nedi Vik” gjekk vel føre her som med så mykje anna. Vi heldt oss til det tilvande i lengste laget, do med umiddelbar tilknyting til fjøsen, einseters eller fleirseters alt ettersom.

Heime hos oss hadde vi einseters, så einaste von om selskap der, var rottene, som eg sant å seie aldri vart fortruleg med. Men eg vitja ofte tante på Krøvelen, og der var det fleirseters av gamle slaget med utgang i det fri. Eldste syskenbarnet mitt der kunne, om no sanninga skal fram, vere noko vidløftig i unge år, og ho imponerte meg storleg då ho utan vidare klatra ned doholet, fann fotfeste på indre mur og tok seg derfrå ut i friluft utan å få skit på føtene. Eg gjorde henne det aldri etter.

Meir romantisk utgåve av utdoen enn dei vi var vane med.

Det er ei kjend sak, til forundring for mange menn, at jenter – i fleire aldrar – gjerne går på do saman. Slik var det og med Aud og meg, før i tida. Etterkvart vart vi buande i kvar vår landsdel, så då vart det mest praktisk at vi gjekk kvar for oss. Om vi ikkje vart hefta med så mange forbod før i tida, så var det no ein og annan freistnad på oppseding. Do frami Pettergarden var som brukvisa elles i tilknyting til fjøsen. Aud og eg hadde fått oss sydde kvar vår kordfløyelsbukse med nokre urimeleg vrange selar på. Skulle vi på do, måtte vi inn på kjøkenet til Anna og få hjelp med desse selane. Ein dag hadde vi nett fått brødskiver med sukker på, då ei av oss kom på at vi skulle på do. ”Nei, de må ete opp først”, sa Anna, ”de kan ikkje gå på do medan de et”. Å, ikkje det? Dette var ein ny og interessant kombinasjon, ikkje mindre interessant no då han var forboden. Vi gøymde skivene mellom kunstgjødselsekkane i Petterfjøsen og venta ei rimeleg lang stund før vi gjekk inn til Anna og bad henne hjelpe oss med bukseselane. Og så var vi klare til å gjere ”ubyde”, medvite og planlagd synd! Vi henta sukkerskivene attom gjødselsekkane, sette oss på do og åt - utan å verte oppdaga!

Elles var no dei gamle skuledoa ei sak for seg. Dei to eg opplevde, Bjørdal og Brautaset, var skorne over same lest, eit til jentene, eit til gutane og eit til læraren. Slik eg minnest desse byggverka, var dei ikkje særleg påkosta, snødrevet og nordavinden heldt dei om ikkje anna på ein viss fråstand, men elles var det enkel standard. I heldigaste fall hadde fjølene krympa litt, slik at det vart ein liten sprekk som kunne utvidast til kikarhol, anten ein no ville kike ut eller inn, eller til det motsette kjønn. Elles hugsar eg at taket på skuledoen i Bjørdalen vart brukt som opphaldsstad i friminutta. Nærleiken til meir avkledde aktivitetar, inspirerte nok dei største gutane til å fortelje ”stygge” vitsar. Diverre – eller heldigvis? – er eg ikkje i stand til å kome på ein einaste ein.  

Ørsta frå A til Å, del 22 - V

V - Vatnevatnet
                                           Vatnevatnet

Det er ikkje så sant som somme vil ha det til at folk, og deriblant foreldre, hadde så mykje meir tid før. Mange av foreldra våre sleit med tungdrivne gardar og gjerne noko attåtarbeid eller turar på fiske for få endane til å møtast. Noko av barnepasset såg dei seg difor nøydde til å overlate til høgar makter. ”Herre, tag i din sterke hånd barnet som leker ved stranden”, skreiv Bjørnson, og det må vere om lag slik dei har tenkt dei som slepte oss på rakedis. Som ei røynd og klok Vatne-kjerring sa: ”Dei leitar seg nok heimatt når dei svelt”. Dette var ikkje uttrykk for likesæle, skulle kjerringane få unna alt dei hadde å ta hand i på garden, kunne dei ikkje renne grenda rundt og passe ungar.



