lørdag 22. desember 2012

God jul!


Med eit sydensk juletre vil eg ønskje god jul.  Eg kjem att på nyåret med Syden-nytt!
Karen

torsdag 6. desember 2012

Anne og Per miksar og matchar, og takkar for seg


"Se min kjole, den er rosa, rosa,
alt hva jeg eier, det er rosa som den.
Det er fordi jeg elsker alt det rosa,
og fordi stylisten er min venn."




Anne:  Eg har fått ein ny kjole sidan sist, kjole med kapper á la spansk senorita. Eg prøvde å piffe opp litt med kvitt belte, men veit ikkje heilt  Det vart i alle fall femi nok!   Fargen er den same som den førre.  Det er sjølvsagt mange fordeler med fleire plagg i same farge, ein kan mikse og matche.

Per:  Men vi veit no ikkje om det er den arkaiske matche-trongen eller den sunnmørske hækna (=gjerrighet) som gjer at vi har fått så mange plagg i same farge.  Vi har ein liten mistanke om at når designerstylisten først har kosta på seg eit nøste med heklegarn, brukar ho det til siste trevl. Men som sagt, praktisk når ein skal kombinere outfits. 

Anne:  Her skal eg vise eit døme på miks og match:


Det fungerer,  eg må tilstå det.  Men er det ikkje litt far out med pompadour-veske?

Per: Her er eg veldig nøgd med resultatet, litt sånn kunstnerisk  pariserbohem i lavendelåker.  Tøft!



Anne:  Eg vart litt misunneleg på Per der.  Eg prøvde å låne nokre av sakene hans, men følte meg litt wannabe:


Anne: Og forresten, eg har faktisk ein kjole som ikkje er rosa.  Ettersom det tydeleg og klart er ein kjole, skulle kjønnsidentifiseringa vere i orden.  Og eg har ein mistanke om at designerstylisten hadde ein garnrest ho ville bruke opp.

Då er tida inne til å takke for oss!  Det har vore ei glede å dele refleksjonane våre med dykk alle.  Ha det bra:



Når du les dette, er vi omplasserte, så det kjem nok ikkje meir frå oss.  Babyvernet tykte vi utvikla oss i feil lei, så vi vart plasserte i ein barnefamilie.  Vi må tilstå at det er meir leik og moro, liv og røre her vi er no, men vi må og seie med diktaren:  "Hårde tider har vi døyet". Vi har mellom anna vore vitne til at små bamsar og tøyhundar har fått låne våre antrekk!  "Keep calm, carry on" seier dei der vest om havet.  Og vi prøver.  Men det hender at vi ønskjer oss til ein stad der vest, Eton t.d., der vi kunne få utvikle refleksjonsevnen vår vidare.


Always looking bright at the bright side of life - in sunset!








tirsdag 4. desember 2012

Anne og Per reflekterer


Det finst vel dei som meiner at vi er altfor opptekne av outfit, utstyr og utsjånad i ei vond og vanskeleg verd.  Men altså; verda blir ikkje betre om du ser ut som eit dass!  "Always look at the bright side of life",  var det ein som song i trengsels tider.  Vi vil heller seie "Always look bright (her ikkje i tydinga gløgg) when you look at the different sides of life!"  For når ein skal reflektere, er det naudsynt å ha fleire aspekt i minnet, ikkje berre det lyse. Og gjerne vere pen i tøyet.

Her kan de få sjå den første hovudkolleksjonen: 




Per:  Eg kjenner meg rimeleg karsleg i denne dressen.  Med såpass romsleg utringing, kunne eg ønskje meg hår på brystet og gullkjede, men det ein ikkje kan få, nyttar det ikkje å tenkje på! 

Anne: Eg synest at dette vart vel dollete,  litt sånn småteit heklehatt, liksom.  Eg prøvde å signalisere til designerstylisten at eg kunne tenkje meg  ein annan hovudbunad, og då fekk eg ei kyse.  Ei kyse!


