lørdag 19. juli 2008

Topsham revisited



Med dagens flyprisar er ikkje ein tur til England noko som dømer ein til graut og knekkebrød i veker etterpå. Men eg hadde bestemt meg for at gjensynet med Topsham skulle vente til Topsham ropte på meg. Og tre år etter avskjeden kjende eg det klart og tydeleg, no var det på tide å gå The Memory Lane! Det fall så høveleg saman med at eg skulle på dametur til Oxford og Bath. Deretter var det berre ein liten togtur frå Bath, så var eg der. Rom var tinga på The Globe, første natta hadde eg med eit reisefølgje på seks, men det minka etterkvart.


The Globe


Det meste var som før, men endå eit par eigedomsmeklarar hadde rana til seg utstillingsvindauge i Fore Street, ein altfor vanleg trend i altfor mange byar. Men den sinnsrofremjande utsikta over Exe var som før.
Sinnsro-utsikt
Og Jim var i vinbutikken sin, Arthur i slaktarbutikken sin, ikkje eit vareslag hadde skifta plass i den vesle coopen og alle pubane var som før. Eg drog med meg reisefølgjet mitt på pub crawl første kvelden, vi rakk tre av The Topsham Ten – pysar! The Bridge Inn (”dronningpuben”) var sjølvsagt ein av dei, som alltid ein fulltreffar. Vi vart serverte 1/3 pints, slik at vi skulle greie å smake på flest mogleg ølsortar.

Utsikt frå brua ved Bridge Inn

Det er no ti år sidan det store dronningbesøket og 111 år sidan noverande eigarfamilie tok over, så dei har fått laga eit spesialbrygg, 111 ale, som Dronninga og Hertugen av Edinburgh hadde sagt ja takk til å få ei kasse av. Ja, sjøla på The Inn har til og med vore i ”evening reception” på Buckingham Palace saman med mellom andre kjendiskokken Gordon Ramsey – store ting! Og der sat altså vi, lærarar frå ei Trøndelagsbygd og var borti ein flik av eventyret.
Sjøla på The Inn utanfor Buckingham Palace

http://www.youtube.com/watch?v=cerb_9HnPNE

111 Ale

Åleine att i Topsham eit par dagar seinare, kunne eg gong på gong konstatere at alt var som før. På The Globe serverte den same 60-talsblondina same utgåve av andesteik som før, vegen til Darts Farm var like trafikkfarleg for ein fotgjengar, kanskje var det ikkje same svaneparet som dreiv og lærte opp nye ungar nedom kyrkjemuren, det skulle likevel ikkje undre meg om det var så. Men organisten hadde kvitta seg med 70-talsbrillene!


Svanemor med nye små

Heldigvis fekk eg tak i siste nummer av månadsbladet The Estuary. Her var det ny redaktør, men på ingen måte ny lay-out. 70-tal, 80-tal, 90-tal og første decennium av 2000 har ikkje sett det aller minste redaksjonelle spor. Farga omslag, men elles fullskrivne A5-sider og eit vell av reklameannonsar som alle kunne ha blitt brukte til undervisning i mediehistorie. Innhaldet baud heller ikkje på overraskingar. Verda burde lære litt av The Estuary, stor ro og tryggleikskjensle sig over den som sit og bladar og les. Den lokale politikonstabelen har spalten sin der han skriv om det som har hendt siste månaden. To tilfelle av innbrot hadde det vore, begge medan huseigarane var heime. Den velviljuge konstabelen kom med eit prima råd: Lås frontdøra når du arbeider i bakhagen, lås bakdøra når du arbeider i framhagen, råda er hermed sende vidare. Elles hadde vore ein liten auke i ”anti social behaviour” i mai: unge menneske hadde sprunge ut og inn av godtfolks hagar og leikt gøymsle! Med god hjelp av Neighbourhood Watch hadde dei unge blitt identifisert og tilsnakka. Kvifor plage seg sjølv med å lese om tenåringsdrap i London i Daily Mail når ein kan lese oppbyggjelege soger i The Estuary?
Typisk tilfelle av Front Garden

