fredag 23. desember 2011

Pepperkakehusa mine, del 7 - Finale

Det året eg fylte 60, fann eg tida mogen til å pensjonere meg som pepperkakebakar.  Det er ei tid for alt.

Etter eit par år, tykte dottera at det vart litt stussleg, så ho baka sjølv. Anglofil som ho er, landa ho på noko ur-engelsk, Stonehenge:


Eg reknar med at alle kjenner til Stonehenge, men her er i alle fall originalen:



Så tek klokehaudet juleferie og takkar for denne runden. Følg med på nyåret!

PS - Eg veit at det heiter pepar på nynorsk, men pepperkake er eit omgrep som kom til meg i vaksen alder. I heimegrenda bakte vi ikkje pepperkaker, vi lagde mann- og konekaker i lys deig og dekorerte dei med spisse pinnar dyppa i konditorfarge.  "Julemannja" vart dei kalla, ikkje grammatisk korrekt "julemenn".  Ein bør i det store og heile late vere med å jage etter det korrekte heile tida.  I mitt hovud har "pepperkake" fint lite med "pepar" å gjere. Det er forresten berre Egners bakergutt som brukar pepar i pepperkaker.

torsdag 22. desember 2011

Pepperkakehusa mine, del 6 - Oxford

I  2006 begynte dottera å studere ved Oxford, så den jula var det nokså naturleg at det skulle lagast eit Oxford-college.

 Eg har vore fleire turar til Oxford gjennom åra, og det er vemodig at Oxford-perioden no er over.  Sjølvsagt vil byen bli liggande der, men han er ikkje på same måten litt min lenger.  Etter å ha prøvd ymse overnattingsstader, har eg i det siste halde meg trufast til  St Michael's Guest House i St Michael's Street. 

    St Michael ligg sutalaust sentralt til, og ter seg som ein retteleg engelsk Bed & Breakfast - med det unntaket at ho mor sjølv har vorte for gamal til å ståke med Breakfast, så det inngår ikkje i prisen, som elles er til å leve med og vel så det.  Førsteinntrykket  slår an alle romantiske strenger, trang gang med mildt sagt slite teppe, ei bratt trapp med skeive trinn.  Men alt her kan ein trass i all nostalgien fornemme at moderne tider har sett sitt preg:  Dei teppelagde trappetrinna er reparerte med Gaffa-tape, dette multifunksjonelle hjelpemiddelet som rockisar på turné aldri kunne ha klart seg utan.
No har det og funne vegen til godt og vel tilårskomne landladies.  Ikkje berre i trappa, men og på skapet under vasken på rommet.  Jau, dei nye tidene ter seg.

 Men det meste er no ved det gamle.  Det er merkeleg nok ikkje vegg til vegg-teppe på det felles badet i gangen (korridor ville vere eit altfor stort ord her), men der er matter og dosetetrekk i rikeleg monn.  Britar er mellom mykje anna kuriøst kjende for sin omtanke  for dyr. Det finst t.d. foreiningar som freistar å lette på levekåra til grevlingane. Eg har aldri funne direkte prov, men eg undrast no på om det kanskje finst ein charity for muggsopp. Om alle bad vart glatte og sterile som i ein gjennomsnitts skandinavisk heim, ville det bli ringare kår for muggsoppen.  Dei godhjarta landladiene vil det heldigvis annleis. 
Romet mitt på St Michael's er elles reint sjarmerande gult, ein gulfarge som til fulle provar at interiørarkitektar aldri har hatt tilgang til dette riket. 


 Elles skal sjølvsagt eit ekte B&B-rom ha teppegolv.  Dette golvet kan ha ein blåfarge, men helst skal det vere raudt, eller helst skal det ha vore raudt ein gong.  Og i trakkesona , særleg den delen som går frå døra og mot senga, og rundt på den sida av senga som ikkje står inn mot veggen, skal fargen vere vanskeleg å skjelne.  Der er det liksom meir svart-brunt enn raudt.  
Då eg første gong godt og vel var installert på romet og skulle ut til kveldssete, vart fortaua på begge sider av den seriøst smale gata heilt fylt opp av folk og  hundar.   Og dette var bestemt ikkje pausen i eit dressurkurs eller møte i ein Country Club. Nei, desse folka bar preg av å ha sett solsida berre på trygg avstand.  Hundane var som eigarane, av det meir rufsete slaget.    Eg scanna området og fann alternativ rute for å kome seg heim til ho gamle mor når det vart kveldsmørkre og illgjerningstid.  Men då så langt leid, var gata sope fri for både tobeinte og firbeinte.  Nærare inspeksjon av dørskilt i nabolaget avslørte at det her var ein kafé for "people over 25" (ja, dei kan få sagt det desse britane!) som var open frå fem til sju.  Kvifor dei fleste inntok fortaua i staden for kaféen, fann eg inga forklaring på. 

Men dette vart ein lang omveg fram til pepperkake-Oxford:

På innsida av bygningen kan ein sjå både studentar og lærarar.  Studentane ber dei svarte kappene sine og lærarane går i brune tweedjakker med skinnlappar på olbogane.  Akkurat dette er kanskje ikkje så godt å sjå på biletet.