Per:  Det er ikkje alt eg er like begeistra for, eg heller.  Til dømes dette med mannevesker, der er eg fundamentalt usikker. Er det eigentleg mandig?  Vi menn treng ikkje dra på leppestift, kam, neglelakk, tampongar osv.  Rundt rekna treng vi berre lommeboka og telefonen. Men designerstylisten har altså ikkje utstyrt eit einaste av plagga mine med lommer.  Så då lyt eg vel til. Med skulderveske:


Eg må igjen minne om at eg frå naturen (eller fabrikken?) er svakt utstyrt med innebygde kjønnskjenneteikn, så dette med femi-assosiert tilbehør kan vere tungt å fordøye.  Det hadde kanskje vore vel så greit med berre ein plastpose?  Men no er det vel smått med Rema-posar i min storleik, og så er det det at designerstylisten og eg manglar felles språk.  Vi kommuniserer dårleg.

Før vi sluttar for i dag, vil vi gjerne kome med ein kommentar.  



Det er mange som ikkje trur at vi er babyar sidan vi har så høgt refleksjonsnivå, men det er vi altså, sjå berre her:


(Begge bileta er frå perioden med svak kjønnsidentitet, men ein kan ane striper!)




søndag 2. desember 2012

Anne og Per og designerstylisten, ein babyblogg.


Hei, vi heiter Anne og Per og vi er babyar!  Her kan du sjå oss i tradisjonell baby-på-saueskinn-positur.  Men - er det lett å sjå kven som er kven?

Det viser seg diverre at det er smått med tydelege kjønnsidentifiseringsteikn. Kven er til dømes dette?

Per: Den som ser godt etter, vil oppdage at Anne har eit snev av leppestift, men ettersom grovmotorikken er langt meir utvikla enn finmotorikken i hennar alder, vart resultatet deretter.

Per:  Her er vi altså i nokså unisex antrekk:

Per: Men eg for min del trivst  nokså dårleg med dette. Eg vil så gjerne vere kar! Og eit lite snev av blågrønt er rett og slett ikkje nok. 

 Anne: Og eg kan tenke meg i alle fall noko meir i retning rosa-prinsesse.  Så vi kom til at vi ville engasjere ein designarstylist som kunne gi oss ein  meir tekstilbasert kjønnsidentifikasjon. Her er prøvekolleksjonen:


Men vi var enige om at det skulle meir enn ei stripe kjønnsidentifikasjon til, så vi ga oss ikkje før vi fekk det slik:

Etter dette kan vi mest seie at det tok av, Følg med i neste bolken!







fredag 23. november 2012

Veskene mine, del 8


I 2011 hadde eg i prinsippet slutta å kjøpe vesker.  Det var berre det at eg kom over ei sterkt redusert (80%!) veske i Bergen!  Retteleg bra kvardagsveske.
Ekte nylon, relativt dårleg med innreiing

No var det einaste eg var på jakt ein sekk som den raude, men i meir nøytral farge.  Før Berlinturen det året hadde eg budd meg og funne ut at det var MD-avdeling på KadeWE, så eg tok den lange turen frå bustaden ved Alexanderplatz og til Kurfürstendamm, men til inga nytte. MD-avdelinga var no å finne på Potsdamer Platz.  Så ein kronglete banetur dit, stengde strekningar og stasjonar, berre for å finne at dei berre hadde ein annan type sekk.  Denne var på salg, og eg var trøytt og lei og sette alvorleg spørjeteikn ved den mentale tilstanden min.


Vel, sekken er ikkje romsleg som den raude, men grei nok med fora lomme til PC'en. Og så matchar han veska frå Hamburg, tyskertar begge to!

På vårparten i år, 2012, vart eg invitert med eks-kollegaer på "Milde Matilde og drillpikene".  Det er eit storveges konsept:  Damer i flokk møter i ein ominreidd låve, mat og vin blir servert (ikkje gratis) og stemninga blir piska opp ved ei munter mannekengoppvisning.  Så får damene sleppe laus i klesstativa, venninnene er i humør og stærar opp kvarandre - og pengane i kista kling!  Min fangst vart ei korallfarga skjørt.


  Og dette skjørtekjøpet fekk følgjer utover våren og forsommaren. 

Skjørtekjøpsfølgje 1, 2, 3, 4 og 5, alle frå byar i Andalucia.

Skjørtekjøpsfølgje 6, frå London.