The Toper skriv framleis vinspalten sin. Han skriv berre om vin som er å få kjøpt i Topsham. At det er store kjøpesenter i nærleiken, og at storbyen Exeter berre er ein ti minutts togtur unna, er ikkje hans sak. Ein handlar i Topsham. Slik er det. Denne gongen hadde han testa søte dessertvinar, men bortsett frå i spesialbutikken Topsham Vines, var det dårleg stelt med den slags. Han hadde trufast drukke seg gjennom det vesle utvalet som var på Coop, Topsham News og Mortimores, dei to siste av Brustadbu-typen. Dessertvinar kunne dei ikkje kallast, men var likevel ”worth the investment”. Venteleg ein kjekk hobby det der.


Topsham Wines i bakgrunnen

Det er og lokal lyrikk i The Estuary. Ingen tvetydige metaforar, ingen omhyggjeleg dulgde bodskapar som ein må tolke seg fram til. Nei, her er det beint fram med stødige enderim og i alle fall freistnader på jamn rytme. Ikkje lyrikk som kjem i Culture-magasinet i Sunday Times, men som kjem frå uforderva hjarte, heilt utan seinare generasjonars ironi-tendensar. Til minne om ei kjekk ettermiddagsøkt til dømes:

The Big Cream Tea on the afternoon of the 25th of May,
Heavy rain was forecast – but it was a lovely sunny day.
In back of the Church, cloths on the tables and flowers in a glass,
The serviettes all folded, to give a touch of class.

Slik kan ein altså ha det og ta det i ei verd så altfor full av vondskap; godt ver, duk og blomar på borda og bretta serviettar. Meir skal det ikkje til. Stopp jaget etter Louis Vitton og Manolo Blahnik. Sats på cream tea! (Som er scones med clotted cream og jordbærsyltetøy. I staden for clotted cream kan ein i Norge bruke gourmetrjome frå Røros.)
Cream Tea

Eg fann og eit ”å så mykje betre vi hadde rett etter krigen”-dikt:

Pocket money had to be earned –
This harsh rule was quickly learnt,
Not like today where looks are fashion-
Our clothes an food were still on ration.
Second-hand clothes and borrowed bikes,
With school and dentists our only dislikes.
Simple pleasures was our code,
As after school – our bikes into the countryside we rode.


Devon countryside

Vakkert! Og så heilt i tråd med det Topsham eg har lært å kjenne, som heller lite deltakande observatør.

Hermed avsluttar eg Englandsberetninga. Det er ikkje så mykje respons å få. Har eg lesarar der ute?

fredag 11. juli 2008

ÅRET I ENGLAND, SJUANDE OG SISTE DEL



I Cornwall

I oppveksten og langt inn i vaksen alder var eg ein flittig lyttar til høyrespela i laurdagsbarnetimen. Ein av seriane som eg må ha høyrt fleirfaldige gonger, er Jamaica Inn. (Seinare har eg lese originalversjonen på engelsk og funne ut at barnetimeversjonen var noko sesurert.) I fleire år har eg vore flittig lesar av krimbøkene til Elizabeth George. Helten der, Thomas Lynley, er arving til eit gods i Cornwall. Dette utgjorde vel stort sett dei litterære referansane mine, men dette i tillegg til ei og anna TV-serie, hadde i alle fall vekt interessa for Cornwall.


Gyllyngvase Beach



Anchorage

Vi slo oss til i Anchorage Appartments ved Gyllyngvase Beach, Falmouth, og hadde fire fine juniveker der. Sjølve livet i byen fekk eg ikkje så mykje inntrykk av, sjølv om det var tidleg i sesongen, var det mange turistar der, og eg fekk på ingen måte tak i ”sjela” i Falmouth. Det næraste eg kom lokalbefolkninga var vel eit besøk i katedralen, The Church of King Charles the Martyr (1665).



