onsdag 31. oktober 2012

Veskene mine, del 3


No framover vart det litt flittigare  veskekjøp, ungane var så godt som framfødde og økonomien vart betre.  I løpet av Englandsåret, 2005/2005, vart det meir enn ein tendens til handling. Det heile starta vel med at eg kjende trong til noko meir staseleg enn 50- kronersen frå Stockholm. På ein av fleire turar til tkmaxx, ei outletkjede der ein må kysse ei uhenteleg mengd froskar før ein kan kome frampå noko som minner om ein prins, fann eg denne:



Tjukt, solid lær, OK fasong, men ikkje lett å plassere på skuldra når ein skulle få bruk for det.  (No har eg fått med meg at Mette Marit og Victoria Beckham ikkje slengjer veskene skøyteslaust opp på skuldra, dei ber veskene sine pent og vakkert i handa, eventuelt litt innpå handleddet.) Denne veska har no ein ukjend opphaldsstad, først var det dottera som var veskelaus og tok til takke med denne inntil vidare, så var det ei venninne av henne som gjorde det same, og framhaldet kjenner eg ikkje til.

Og etter dette let eg meg ikkje friste til noko meir veskekjøp før inn på nyåret i 2005, bortimot eit halvår, altså.  Vi var på veg til England igjen etter juleferie heime. Dette var den tida då det gjekk båt mellom Bergen og Newcastle, og på tur sørover frå Newcastle kom vi så høveleg forbi Dalton outlet.  I England var det alt vårstemning midt i januar, og eg fekk så meint for meg at eg burde ha ei lys vårveske. 

Denne veska i skinn (!) er enkel og preglaus, grei å bere, grei å hive inn på skuldra, i det heile grei, men litt sånn "uten egenskaper".  (Jfr. "Mannen uten egenskaper" av  Robert Musil.)

Dette året i England hadde eg rimeleg god tid, og dreiv litt med husflid framom TV'en.  Eg hekla ei sommarveske (den frå Dalton var vårveske!) etter metoden "veska blir til mens du heklar".  Dette var retteleg ei brukbar veske, i finver!  Det går ikkje fram av biletet, men opninga er litt innsnevra, slik at når veska er trygt plassert på skuldra (kjenner misbilligande blikk frå Mette Marit og Victoria), er det ikkje lett for lommetjuvar å sleppe til.  Ein lyt no tenkje på alt og!


Men dette var ikkje den eiunaste husflidsveska eg ga meg i kast med dette året.  Like ved Central Station i Exeter låg det ein handarbeidsbutikk som eg flittig vitja.  Innimellom var der ein slags handarbeidsklubb der med høg gåstolfaktor.  Ein gong observerte eg og ein mann der i ein påfallande heimespøta genser.  Han las høgt for damene medan dei strikka og sydde.  Det var som å gå rett inn i ein roman frå 1880-talet, der det gjerne var ein kapellan som påtok seg lesinga. Eg stod bak ein reol og bladde gjennom det som var av broderisaker medan eg observerte.  På denne butikken kjøpte eg så ei veske som skulle broderast, utan tanke for at den som nærmar seg 60, gjerne tek til å dimmast på synet, som dei sa i heimegrenda.  Veska har vorte liggande, knapt halvbrodert ettersom alt er så grant og smått.
Stilling ledig for brodererske!

Den siste veske-utskeiinga dette Englandsåret er ikkje ei veske i retteleg forstand, men ein saftsuppefarga voksduk-ryggsekk, kjøpt på tkmaxx i Torquay, sjølvaste Agatha Christie-byen.  Dette var eit påfunn, rett og slett, rett nok eit påfunn til berre fire pund.  Kanskje ca eitt pund for kvar gong sekken har blitt brukt? 

Fleire utland i neste bolken!  Følg med!









tirsdag 30. oktober 2012

Veskene mine, del 2.

Det er ikkje alle vesker i mitt liv eg har teke vare på. På 70-talet hadde eg ei skulderveske i kraftig naturlær, slik svært mange i universitetsmiljø hadde den gongen og som eg har sett at somme har den dag i dag.  Denne veska følgde meg gjennom nøysomme studieår, og vart til slutt heilt utsliten, i alle fall rakna alle saumane.  
Ikkje akkurat mi 70-talsveske, men ei som liknar.

Elles er det ein del vesker som har blitt omplassert til nye heimar eller beint fram kasta, dei fleste av typen ute or syne, ute or sinn.  Så no tar eg kjempesteg over til 1995.  Det var det året eg var i Lido de Jesolo, og dit skal eg aldri meir. Eg vart for alltid vaksinert mot feriestader med ei lang rekke hotell, ei lang stripe med strand, og ei gate med restaurantar bak hotella.

Vi var der litt utanom sesongen, så det var gode tilbod i denne restaurant- og handlegata. Eg kjøpte skinnsekk og to brune vesker, den eine i praksis umulig å bere, den andre brukt til det ikkje var veskereim igjen.  Denne skinnsekken følgde meg trufast gjennom mange år og og kan ikkje ha kosta mange kroner pr gong han vart brukt. Men skjebnen innhenta sekken; på eit tidspunkt fann eg ut at han var såå 90-tals.  No er han degradert til tursekk for barnebarn.
Glorious old skinnsekk!

Så blir det endå eit langt sprang fram til Stockholm 2002.  Eg kan slett ikkje minnast kva veske eg for til Stockholm med, men eg var i alle fall lite nøgd med matchen mellom antrekk og veske.  I Drottningsgatan fann eg ei høveleg brun skulderveske til berre 50 kroner.  Men så var det slik at dei og hadde ei større veske i same materialet, og ho kosta ikkje 50 kroner.  Eg meinte då at det var ein god idé å ha to tett-matchande vesker, men det var det ikkje.  Begge veskene er no omplasserte, utan sakn.
Svenskar

Stockhom-turen var med kolleger. Herr B kjøpte seg eit par hanskar. Fru H og eg gjekk to vender frå Sergels torg til Järnvägsstasjonen for å få med alt.

Om britiske eksesser nest gong.