Avslutning i neste bolken.








onsdag 21. desember 2011

Pepperkakehusa mine, del 5 - Vest.

Eg er nokså usikker på om USA vart rekna blant styggelanda.  Eg er vel mest tilbøyeleg til å tru at så ikkje var tilfelle, for det var då God's own country, og dei fleste av oss hadde slektningar der.  No var ikkje eg mellom dei privilegerte som hadde så nære slektningar at eg fekk Amerika-pakke.  Det var berre å stå og sjå forgapt og misunneleg på at dei heldigare stilte  kunne pakke opp taftkjolar og rosa tyggegummi.  Nei, eg er nokså sikker på at USA ikkje var styggeland; og at Canada ikkje var USA, fann eg først ut i vaksen alder.  Resten av verdsdelen Amerika var oss vel mest av alt knekkande likegyldig.I den grad den delen av verda i det heile fortente å bli definert, vart det absolutt som styggeland å rekne.  "Amerika" var det same som USA (som inkluderte Canada), og så var det noko greier med degosar, kupp og revolusjonar langt lenger sør.  Vi visste vel at Columbus hadde vore i Sør-Amerika og knerta nokre indianarar, og så visste i alle fall dei av oss som las Norsk Ukeblad at Prinsesse Ragnhild hadde vorte eksportert dit. 
Men God's own country var å finne nord i Amerika, og størst i Amerika var Nyork (New York, som somme vil ha det til).  Og største gata i Nyork var Manhattan.

Og her kjem altså Manhattan Skyline, den mest lettmonterte pepperkakekonstruksjon eg nokon gong har prøvd meg på.

Vi held oss vestpå i neste bolken.

tirsdag 20. desember 2011

Pepperkakehusa mine, del 4 - Nord

Verker samar eller eskimoar hamnar i kategorien "styggeland" ettersom hovudarealet til desse folkegruppene er nord for oss.  Styggelanda er pr definisjon i sør, jamfør førre bolken.  Men ei politisk korrekt fallgruve er det her og: vi skal ikkje seie eskimo lenger, vi skal seie inuitt. Eskimo kan oppfattast støytande.  Alle burde berre ta lærdom av dei homofile.  "Homse" var eit skjellsord, men dei homofile tok så å seie ordet inn i varmen og gjorde det til sitt.  Eg har prøvd det same med omgrepet "sunnmøring".

Igjen er det 50-talssjela mi som tek over ved juletider: eg har laga ein eskimo-busetnad. (Ein kan vel neppe kalle det ein eskimo-landsby?)  Vonleg er det  råd å sjå at det er sel som sym i havet.  Grønlandshundane  kan i alle fall attkjennast på lang lei.  Og eskimoane har på seg eskimogensarar.
Her er eskimoane klare til fortæring. Tendens til kannibalisme?

Med samar er det greit. Såvidt eg veit, har dei aldri kjent seg vonbrotne over å ha vorte kalla samar. Ifølgje barnelærdommen min bur dei i gammer.  Ifølgje Grand Prix syng dei Hei lålilålilåli, hei lålilåli.
Seinare har eg forstått at det og finst samar som bur i hus.


Har nokon prøvd å lage lasso av pepperkakedeig?  Det var det einaste eg måtte gje meg på.

Mot vest i neste bolken.




mandag 19. desember 2011

Pepperkakehusa mine, del 3 - Afrikansk landsby

Overskrifta her er noko misvisande.  Denne konstruksjonen er eigentleg ein negerlandsby, også kalla krål.  For i jula kjem gjerne barnet i oss fram, og i min barndom var det negrar i Afrika, ikkje "svarte" eller afrikanarar. I 1960-årgangen av avisa Møre-Nytt har eg nettopp lese ein heilt sakleg og informativ artikkel om ei ny  negerkyrkje som hadde vorte bygd i Alabama.  (Ein kan sjølvsagt undrast over kva lesarane i lokalavisa for Ørsta skulle med denne opplysninga, men det er ei anna sak.)  I barnetimen song den gamle heidersmannen Torbjørn Egner om negerguten Hoa utan at nokon lea på ein øyreflipp.  I sjølvaste Ønskekonserten song Kurt Foss og Reidar Bøe om "Negerbryllup".  

(Eller søk på K. Foss og R. Bøe: Negerbryllup i Kongo.)

Eksakt kva vi lærte på skolen minnes eg ikkje, men eg sat i alle fall att med inntrykket av at negrar levde i stråhytter i krålane sine i Afrika. Det gjekk stort sett i lendeklede, men fekk i blant anstendige klede av misjonærane.  Nokre negrar hadde vore uheldige og blitt frakta til Amerika på slaveskip.  Jfr. Onkel  Tom.
Negrane var forresten mest alltid glade. Dei hadde ikkje så store krav.