Der sat det vakter som nok ikkje har vore med heilt frå første tida, men det kunne verke som det ikkje var så mykje som mangla. I alle fall vart eg vel fagna, og det tok si tid før eg på høvisk vis kunne slite meg laus frå konversasjonen og begynne å studere kyrkjebygget. I mange engelske kyrkjer er det broderte ”kneleputer” (det er mogleg det finst eit meir profesjonelt ord for desse), standarden kan variere frå det grovaste slag korssting på stramei til vakkert forseggjort handarbeidskunst. Litt framme i kyrkja stogga eg og såg på nokre eksemplar av arten; her heldt dei seg med det vakre slaget. Det varte ikkje lenge før eg høyrde slepande steg bak meg, og der kom gamlemor humpande på to krykkjer. Det viste seg at eg hadde stogga nett der ho hadde to av sine puter. Den eine var brodert til minne om mora, som var krigsenkje, difor ville dama så gjerne ha valmuer, krigsminneblomen, på denne puta, men, som om livet ikkje hadde bydd på nok motgang; valmuemønsteret var alt brukt, og ein driv ikkje i hermegåsbransjen når ein syr kneleputer! Men blomemønster vart det i alle fall. Seinare døde søstera hennar, og ho var så glad i dyr. No har store deler av det som før var klisterhjernen min blitt infisert av teflon, så eg kan ikkje gjengi alle detaljane om hunden og katten til søstera, rase, namn, matpreferansar og så bortetter, men i samråd med søsterbarna, hadde det i alle fall vorte knelepute med hund og katt på, pent og forseggjort i avansert broderiteknikk. Korleis kyrkjeinteriøret elles såg ut, minnest eg lite av, og det vart aldri til at eg gjekk attende for å studere det meir. Men eg minnest godt at putene blir sende til Birmingham for å bli profesjonelt monterte. Ein lærer så lenge ein lever.

Kneleputer, diverre utan dyr eller valmuer.

Elles vart det mange utflukter i Cornwall-vekene, og her følgjer eit utval:

The Eden Project.
Her fell det lett å ta i bruk eigedomsmeklaruttrykket ”må ses”. Eg trur ikkje eg skal gje meg til å skildre, sjå heller http://www.edenproject.com/.

Kyststien.

Langs heile ”West Country”, går det ein godt tilrettelagt kyststi. Stien er 1014 km lang og går frå Minehead i Sommerset til Poole i Dorset. Det seiest at opphavet til stien var behovet kystvakta hadde for å kunne gå frå fyr til fyr for å leite etter smuglarar. No er det nok langt fleire turistar, nokre få av dei nakne, enn smuglarar å råke. Dette med nakne galningar midt i leia, skulle vere eit problem, las eg i avisa, men då eg sjølv møtte ein, vart eg langt frå så redd som i møtet med nokre andre skapningar:


Eg hadde sett på kartet og funne ut at det skulle vere innanfor rekkevidde å kome til Mawnan, der eg kanskje kunne finne fram til eit par kjende cornwallske hagar.

Men eg kom aldri til Mawnan

Veret var høveleg til spaserturar, og dei første tre miles gjekk i rask marsjfart og med motet på topp. Tre miles til verka absolutt overkomeleg. Men så kom eg til eit beite! Eg såg det var dyr der, men frå noko avstand kjønnsbestemte eg dei som kviger. Då eg godt og vel hadde lista meg innom grinda, såg eg at det var mange, men eg gjekk relativt trøstig vidare. Seinare kom eg til eit par oppslag der det stod at hundar måtte haldast i band, for her var det grassing livestock. Eg likte meg mindre og mindre. Mitt Waterloo kom då eg stod på ei trebru og såg inn på eit beite med oksar, uomtvisteleg oksar, som ikkje berre var på beite, men som stod på stien og var mannsterke, fleire enn eg brydde meg om å telje.


Grassing livestock

Eg sette i gong ein meir enn fryktsam retrett, smaug langs gjerdet, brennesle + tett, solid piggtråd. Og under over under – eg kom meg velberga ut av både oksebeite 1 og oksebeite 2, og let gleda over å vere oksefri overskugge mismotet over at eg ikkje hadde kome meg til Mawnan og sett hagar.