Sko hadde eg frå før:

I august var eg så i Berlin. Den medreisande ville gjerne vise meg ein fin veskebutikk i Hakesche Höfe.  Eg hadde vesker nok, men eg kunne jo bli med inn og sjå på stasen.  Og der stod VESKA på eit bord midt i augnesyna og eigna seg heilt perfekt som skjørtekjøpsfølgje nr. 7.  Eg gjorde ein tapper freistnad på å halde tilbake, men den medreisande minte meg om kor mykje euro vi nordmenn får for kronene våre no, og at eg dessutan ville få igjen ein haug med taxfree-pengar på flyplassen.  Det vart mest rein netto.  Og eg kom i tankar om at det er ikkje lett å vere Angela Merkel om dagen, ho skal redde euroen både her og der, og kan ha bruk for ei handsrekning.  Og så hadde eg fått mi første JOST-veske.  JOST er eit framifrå veskemerke, fin stil, fin innreiing, fint skinn, med dette  avsluttar eg det mangeårige forholdet mitt til Mandarina Duck, tenkte eg,  no er det berre JOST som gjeld.  Men altså, eg er snart 65 år og no har eg i alle fall dei veskene eg treng.  Eg kan vel avslutte forholdet til veskekjøp, sånn reint generelt, konkluderte eg så fromt og fornuftig med. 

Dagen etter skulle vi på kjøpesenteret Alexa for å kjøpe eit litermål.  På veg til kjøkenutstyrsbutikken kom vi sanneleg forbi ein JOST-butikk og der var det tilbod! Mange godbitar til halv pris.  Den medreisande, som påstår at ho ikkje er nokon shoppar (ho hadde berre kjøpt to skjørt, ein genser og eit par sko dei siste par dagane) skulle berre inn og sjå.  Eg og såg - og såg, og eg kunne tydeleg fornemme ropet frå ein kjole i heimen: "Æ å vil ha veske!" (Kjolane mine bur i Trøndelag)  Og det var eit godt tilbod, og - i morgon skal eg byrja på eit nytt og betre liv, trur eg. (Den medreisande antishopparen kjøpte og veske, minst ei av oss hadde hamna i dårleg selskap.)


Men no er det mykje som tyder på at eg har slutta å kjøpe vesker.  I det siste har eg vore både i Stockholm og Amsterdam og har ikkje så mykje som sett på vesker. Could'nt care less!  Men akkurat i seinaste laget oppdaga eg at det er eit veskemuseum i Amsterdam.

No har det altså vist seg at eg ikkje har vorte nokon suksess som rosabloggar.  Neste gong skal eg prøve på intellektuell refleksjon.

PS - Allt jag vil ha er ett halsband av korall - kødda, eg har eit! Og armband. Og øyrepynt.
















torsdag 22. november 2012

Veskene mine, del 7


Så har vi altså kome til året 2009. I mai var eg på dametur til Oxford og Bath, ein slags repetisjon av tilsvarande tur i 2008, men då med andre damer.  Det vart ein framifrå tur, i Bath i aldeles sentralt plassert leiligheit, i Oxford på sjarmerande Bath Place Hotel.

http://www.bathplace.co.uk/

I 2008 hadde eg shoppingdebutert i Bicester Village, den desidert mest ettertrakta attraksjonen i GB for nyrike kinesarar, No skulle damene av 2009 og få vere med til denne shoppinghimmelen.

http://www.bicestervillage.com/en/plan-your-visit/about-bicester-village/about-bicester-village

 Inne i Mulberry-butikken peika den medfølgjande dottera på ei veske og sa at "her, mor, er nett den veska du sa for nokre år sidan at du skulle ha ein gong. Vi rekna til og med ut kor mykje vi kunne spare ved å reise til New York og kjøpe henne." Det vart aldri til at vi tok turen, men her var veska, altså, til og med billigare enn i NY. Men ein slange i shopping-paradiset var der: Reisefølgje Mette hadde kjøpt tilsvarande veske på Mulberry-fabrikken utanfor Bath året før. Og ein veit korleis det er når to damer kjem på fest med same kjole!  Mette forsikra imidlertid om at det var heilt greit, det er ikkje så ofte vi er ute og luftar vesker saman, og begge har vi andre vesker å velje blant.  Då eg kom heim, viste det seg at den andre Mette i mitt liv og har slik veske. Men vi er alle vener og vel forlikte.