Vatnevatnet låg der, stort og spanande. Vinterstid var det jamnast islagt, i alle fall er det slik eg hugsar det. Då var ein regel grundig innprenta: ”Pass dykk for osen”. Elles var det fritt fram. Var det skikkeleg tjukk stålis, kunne søndagene vere reine stemna, med bilar, traktorar og til og med noko så utruleg som seglfly. Men ettersom eg ikkje hadde skeiser, og langt mindre kunne gå på slike, vart det nok aldri eit islagt vatn som gav meg beste minna, då med unntak av sparkturar med mor til tante på Krøvelen. Med isbroddar og spark vart den elles dryge turen for ei feststund å rekne.

Krøvelen

Men det likaste var å vere ute og ro i Gjerde-båten! Inger og eg var flittige med det ei tid. Redningsvestar var den gongen noko som berre fanst i kasser på Hurtigruta. Vårt redningsutstyr var eit ausekar, som vi rett som det var fekk bruk for. Først og fremst var det om å gjere å sjå etter om nygla var i nygleholet. Om så ikkje var tilfelle, ville vi alle fall oppdage det så tidleg at vi hadde von om å kome oss i land att. Men det at vi rodde Gjerdebåten tvers over Vatnevatnet, utan redningsvestar og utan å kunne symje noko som var noko, det trur eg korkje vi eller foreldra våre såg noko faretruande i. Stundom kunne vi ta med oss ein bunke blad i båten, ro oss godt utpå, legge inn årane og ligge der og duve og lese blad med himmelen som einaste utsikt. Ein periode fekk vi for oss at leksene skulle gjerast på andre sida av vatnet, i nærleiken av ”Himmel-Iver”-hytta. Då rodde vi oss og skulebøkene over, skreiv våre stilar og rekna våre reknestykke, og rodde tilbake. Vi var i alle fall ikkje umaksredde.



Den store attraksjonen ved Vatne-vatnet var Sanden. Nakkestranda hadde ikkje retteleg vorte oppdaga på den tida. For oss som ikkje visste betre, var dei framifrå badestrand , det er merkeleg kor Sanden har krympa i seinare år. I middagskvilda i slåttetida var det å hive seg på sykkelen og kome seg fortast råd til Sanden. Etter som tida for middagskvil så å seie var regulert ved lov (middag kl. 12.00, kaffi med ”oppstadsod” kl. 13.30), var ein alltid viss på å finne andre ungar der. Men var det vakse folk på Sanden i vekedagane, var det nok hyttefolk, ei heilt anna rase det enn oss fastbuande, vakse folk som låg på luftmadrass i slåtten. Nei, var det seg likt.


 
Eit år hadde einkvan funne på at også ungane som sokna til Vatne-grenda burde lære seg å symje. Det må vel ha vore eit slag kommunalt velferdstilbod, for eg kan aldri tenkje meg at foreldra våre skulle kome på noko slikt. Ei dame frå sjølvaste Ålesund by var innleigd for å stå for opplæringa. Ho hadde med seg sonen sin som var omlag på alder med oss, så i tillegg til innføring i symjekunsten, fekk vi og møte ein ekte bygut, frå Nørvegata, om eg ikkje minnest feil.

Kva element som var kaldast, luft eller vatn, skal ikkje seiast for visst, ei hustrig oppleving var det i alle fall. Først tørrsymjinga på land, og så ut i 10 – 12 grader for å praktisere. Symjekunsten vart ein av mange idrottar eg aldri heilt lærte å elske.

søndag 7. februar 2010

Ørsta frå A til Å, del 21 - U.

