torsdag 29. mai 2008

ÅRET I ENGLAND, del 4.

Mellom midterm og påske

Denne perioden vart det til at eg i stor grad gjorde som dei gamle vikingane: sat heime på garden vinteren over. Eller ein kunne seie det som Jane Austen sa om Elisabeth og familien i Stolthet og fordom, der den same årstida ”gikk uten noen særlige begivenheter for familien på Longbourn utenom kalde og våte turer til Meriton”. Eg kom meg aldri til Meriton, det vart meir daglege spaserturar i og rundt Topsham, ofte med gakkemat, marked i Matthew Hall laurdagane, to trimgrupper i Exeter – og slik gjekk no dagane. Eg har ikkje så verst talent til å drive dank. Men eit og anna braut likevel den jamne rytmen.



Longbourn, slett så staseleg var ikkje mitt vintersete



Ein laurdag kveld gjekk husbonden og eg på gladsangkveld i Margaret Church. Vi vart vel fagna i døra av sjølvaste church-warden, David. Han spurde oss korleis vi, utlendingar og framandfolk, fann på å kome på denne tilstellinga. Vi sa som sant var at vi hadde sett plakaten, og då vart han så glad at han insistrerte på å ta seg spesielt av oss og introdusere oss for nokre ”locals”. Slik vart vi sitjande i lag med ein pensjonert lawyer med frue og to søstre som spela i ad hoc-orkesteret. Som vanleg var vi lite påpasselege med å merkje oss namna då vi vart presenterte, så eg hugsar ikkje eit einaste. Men vi sat no der og konverserte over maten, mest med advokaten, damene var ikkje slett så kontaktsøkande. Etter at maten var fortært, vart det litt ommøblering før songen tok til. Då kom vi bort frå alle vi hadde blitt presentert for. Før songen tok til og i den første pausen vart vi oppmoda til å kjøpe øl og vin i kyrkjebaren, ein noko annan skikk enn den eg er oppvaksen med. Men så skal og Church of England ifølgje sosialantropologen Kate Fox vere "the least religious church on Earth". Songrepertoaret hadde ikkje spor av det sakrale i seg, det var gamle Beatlessongar, Daisy Bell, Clementine, Drunken Sailor og meir av same slag. Eg kunne dei fleste, og det var ikkje få, heile 30 songar til saman. Etter 4-5 songar var det diktlesing, morosame, glade dikt, godt lesne av ymse kyrkjelydsmedlemer. Så det var faktisk ein triveleg kveld.

Margaret



Og søndagen etter vart det omsider godt nok ver til at vi kunne la oss ferje over elva og gå til Exeter. Ferjemannen sa at turen ville ta 1 ½ time, og at vi ville kome til ein pub etter 50 minutt. Og sanneleg gjekk det på streken 50 minutt til vi kom til puben Double Lock, idealtid, får ein vel seie. Men berre 20 min. etter vil vel eg seie at vi var i byen, det kjem an på korleis ein reknar. Vi vart akkurat for seine til eit tog heim, og så gjekk vi på pub og vart for seine til eitt til.

Double Lock


Mot slutten av februar tok det til å minke med fuglar i reservatet. Det nærma seg hekkesesong, og då flytta dei fleste. Etter seks månader med andekikking måtte eg venje meg til å sjå på eitkvart anna. Dagen etter at den tradisjonelle revejakta etter stormande strid vart forboden, drista ein rev seg ut i ope lende, han ville vel gjerne feire.



Dristig rev

Byfuglane nedom kyrkjemuren var ikkje så ivrige etter å flytte, så der vart eg framleis helsa av både flygande og vraltande fuglar som kom meg i møte. Ein dag kom eg i prat med ei eldre dame som tok til med å snakke om veret, og heldt fram med det. Etter at eg hadde fått omfattande kunnskapar om dei harde vintrane på Dartmoor på 50-talet, begynte eg å spekulere på kva bøker om britisk sed og skikk seier om å avslutte samtalar på høvisk vis. Det vart noko med at eg diverre måtte gå for å møte…, og eg skulle då og til Exeter, litt seinare.



Matglede

Ein annan laurdag tok vi toget til Torquay; mellom andre gilde folk som heldt til her før i tida, var Agatha Christie. Det var den gongen folk heldt til i vakre paviljongar for dans og musikk, der dei rimelegvis tedde seg høvisk. No var den staselege paviljongen nede ved sjøen omgjord til kjøpesenter. Dei som no tyr til Torquay for å koble av, er nok ikkje av det slaget som frekventerer vakre musikkpaviljongar og ballrooms, ifølgje reisehandboka flyt gatene i helgane over av væsker som først har vore innom lekamen til folk først i tenåra. Taket i den ombygde paviljongen var ein fest å sjå på og eg vart noko nostalgisk-sentimental ved tanken på at eit slikt praktbygg hadde vorte kjøpesenter. Men det var i det minste ikkje rive!

Før musikkpaviljong, no kjøpesenter, open as usual


Midt i mars var det ny tur til Norwich, der tradisjonalt mønster vart følgt. No hadde eg og funne meg fast hotell, Marlbourogh House. Derett var eg innom London eit par døgn, der eg traff lærarar og elevar frå heimeskolen.

Det vart velsigna heimleg å kome til Shapter Cottages igjen. Det tek visst til å bli nok London for meg no, stress og styr og tuben har eg fått eit dårlegare forhold til. Miss Marple-rytmen i Topsham passar meg betre, Miss Marple utan mord, vel å merke. Vi hadde no omsider
fått avtale med den lokale mjølkemannen som tre gonger i veka leverte mjølk og juice i glasflasker. Dette skulle vi sjølvsagt ha fått i stand mykje før. Det gjev eit slikt løft til Englandskjensla å ha sin eigen mjølkemann.




Frukost i Shapter Cottage, endeleg heime igjen