Etterkvart har det vist seg at denne veska er vel så fin å sjå på som å bruke. Ho har ikkje all den innreiinga som Mandarina er så flink med, og ho må berast på Victoria-måten. Men kjekk å ha!  Denne veska burde ha vore eit verdig punktum for veskekjøpa mine, men slik vart ikkje det. Det vart likevel ikkje fleire vesker dette året, men ein staseleg berepose viste det seg at det vart. Då eg kom heim, såg eg eit avisbilete av eit par av døtrene til Bob Geldof med bereposar frå Temperley. Og du store styrelse; ein slik hadde eg og med frå England; sjå berre:


Blusen eg kjøpte var ingen stor suksess, knappane datt av, og stryking etter vask viste seg å vere svært arbeidskrevjande.

Eg kan ta med året 2010 i same slengen. Det meste av året brukte eg på sjukdom, men i desember var eg såpass at eg drog til Oslo på julehandel.  Det viste seg fort at berekapasiteten min på ingen måte var som før, og der, plutseleg, kom eg over ein raud MD-sekk, ein reint støvandes sekk, rommer mykje og er framifrå å bere, god investering.  Men eg hadde klede som høvde til raudt den dagen.  Det har eg ikkje støtt.


Berre ein bolk igjen no, følg med!

(PS - det har ikkje vorte så lukrativt å vere rosabloggar som eg trudde, ingen sponsorar har meldt seg, ikkje så godt som ein goodiebag!)







fredag 9. november 2012

Veskene mine, del 6


Våren 2008 var eg igjen på reise med elevar som skulle delta på Europeisk Ungdomsparlament. Denne gongen gjekk ferda til Hamburg.  Programmet for medfølgjande lærarar var noko mangelfullt, så det vart ein del fritid.  På dette tidspunktet hadde eg alt begynt å planlegge antrekk til ein dametur til England i juni- og kome til at eg ikkje hadde noka høveleg veske til denne reisa, rust passa ikkje, raudt passa ikkje. Dei andre veskene var så krøkkete å handtere, og aldri meir Beach Bag på byferie.  (Noko skal ein jo ha å bry hovudet sitt med.)  Dermed vart det ei ny MD-veske i Hamburg, ei svært anvendeleg veske som har vore mykje brukt og for lengst har tent seg inn. Om eg berre skulle ha ei veske, kunne det godt ha vore denne.
Reiseminne frå Hamburg
På seinsommaren same året var eg i Berlin. På ein slentretur over Prenzlauer Berg kom eg over Tausche Tasche.  Dette er vesker laga i voksduk med "bilbelte" som skulderreim og med utsikftbare lok.  Eg vart sjarmert av konseptet og kjøpte veske med to lok.  
I 2011 var eg attende på same staden for å kjøpe fleire lok, slik at veska kunne passe til ei raud kåpe. Heile fem konsulentar var med meg, og langt om lenge greidde vi å semjast om desse to loka:

 Berre det raude har blitt brukt, men det ga veska nytt liv, så no tek ho snart til å forrente seg. (Det oransje er uttakbar innreiing.)

Ein skulle tru det var nok no for 2008, men einkvan styrer mine steg mot stader der det t.d. er opphørssal.  Slik gjekk det til at eg kom over eit godt tilbod i Vika i Oslo ein gong på seinhausten.  Ei "flat" veske i brunt skinn, akkurat høveleg til å ha lommebok, reisedokument og "någgo attåt" i.  Seinare har det vist seg at denne veska og er fortreffeleg til I-pad, berre vellæte her, altså! Og veska er konstruert til å henge på skrå over kroppen, den i særklasse mest praktiske måten å bere ei veske på, men mykje baktala av moteskribentar og stylistar.


(Posta frå Stockholm der eg har gått rakrygga forbi kvar einaste veskebutikk!)






søndag 4. november 2012

Veskene mine, del 5


I mai i 2007 var eg på dametur til Riga, ein by som nok ikkje kjem til å stå på det framtidige reiserepertoaret, trass i strålande ballettforestilling på Latvia Nasjonalopera. 