U. Ungdomsskole


Ungdomsskulen var framleis på forsøksstadiet den tida, og heitte Ørsta linedelte ungdomsskole. (Kanskje er det ikkje lenger så mange som veit at kommunane Ørsta, Sykkylven og Malm var dei første som prøvde ut dette skuleslaget?) Vi hadde framleis eksamen i sjuande klasse den gongen (1961) og i tillegg IQ-test (som vi aldri fekk vite resultatet av – er dei arkiverte ein stad?), og ved hjelp av alt dette vart vi plasserte på høvelege ”liner”. Eg hamna på ”gymnasførebuande line med tysk”, venteleg den lina som var spesialdesigna for ”klokehaud”. Å ta til på ungdomsskulen var ein stor overgang frå den vesle, trygge Brautaset-skulen, men erfaringane med handarbeid på Åmås og husstell ved Velle skule hadde herda oss; vi var kampklare. Vi fem jentene hamna i forskjellige klasser, men let oss ikkje slå ut av den grunn. Eg vil tru at nokre av lærarane ved ungdomsskulen kunne tenkje seg at vi var noko meir beskjedne, fleire av oss. Og til dei som trur at ungdommen er så mykje verre no: Det er ikkje alltid sant. I alle fall var det meir anarkistiske forhold ved Ørsta linedelte ungdomsskule i mi elevtid enn det nokon gong har vore ved dei skulane der eg sidan har vore lærar. Noko kom vel av den enkle grunn at skulen var på forsøksstadiet. Nokre av lærarane var vane med den ”gode”, gamle realskulen og ville helst halde fram som før. Andre var vel opptekne av nye idear som ikkje alltid var like lette å setje ut i praksis. Ungdomsskulen hadde nok rett og slett ikkje funne si form den gongen. Dei fleste episodane er det best å forbigå i det stille, for ikkje å ”bere utøve” noko om folk som helst vil ha fred. Det kan no vere ein og annan av dagens samfunnsstøtter som ikkje var heilt ugagnsfri. Men eg kan nemne at det kom klager frå barnehagen over vegen på at elevar i klassa mi hang ut av vindauga og røykte i timane.

Sjølv hadde eg sett meg føre å gjere ettertrykkeleg ende på klokehaud-stempelet og gjekk inn for saka med liv og lyst. Det var eigentleg grei skuring, det var berre å sabotere timar så vel som heimearbeid. Å gå frå M til G viste seg å vere lettare enn å stele snop frå små-ungar. Men så heilt og fullt ut modig var eg ikkje, eg let ikkje frekt og freidig la vere å levere stilar, noko lite vart oftast krota i hop i siste liten. Slik hugsar eg så levande at eg sat og smurde i hop noko om ”Dei viktigaste bærslaga våre og korleis vi nyttar dei” (inspirerande oppgåve for ein 14-åring!) ved stovebordet heime, med radioen på og to venninner utolmodig ventande. Vil ein unngå å bli kalla klokehaud, kan metoden tilrådast.

Når ein no hadde sett seg føre ikkje å følgje med i timane, måtte tida fyllast med eitkvart anna om ein ikkje skulle orionast (eit uttrykk eg lærte oppi Nakkja, men eg har uklåre førestellingar om etymologi og eksakt tyding). I nokre timar kunne vi prate, heller usjenert. Læraren heldt på med sitt langt der framme på tavla, og vi dreiv med vårt. Ei påske hadde ei jente i klassen vore på Nerlandsøya – eller ei anna øy – og atskillige timar gjekk med til å fortelje utførleg om liv og lagnad der ute i øyane, ikkje minst om dei gildaste mannespirane. Alle lærarane var ikkje like romslege med omsyn til private samtalar, men når vi ikkje kunne snakke, kunne vi alltids skrive. Å sitje og skrive i ei grå kladdebok var akseptabel syssel. Ei klassevenninne og eg (her nemner eg igjen ikkje namn, særleg ettersom vedkomande høyrde til dei beste familiar i sjølvaste sentrum av bygda) fylte fire tjukke kladdebøker i løpet av 8. klasse. Ein kan undrast over om ikkje all denne kreativiteten kunne kanaliserast inn i ordinært og legalt skulearbeid?

Ørsta frå A til Å, del 20 - T

T. Trim og trening


Det fanst fedre med bilar den gongen og, knapt mødre. Men bilen vart ikkje lufta i utrengsmål, og slett ikkje for å skysse ungar. Ungar som ville utom heimeledet, fekk gå eller sykle, slik brukvisa støtt hadde vore. Og vi gjekk! ”Trening” var eit heller ukjent omgrep, lite visste vi at det var omfattande grunntrening vi skaffa oss med all denne renselen.

Dei første skuleåra hadde eg venene i Bjørdalen. Der var det greit å ferdast, sjølv ein mørk haustkveld, når ein då berre hadde kome seg gjennom den skræmelege Tjukkeskogen. ”Aldri redd for mørkets makt, stjernene skal lyse”, står det i salmen, men eg må seie eg rett som det var hadde med stunder med anfektelsar over sanningsinnhaldet i denne strofen. Når ein åtte-åring stod aldeles åleine i Tjukkeskogen ein hustrig oktoberkveld, då verka ”mørkets makt” temmeleg uovervinneleg. Og det kunne vere langt mellom kvar gong det var stjerneklårt.