  Og bortsett frå å sløse bort litt pengar på misjonsbasarar, var det ingen som oppmoda oss til internasjonal solidaritet. Tvert imot; den strenge og skikkelege bestemora mi brukte uttrykket "langt nede i styggelanda" om den delen av verda som låg sånn omlag sør for Tyskland. Når mi sarte, vesle sjel uroa seg over eitkvart fælsleg som hadde hendt ein stad der ute i den store, skræmande verda, var trøyste-omkvedet: "Det er ikkje noko å bry seg om, det er langt nede i styggelanda."

Her kjem så negerlandsbyen min:
Det må kanskje litt bilettolking til for å skjøne at det stripete dyret til venstre er ein sebra. Om det var ein tiger, ville han ikkje hatt kvite striper!  Løver kan skimtast i bakgrunnen.  Og pepperkake-negrane er godt steikte, slik ein blir av å opphalde seg i sola heile livet.  Eg har inga god forklaring på kvifor det ser ut til å vere ei tinderad med snødekte fjell i bakgrunnen.  Kan det vere Kilimanjaro i XX Widescreen?


søndag 18. desember 2011

Pepperkakehusa min, del 2 - til framande land

Så skulle vi inn i eit nytt århundre, til og med eit nytt årtusen.  Eg minnest så vel frå barnedagane då vi spekulerte på dette: Ein gong, kanskje til og med i vår levetid, skulle det bli år 2000. Eg rekna til og med ut kor uhorveleg gammal eg ville vere på det tidspunktet.  Jula 1999 var det mange som var urolege for tusenårsskiftet. At dei fleste datasystem neppe ville overleve, var så si sak.  Noko heilt anna var det om vi, menneske-ætta, skulle kome oss levande gjennom slik ei storhending.  Det mangla ikkje på konspirasjonsteoriar.  Utan at eg har noko medvite minne om dette, kan det vel vere at all uroa førde meg til høgare himlar då eg skulle kreere årets pepperkakelandskap.  Det barst rett til Betlehemsmarkene og dei vise menn på vandring mot stallen.  Det skal ikkje ein gong eit trena auge til for å sjå at det her er fire vise menn, og ikkje tre, slik det står i evangeliet.  Det har seg slik at pepperkakemenn er skjørt slag, dei kan brenne, dei kan brotne eller dei kan bli levande og stikke av, slik det skjedde med pepperkakeguten i eventyret. Difor bakte eg ein i reserve. Men så hadde det seg slik at alle fire kom heilt velberga ut av steikeomnen.  Og eg er ikkje den typen som kan fungere som Idol-dommar og la ein heilt uskuldig pepparkakevismann bli stemt ut.  Eg kjenner meg meir i slekt med Marte Svennerud: Je  tek dom alle fire!

Folk med ordnung och reda som prinsipp vil kanskje påpeike at det ikkje var pyramider på vegen der vismennene gjekk.  Slikt prat hevar eg meg over. I mitt bibelunivers er det  stall og pyramider så å seie i same grenda.


Følg med i neste bolken!  Karen goes global!

torsdag 15. desember 2011

Pepperkakehusa mine, del 1.

I mange, svært mange, år har eg baka pepperkakehus til jul. Eller hus?  Det vart ikkje så lenge før eg avanserte (tja?) til pepperkakekonstruksjonar.  Men på 80- og 90-talet laga eg hus, stundom eit tun med fleire hus, stundom etter mønster frå KK, Alt om julen eller liknande, men aldri om eg kjøpte ferdig deig, enn seie byggesett. Nei, her vart alt laga "frå grunnen", som det heiter no for tida.  Ettersom eg har hatt ein tendens til siste liten og strutsefakter, stod eg mang ein gong på kjøkkenet vesle julaftan og var heller mørk til sinns og raudflekket på fingrane.

Her følgjer eit tilbakeblikk på nokre av husa/konstruksjonane.  Eg begynner med førre århundre, då eg framleis laga hus.

Her ser vi eit heller tradisjonelt nissetun.  Såvidt eg minnes, var det ein rimeleg matematikk-kyndig son i huset som lagde mønster. Elles er det ikkje så mykje å seie om dette, tradisjonelt, som sagt.

Og her meir av det same. Eg minnest ikkje montering av pipa med glede.
Her har eg heilt sikkert brukt mønster frå blad, takkonstruksjonen og elghovudet peikar bestemt i den retninga.  Det vart vel nokre vondord utetter kvelden når denne takkonstruksjonen skulle samanføyast ved hjelp av brennande sukker som alt for lett vart brent.  Det var harde tider.
Og dette er i alle fall etter oppskrift frå KK's julenummer eller liknande.  Eg har nettopp fått stadfesta at mønsteret no har hamna i Sverdrupsvei på Byåsen, og der skal det få vere.  Enn å utsetje sakeslause ungar for så mykje bannskap som monteringa av dette førte med seg, både kyrkjetårn og skorstein!  Og dette som skulle vere eit sakralt landskap.  Det vart aldri meir prøvt.
Her kjem så det siste utvalde i kategorien pepperkakeHUS.  Eg håper og trur at det fine gjerdet rundt, marshmellows og saltstenger, er min eigen idè.  Eg er litt usikker på figuren heilt i bakgrunnen.  Kan det vere at han sit på utedo med opa dør? I jula?

Meir kreativt i neste bolken.