Eg må nok ha vore ein variant av "Den grønnkledte" på denne turen, for eg kom i skade for å kjøpe ei grøn veske (denne ulykksalige trongen til matching?) på tilbod for 35 Latvia-pengar.  Seinare såg eg at det stod "beach bag" på veska, og eg som så godt som aldri dreg til beachen! Men ei praktisk veske er det, ho er grei å henge over skuldra, og ho kan lett byggast om til ryggsekk. (Show mercy, Victoria!)

I starten vart denne veska brukt ein del, og ho vart vurdert som så bere-venleg at ho fekk vere med til Japan i juni i 2007.  (Ho matcha vel venteleg reiseantrekket og, vil eg tru.)

Men dette viste seg å vere ei fatal feilvurdering! I store byar i Japan går ikkje damene på streeten med beach bag frå Ecco.  Eit anna grusomt feiltrinn eg gjorde før eg tok til å skjøne teikninga, var å gå gatelangs i singlet, rett nok ikkje av spaghettistropp-slaget, men likevel - eg kan framleis raudne ved tanken.  Ein kler seg i Japan, ikkje noko slags slumsing med T-skjorte, dongeri og joggesko på bytur.  Ei dame er kledd som ei dame, og damer blir dei relativt tidleg. Svigerdottera mi, som då ikkje hadde fylt 30, gjekk første dagen ut på gata i Kyoto i ein veldig fin, diskret, stroppelaus kjole, ein kjole som berre hadde hausta beundrande blikk ein sommardag på Karl Johan.  Ho skjøna straks at dette var heilt, heilt feil, og deretter var det plagg med erme i varmen.

No var ikkje redninga så langt unna: Neste dag var det sal i Kyoto, toppetasjane i varehusa bugna av sterkt nedsette varer.  Etter å ha raska med meg tre jakker i løpet av eit kvarter, gjekk eg meg på ei anstendig dameveske i kvitt skinn. At det verkeleg var skinn, prøvde eg å få stadfesta av ei dame med uvanleg skeiv og utståande tanngard (uvanleg t.o.m. til Japan å vere, dei har visst ikkje oppdaga tannregulering der) og uvanleg dårleg japansk-engelsk.  Med få ord og mange fakter vart eg forvissa om at veska var i ekte skinn, bortsett frå botnen, for ho skulle tåle å stå på golvet.  Genialt!  Direkte praktisk er denne veska ikkje, det finst eit glidelåsrom til lommeboka og telefonen, men elles er ho nokså opa for "fantepakk og tjuveraddar", som ein konduktør åtvara mot sist eg køyrde forbi Grünerløkka med trikk. 




Kunstlær og metallknottar under, genistrek!


Før eg presenterer fleire vesker, vil eg gjere merksam på ein klok, japansk skikk:  Damene har alltid ein frotterklut i veska, denne skal helst ha ein fin logo, og sjølvsagt matche veska; raud klut til raud veske, kvit klut til kvit veske - det skulle berre mangle!

Ei veske til vart det i Japan, ettersom eg hadde for mange yen då eg kom til flyplassen og berre måtte bruke dei opp.  Ei noko husflidaktig veske som eg visst aldri har brukt. Det er mogleg eg hadde ei slags meining med det der og då.

 Og så vart det ei veske på flyplassen i Amsterdam.  Der var det fire timar å vente, ikkje direkte lysteleg når ein kjem frå Asia.  Det var for kort tid til å gå ut av flyplassen, det var ingen plass ein kunne legge seg til og sove, eg gjekk rundt og rundt i butikkane og enda opp med ei Samsonite-veske på tilbod, veldig billig.  Og det kan vel ha vore ein grunn til det, for denne veska er ikkje god å bere, stiv og klumpete.