Seinare vart eg meir vidforig, men det stod ikkje på så lenge eg hadde lag. Var det noko i emning, i skulekjellaren eller på Ungdomshuset, så gjekk vi, endå om det mest spanande vi kunne ha i vente, var lysbilete av ein halvnaken afrikanar som enno ikkje var frelst. Var dei frelste, hadde dei skjorte på. Hadde vi høyrt rykte, ja, kanskje til og med ved sjølvsyn fått openberra, at det fanst kjekke gutar på Åmåsen, gode sju kilometer unna, så gjekk vi med det føremål å få granska saka nøgnare. I beste fall var dei ute og gjekk dei òg. Eit par gonger gjekk vi i flokk frå Vatne og ned til Vik på kino, men då kosta vi på oss buss heim. Det var mest ikkje måte på kor mange kilometrar ein kunne gå i lystig lag. Men den siste biten, frå Vatne og oppå Eidet, som eg ofte gjekk åleine, den var alt anna enn lystig. At det skulle køyre skumle menn rundt i bil og jakte på småjenter, det var ein tanke som aldri slo meg. Nei, det var gaupe, hjort og fulle folk eg var redd for. Gaupe har eg til dags dato ikkje sett, men rykta gjekk flittig. Kveld etter kveld gjekk og sprang eg der i mørkret og venta på at ei rasande gaupe skulle bykse ned i hovudet på meg. Dei låg oppe i greinene og lurte på bytte, hadde eg høyrt, lese eller fantasert meg fram til.






 
Lynx lynx, var det rart eg vart redd?
 
 
 
 
Hjorten var ein meir handfast realitet. Der gamlevegen frå Vatne møter det som ein gong var ny-vegen, nede på Årdalskrokja, var det hjortetrekk over vegen, og meir enn ein gong opplevde eg at dei kom brasande rett framom, eller bakom, meg. Mellom alle dei soger og forteljingar om fårefulle lagnader eg saug til meg i oppveksten, kan eg ikkje hugse ei einaste der hjort gjekk til åtak på små jenter. Men ville dyr var dei, og store. Berre hjortebrøla på begge sider av vegen var meir enn nok til å påføre sterkare sjeler enn mi skadar utan større botevon.
Ser fredeleg ut kanskje, men legg merke til det sure andletsuttrykket.


Ei slik natt kunne ein ferdast noko tryggare.