Ein dag seinare ville eg prøve ei anna rute til Mawnan, litt meir inne i landet, men å vere fotturist langs smale Cornwall-vegar med tett hekk på begge sider er mest jamgodt med å vere i krigen. Så stilt mellom den nesten visse oksedød og ditto trafikkdød, valde eg å la Mawnan-planen fare.

På ein av fleire småturar langs kyststien, alle heretter oksefrie, kom eg over Marconi-stasjonen der dei første radiosignala til Amerika vart sende i 1901. Før dette hadde eg ikkje høyrt om Marconi, men let meg gjerne informere. Guglielmo Marconi hadde engelsk mor og italiensk far og utdanning frå begge landa. Han hadde arbeidd lenge med telegrafi, då han kom på den ville tanken at det skulle gå an å sende signal over Atlanteren. Andre vitskapsmenn meinte dette ville vere uråd pga jordkrumminga, men Marconi var kanskje Thor Heyerdal i eit tidlegare liv, åleine mot vitskapsrøkla. Etter mykje motgang, mellom anna nedblåsne master, fekk han gjennom morsesignalet for S(---) frå Poldhu i Cornwall til St. Johns, Newfoundland 12. desember 1901 kl. 12.30. Frå St. Johns svarte dei med ein R.


Marconi-monument

Lizard og Land’s End
I guideboka mi stod det at Land’s End var glorete og turistifisert, og at Lizard var ein langt betre stad å stå ytst mot havet. Dermed prøvde eg begge deler, Lizard først. Utsikta var det så visst ikkje noko å seie på: klipper, knausar og mykje hav. Høgdeskrekk burde ein ikkje ha her, men elles var det storarta.


Lizard Point

Vi hadde tenkt å gå stien til Cadgwith , men måtte gje opp det på grunn av tidsnaud, ikkje verdt å mørkne ute på ein sti på kanten av høge klipper! Så vi køyrde til Cadgwith (”picturesque village” ) i staden. Og visst var det ”picturesque” – og smalt! Gamle, stråtekte hus i klynge i ei lita kløft ned mot sjøen. Den alternative vegen vi tok attende til Falmouth vart visseleg alternativ nok; grusomt smal veg med høge hekkar og mange svingar, og det hende rett som det var at det var ein bil bak neste sving. Eg fekk visse femtitalsassosiasjonar. Ein gong var vi utriveleg nær ved å ”køyre i hop”, som dei sa i heimegrenda før.

Cadgwith

Jau visst var det mange bygningar, ikkje alle like vakre, og mykje turisthalloi ved Land’s End, men det er berre å gå rett gjennom, ned mot havet og langs stien, og før ein veit ordet av det, er ein omgitt av klipper og hav. Dra innom om du er i nærleiken!

Land's End

Byar

Ein av dei mange dagane eg hadde til disposisjon tok eg toget til Penzance; eg tykte eg måtte oppleve sluttstasjonen for Londontoget. Der rusla eg litt ikring, og vedtok vel eigentleg at Penzance først og fremst var another town, ikkje heilt utan sjarm. Nede ved hamna vart eg ståande og sjå på utvalet i ein brodeributikk. Sjølingen kom og baud meg inn og fortalde at han og kona hadde laga alle broderimønstra sjølve, stort sett lokale motiv. Han høyrde at eg var utanlandsk, og då eg fortalde at eg så godt som var frå Trondheim, kunne han fortelje om sine 22 år i marinen med atskillige besøk i Trondheim. Det er verkeleg dei undarlegaste yrke eks-militære gir seg til med. Frå marinesoldat til broderidesign? Historia var såpass god at eg måtte kjøpe eit broderi, som framleis ligg på vent.