Med dette er forteljinga om 2007-veskene snipp, snapp, snute, og vi kan gå over til 2008.




torsdag 1. november 2012

Veskene mine, del 4


Hausten 2005 skulle eg til Bari med nokre elevar som skulle på møte i European Youth Parliament.  Det vart ei tungvint reise, og vi måtte vente mest eit døgn i Milano. No er ikkje eit døgn i Milano noko eg skal gje meg til å klage over, eg fekk med meg mykje. Den mannlege kollegaen frå Nord-Trøndelag var opp i under over alt eg greidde å få med meg - i bagasjen. Under den lite planlagde vandringa, kom eg over ein Mandarina Duck-butikk og gjekk inn og såg - og såg, og såg akkurat den veska eg skulle ha hatt, perfekt til den rust og brune fargeskalaen i reisegarderoben.  Men eg hadde veske, den brune frå England, og eg slo meg på handa og gjekk.  Eitt reisemål hadde eg att, og det var katedralen i Milano, denne fann eg og brukte tid der, men merka at tanken på veska var vanskeleg å legge heilt frå seg.  Eg kom ut på gata igjen halv seks, dei fleste butikkane stengde klokka seks, så eg prøvde litt febrilsk å finne veskebutikken.  Men det var mange kronglete smågater, og klokka seks hadde eg ikkje funne butikken. Nei, nei, tenkte eg, det var vel ikkje meininga at eg skulle ha denne veska då..  Og så gjekk eg meg på butikken, og han var open til halv sju, og då var det ikkje tvil, klart eg skulle ha denne veska!  Og det er ei støvandes veske, stor og romsleg og praktisk innreidd, eg har aldri angra, men så var det no som ein slags styrelse og, då. Veska er i ekte nylon og gir seg ikkje ut for å vere noko anna!

Men ei ulempe er det med denne veska, ho matchar ikkje alle fargar!  På butikken i Milano hadde eg sett at det og fanst raude MD-vesker.  Det var særleg ei eg merka meg.

I 2006 skulle eg atter på byferd, denne gongen på personalseminar til Brügge og Brüssel. Det var ikkje sett av særleg tid til meir private syslar, så ein del av oss damene skøytte på ei helg i forkant og eit par haustferiedagar i etterkant.  Ein av Brüsseldagane, etter seminaret, var sett av til individuell shopping.  I ein kronikk på nettsidene til nrk.no las eg nettopp følgjande:  "Bloggere som presenterer glansbildeversjoner av livene sine, øker presset på andre kvinner."  Dette vil eg nødig vere ein del av, så no skal eg fortelje ope og ærleg om all den mislukka shoppinga ein hektisk dag i Brüssel.

Eg hadde den raude MD-veska frå butikken i Milano i bakhovudet, gjorde leksa mi på nett og hadde med adresse til ein MD-butikk i Brüssel.  Denne butikken låg nokså avsides til, så eg tok meg fram åleine, first thing in the morning.  Då eg kom fram, viste det seg at butikken ikkje opna før 11.00, dermed vart eg sitjande på ein trist kafé i eit nitrist strok utan så mykje som eit blad å lese i.  Og då eg kom inn i butikken, hadde dei slett ikkje den veska som hadde hatt tilhald i hjernebarken min ei tid.  Men etter alt dette strevet, tykte eg at måtte ha med meg noko, og det vart denne:

Nøgd med denne har eg nok aldri vorte, for lita til t.d. ei A4-blokk, for stor til å vere ei lita veske, feil nylonkvalitet, for glatt. Og som dette ikkje var nok: eg kjøpte med meg ein raud paraply frå same butikken, den i særklasse dyraste og dårlegaste paraply eg nokon gong har hatt.

Og her følgjer  så resten av  resultatet frå den miserable shoppingdagen:
Raud fløyelsebukse, for så vidt grei, men veldig BMI-avhengig.
Raud høghalsa gensar, veldig mislukka, vart nuppete og fasonglaus.
Brun, billig kashmir-cardigan, vart fort nuppete og holete.
Rust strikkejakke (med krage, difor ikkje cardigan, vart vi damene etter lang diskusjon samde om), nuppar frykteleg.
Raude Arche ankelstøvlar, det einaste vellukka denne dagen!!

Eg vonar det har vore ein svir å lese om så mykje misere!



Shoppingmafiaen
Frk. TurkiS - den perfekte veskebærar.
Fru MD Rust - crossbody bag = fashion-fy!
Fru Solbrille - could'nt care less, whatsoever.
Fru Solbakken - har vel lommeboka i baklomma.