Ørsta frå A til Å, del 19 - S

S - Skule

Ettersom eg før har fortalt om Bjørdal skule, får denne epistelen handle om Brautaset. Dit vart eg tvangsflytta som niåring og såg ikkje heilt lyst på situasjonen. Men dette vart endå eit prov på den gamle visdomen om at dei fleste katastrofer aldri inntreff. Dei nye klassekameratane våre var ikkje mykje å gruve seg for, det vart tvert imot mange og lange venskap av det. Ettersom eg no var stor nok til å gå både til Vatne og Nakken åleine, vart det ei ny verd som opna seg. På Bjørdal skule hadde vi vore to på same klassetrinn, no vart vi sju, fem jenter og to gutar. Vi fem jentene utgjorde ein nokså sterk kvinnejunta, og dette to tiår før feminismen på 70-talet. Eg vonar at dei to hanane i korga har kome over skadane dei fekk etter å ha vorte utsette for girlpower lenge før omgrepet var lansert.
Hane i korg
Inger og eg kom ein dag på skulen i same antrekk, plomeraud bukse og beige duffel-coat. Den dagen gjekk vi på do saman og vedtok å vere bestevenninner. Frå den dagen kunne lite skilje oss, heilt til han Gjerde-Iver fekk den idé at han skulle flytte til Åsestranda nokre år seinare. Slik eg før hadde rent på dørene i Pettergarden på Bjørdalsskiftet, utan nokon gong å reflektere over om det ”passa” at eg kom, slik vart eg no ein flittig gjest i ”Gjerdet”, og aldri kan eg hugse at ho Gjerde-Laura tyktest ha noko imot at eg rak der. Elles var vel Inger ein like flittig rekekjepp. Om vi var tidleg ute med søndagsmiddagen heime hos oss, var dei endå tidlegare i Gjerdet, så Inger brukte å nå desserten heime hos oss, sviskegraut med sukker og mjølk, kvar søndag. Men om det no vart mykje Inger og Karen i åra som kom, var vi òg i stand til å leike i flokk. ”Vatningar”, ”nakkingar”, ”krøvlingar” og ”heimaføringar” levde så vidt eg kan minnast i fredeleg sameksistens. Ei og anna trefning var det sikkert, plaging og mobbing fanst vel då òg, og det er mogleg at andre har ei anna historie å fortelje. Men eg hadde alltid mine faste rundt meg og ”stod han av” som dei seier i Nord-Noreg. Eg kan likevel minnast at eg iblant prøvde å legge skjul på at eg hadde nokså lett for bokleg lærdom. Stempelet ”klokehaud” var ikkje noko å trakte etter. I desse fjerne dagane var det ikkje vanleg at born hadde klokke, så lærarane styrte vel tida for timar og friminutt nokså eineveldig. Og var det no ein strålande vinterdag og borna var godt i gang med leiken, har eg ein mistanke om at friminutta vart tøygde noko. Ein slik vinterdag fann eit lyst hovud på at vi kunne rive av pappen med måling på av veggane på skuleloftet, som i si tid var lærarbustad, men som no ikkje var i bruk. Desse pappbitane kunne vi bruke til akebrett (det ordet hadde endå ikkje nådd Åmdalen og eg veit ikkje om vi hadde noko høveleg glose for fenomenet) i den bratte bakken frå Vassendgarden og ned. Det var vanlegvis ikkje noko forbod mot å forlate det som strengt teke var ”skulens område”, berre vi ikkje trakka ned graset. Og noko gras var det no ikkje vinters tid. Desse ”akebretta” frå skuleloftet var ikkje særleg varige, når pappen kom i kontakt med snø, gjekk det med han som det sidan gjekk med hjartet til Björn Afzelius: han gjekk i tusen bitar. Så neste friminutt vart det ikkje meir leik og moro, då vart det arbeid, rydde opp kvar smitt og smule. Og det vart vel òg lagt visse restriksjonar på tilgangen til skuleloftet. Alle dei likaste friminutt-minna mine er knytte til vinterstida og snøleik. Dette kan ha den enkle forklaringa at eg alltid har vore ualminneleg klønete i all slags ballspel, og ”kanonball” og ”slå lyre” var ettertrakta aktivitetar i sommarhalvåret.

Siste nytt i pedagogiske påfynstre og metodar seig sakte ut til dei fjernaste avkrokane av landet den tida, og i det meste av skuletida mi hadde vi det på gamlemåten. I lesetimane las vi, etter tur. I reknetimane rekna vi, og når vi var ferdige med rekneboka for 4. klasse, tok vi til med boka for 5. klasse, same kva årstrinn vi høyrde til. I skrivetimane skreiv vi, eit eller anna. I fag som naturfag, landkunne og soge starta timane med at læraren spurde lekse, og han Einar noterte ”poeng” for kvar gong for at karakterane skulle bli rettferdige. Kunne kandidaten ingenting, vart det null i boka. Den som fekk null endå ein gong, fekk ”sykkel”, fire nullar vart bil, og slik heldt det fram, like til trailer med tilhengar for dei minst heldige. Resten av timen fortalde læraren, og den som fylgde godt med, sparte seg ein del leksearbeid. Som yngste syskenbarnet mitt på Krøvelen ein gong sa: ”Ditte kan e, for ditte he hanj Petter-Einar tote innj i haudet på me.”


Nye Brautaset skule, den gamle er riven.
Men då vi skulle ta til i sjuande klasse, vart det ”umstøyting” som han Ivar Aasen ville ha sagt det. Vi fekk ny lærarinne på Brautaset, ung bydame som nok hadde lært om arbeidsskuleprinsippet, ”learning by doing” eller kva slags etikettar dei no dreiv og sette på siste pedagogiske nytt. No skulle vi ikkje berre lære det som stod i boka lenger, vi skulle lage arbeidsbøker. Eg kan ikkje minnast at det var med noko slag entusiasme vi tok fatt på alt dette nye. Å sitje og teikne i naturfagtimane; det var slikt eit brot med alt tilvant, og så reint meningslaust. Vi var framleis berre sju på klassetrinnet, men eg trur nok at den entusiastiske og velmeinande lærarinna ofte må ha kjent oss som ei tung bør. Her kom ho og visste kor mykje gildare desse nye læringsmetodane var, og så møtte ho motstand og vrangvilje.