Penzance

Etter denne pengesløsinga tok eg lokalbuss til The Mousehole, tykte at eg måtte sjå innom ein stad med slikt eit namn. I Mousehole gjekk eg litt rundt, kjøpte meg jacket potato med coleslawe til ein slags lunsj, og fann etter ei heller kort stund ut at eg no hadde sett Mousehole. Eg kom 10 min for tidleg til bussen, og måtte uthalde ein ustoppeleg harang frå ein kvinneleg passasjer som berre tykte det var såååå bra at den unge bussjåføren var i ferd med å gjere ein freisnad på å slutte å røykje. Eg trekte meg så langt tilbake som eg for skams skuld kunne, og til min letnad fann dama eit eldre par som nok var lettare, eller høflegare offer enn meg. Ho heldt det gåande heile bussturen, men eg hadde ei bok å gøyme meg bak, ”The Rector’s wife” av Joanna Trollope. Det er mykje interessant å lære av dameromanar! Her lærte eg at det kan vere eit hardt liv å vere prestefrue i ein landsby i England.

Mousehole

IKEA-gründer Kamprad har uttalt at han i unge år la seg til den vanen at han delte dagane inn i timinuttsbolkar og så sørga for at kvart timinutt vart effektivt og meiningsfylt. Effektive vart nok ikkje dei 23 x 10 minutta vi ein dag brukte i St. Ives, men det var så avgjort ein meiningsfylt stad å opphalde seg. Nokre stader er ikkje opp-hypa, dei er rett og slett vel verde ryet. St. Ives er ein vakker by, den lette disen gjorde at fargane vart både dusare og intense. Det går godt an å skjøne at dette i lange tider har vore kunstnarbyen! Galleri var det overalt. Forventningane til det kjende Tate-galleriet var ikkje heilt store, det var sjølve bygningen som var mest imponerande. Og så var vel ein del av kunsten godt påkomen. Mange måtar å bøye laminert tre på!


Vakre fargar i St. Ives


St. Ives

Hagar

Cornwall er mellom mykje anna også kjend for hagane sine. Eg valde to mellom dei mange, Trelissick og Trebah. Til den første kom eg via ein vakker båttur, og vart gåande i fleire timar i velstelt kulturlandskap. Til den andre reiste eg med buss på vegar så smale som ein berre finn på bygda i England, trur eg, og med ein sjåfør som tyktest vere heilt trygg på at han hadde vegen åleine. Med dette hadde eg fått hagemetta mi, grensenytten av endå ein hage ville vere relativt liten, så no ville eg heller sjå hus.

Trelissick

Hus

Eg hadde hatt Lanhydrock, Manor House frå Victoriatida, på ønskjelista lenge, og heldigvis fekk vi til ein tur før Cornwalltida var omme. Lanhydrock brann i 1881, men familien hadde romsleg med middel til oppattbygging. Dermed har huset eit meir moderne preg enn mange andre store Hus. Det var mykje å bli imponert over, men kjøkenet var nok det likaste, rom på rom, kvart til sin aktivitet, fuglestell, kjøtstell, meieri, bakeri, osv. Nursery-avdelinga var og imponerande, dagrom, nattrom og førebuingsrom og bad. Det stod ikkje på for dei 9-10 søskena som voks opp her. Men som så mange andre store hus og familiar, fekk også Lanhydrock nådestøyten under den første verdskrigen. Han som skulle føre familien vidare, fall i slag. Dei fleste av dei andre søskena gifte seg aldri, og krigen påførte dei vel sår dei aldri kom seg av. Under den andre verdskrigen hadde huset ei kort blømingstid som fosterheim for 17 evakuerte barn. Men etter det, vart der berre tre eldre sysken att, og dei ga så det heile til National Trust på 50-talet. Og NT har teke vel vare på det. Ute var det hage på hage i perfekt stand, knivskarpe graskantar mot dei mange blomsterbeda. Slik blir det aldri hos meg!


Lanhydrock

Eit anna turistmål eg hadde hatt i tankane, var Jamaica Inn, vel vitande at det nok mest av alt var turisthype. Men den som no har høyrt Jamaica Inn i laurdagsbarnetimen fleire gonger gjennom åra, må mest få med seg åstaden likevel. Vi var på muséet som var ein mix av Jamaica Inn, Daphne du Maurier og smugling. Greit nok, men eigentleg ikkje noko å køyre omvegar for.


Jamaica Inn

Så var juni-månaden i Cornwall til ende. Eg dreg gjerne attende!