Endå meir eksotiske strok i neste bolken!

SISTE!  Glidelåsen i den rustfarga MD-veska er øydelagd, redningslaust fortapt, og veska er ikkje den same utan glidlås.  Og akkurat no som "brent oransje" er såå in!







onsdag 31. oktober 2012

Veskene mine, del 3


No framover vart det litt flittigare  veskekjøp, ungane var så godt som framfødde og økonomien vart betre.  I løpet av Englandsåret, 2005/2005, vart det meir enn ein tendens til handling. Det heile starta vel med at eg kjende trong til noko meir staseleg enn 50- kronersen frå Stockholm. På ein av fleire turar til tkmaxx, ei outletkjede der ein må kysse ei uhenteleg mengd froskar før ein kan kome frampå noko som minner om ein prins, fann eg denne:



Tjukt, solid lær, OK fasong, men ikkje lett å plassere på skuldra når ein skulle få bruk for det.  (No har eg fått med meg at Mette Marit og Victoria Beckham ikkje slengjer veskene skøyteslaust opp på skuldra, dei ber veskene sine pent og vakkert i handa, eventuelt litt innpå handleddet.) Denne veska har no ein ukjend opphaldsstad, først var det dottera som var veskelaus og tok til takke med denne inntil vidare, så var det ei venninne av henne som gjorde det same, og framhaldet kjenner eg ikkje til.

Og etter dette let eg meg ikkje friste til noko meir veskekjøp før inn på nyåret i 2005, bortimot eit halvår, altså.  Vi var på veg til England igjen etter juleferie heime. Dette var den tida då det gjekk båt mellom Bergen og Newcastle, og på tur sørover frå Newcastle kom vi så høveleg forbi Dalton outlet.  I England var det alt vårstemning midt i januar, og eg fekk så meint for meg at eg burde ha ei lys vårveske. 

Denne veska i skinn (!) er enkel og preglaus, grei å bere, grei å hive inn på skuldra, i det heile grei, men litt sånn "uten egenskaper".  (Jfr. "Mannen uten egenskaper" av  Robert Musil.)

Dette året i England hadde eg rimeleg god tid, og dreiv litt med husflid framom TV'en.  Eg hekla ei sommarveske (den frå Dalton var vårveske!) etter metoden "veska blir til mens du heklar".  Dette var retteleg ei brukbar veske, i finver!  Det går ikkje fram av biletet, men opninga er litt innsnevra, slik at når veska er trygt plassert på skuldra (kjenner misbilligande blikk frå Mette Marit og Victoria), er det ikkje lett for lommetjuvar å sleppe til.  Ein lyt no tenkje på alt og!


Men dette var ikkje den eiunaste husflidsveska eg ga meg i kast med dette året.  Like ved Central Station i Exeter låg det ein handarbeidsbutikk som eg flittig vitja.  Innimellom var der ein slags handarbeidsklubb der med høg gåstolfaktor.  Ein gong observerte eg og ein mann der i ein påfallande heimespøta genser.  Han las høgt for damene medan dei strikka og sydde.  Det var som å gå rett inn i ein roman frå 1880-talet, der det gjerne var ein kapellan som påtok seg lesinga. Eg stod bak ein reol og bladde gjennom det som var av broderisaker medan eg observerte.  På denne butikken kjøpte eg så ei veske som skulle broderast, utan tanke for at den som nærmar seg 60, gjerne tek til å dimmast på synet, som dei sa i heimegrenda.  Veska har vorte liggande, knapt halvbrodert ettersom alt er så grant og smått.
Stilling ledig for brodererske!

Den siste veske-utskeiinga dette Englandsåret er ikkje ei veske i retteleg forstand, men ein saftsuppefarga voksduk-ryggsekk, kjøpt på tkmaxx i Torquay, sjølvaste Agatha Christie-byen.  Dette var eit påfunn, rett og slett, rett nok eit påfunn til berre fire pund.  Kanskje ca eitt pund for kvar gong sekken har blitt brukt? 

Fleire utland i neste bolken!  Følg med!