søndag 27. april 2008

Spas og gaman i Volda på 60-talet



”Når veka hallar og helga kjem,
og laurdagskvelden står litt på klem,
då er det moro å vera til,
då etlar ungdomen seg på dill,
ein laurdagskveld, ein laurdagskveld.”

Slik song Marie Lovise Vidnes i Ønskekonserten på 60-talet, og vi som var på rett stad til rett tid den gongen, kan skrive under på dette. Sjølv var eg på randen av anfektelse under Cuba-krisa i 1962. Tanken på at verda kanskje kunne reddast om eg slutta å danse og tok til å gå på bedehuset i staden, var ei tid langt framme i medvitet, men eg utsette avgjerda i det lengste. Og russarane tok til vetet utan mi hjelp. Sidan dansa eg dei fleste laurdagane, og verda stod det over.


Typisk pardanstilfelle

Etter at eg hadde blitt hybelbuar i Volda, var det for det meste dans på Samfunnshuset der som gjaldt. Det er mogleg vorspiel-omgrepet hadde kome til Volda på denne tida, men eg kan ikkje minnast at dette vart praktisert i mine krinsar. Ein vanleg laurdag var vi først seks timar på skole, så på Kafé Viking, der vi stundom drygde litt ekstra, eit par gonger like til barne-tv for å sjå Vi på Saltkråkan. Min pers på Viking-sitting er seks timar ved same bord med same cola.

Men vanlegvis måtte ein sørgje for å nå butikkane. Fire ferske rundstykke, kokt skinke og italiensk salat var ”vorspielet” til loftshybelnaboen min og meg. Dette inntok vi medan vi høyrde ”Ønskediktet” på radio. Og vi var 17 år. Kors på halsen! ”Diktet er en enetale som et ensomt hjerte fører, i et nesten hellig håp om at noen hører”. Sitatet sit som spikra, og vi høyrde.

Ensomt hjerte
På sjølvaste dansen på Samfunnshuset gjekk det ikkje alltid så prektig føre seg. Med dagens konnotasjonar til ”utagerande åtferd”, ville det bli heilt feil å bruke eit slikt uttrykk. Men litt agering, kanskje? Den eine dansefesten var vel den andre lik, action- og spenningsnivået låg mykje på kven dansar med kven no, og kven dansar slett ikkje saman. Cliff-hangeren vart så: Kven dansar dei tre siste saman, og vil desse også danse saman neste laurdag? Ulideleg spaning, og så ei helg slo lagnaden meg til jorda: Eg fekk halsbetennelse og feber ein laurdag! Eg var så medteken at å gå ut kom ikkje på tale, men eg fekk i alle fall ei venninne til å love å kome innom etter dansen og gjere greie for (typisk norsklæraruttrykk – sukk!) alt, absolutt alt! Eg heldt meg standhaftig vaken og dreiv sjøvterapi ved å teikne sjela mi, ein dyster, mørkeblå, utflytande blekklatt.

Sjela mi anno 1965

Ein og annen hybelfest var det vel, men det ikkje så mange som har festa seg i minnet. Ein minnest eg likevel godt: Hilde og eg var bedne på hybelfest til ein lærarskule-elev. Ut på kvelden måtte vi på do, og dit gjekk vi saman. Ikkje noko perverst i det, det er slikt venninner gjer. Klosettet var av det gamle slaget med sisterne høgt oppe på veggen og snor til å drage i. På veggen var det ein handskriven plakat der det stod: ”Drag ikkje i snora i utrengsmål etter kl. 23.00.” Dette var eit romstort avtrede, og Hilde og eg vart sitjande i på golvet og drøfte. Kvar gjekk grensene for utrengsmål? Kunne det vi hadde hatt føre oss klassifiserast som utrengsmål?
Snor til å drage i, men ikkje i utrengsmål
Det slår meg at dette kanskje er ein målestokk ein no og då kunne bruke på livet sitt, stoppe opp, reflektere: Er dette utrengsmål? Sist eg var i København, kom eg i skade for å kjøpe mitt femte par brune støvlettar. Eg kan sjølvsagt argumentere med at i slikt klima som vi har, må ein ha eit par langskafta damestøvlettar med saueskinnsfor, eit par glatte, italienske til mildare ver, eit par ”uggs” med rikelege mengder sau på innsida til grusomme mengder kalde grader, eit par Sympatex til slaps- og sølebruk; og eit par låge Arche med litt hæl som var på sal til halv pris i Køben. Men om ein no reflekterte ut frå omgrepet utrengsmål? Utfallet kunne ha blitt eit heilt anna. Kanskje.

Utrengsmål?
No var det ikkje alltid Hilde og eg gjekk på dei festane vi var bedne til. Ein gong fekk vi snusen i at to unge menn, litt i periferien av våre krinsar, hadde bedt oss på fest for å ha noko å le av. Dei hadde altså ikkje planlagt overfall, mishandling, voldtekt eller liknande. Dei hadde planlagt å le. Men det skulle vi altså ikkje ha noko av, på ingen måte. Med dagens språk kunne ein vel seie at vi med eitt kravde resspekt. Vi skulle beint fram slutte å gå på fest, skulle vi. Ingen skulle le av oss. På den flittig besøkte brodeributikken, litt på skrå over gata for kafé Viking, kjøpte vi oss kvar vårt broderi og reiste heim til foreldra mine til helga. Til mor mi sa vi at vi hadde slutta å reke ute laurdagskveldane. Heretter skulle vi brodere. ”Å, vi får no sjå til neste helg,” sa mor. Og det viste seg då og at det ikkje skulle meir enn ein broderande laurdagskveld til før vi fekk livsmotet tilbake.

Broderiet vart ferdig til slutt!

Bortsett frå eit og anna kafé- og kinobesøk, vart kveldane i resten av veka brukte til lekser. Men ei tid fann firerbanden ut at vi må lette litt på trykket, så vi tok til å gå ein tur ut onsdagskveldane. Vanlegvis svima vi rundt utan å ha føre oss noko særleg, men ein onsdagskveld vart vi råka av akutt kreativitet. Vi stod med eitt framom ein stabel dreneringsrør, store, tunge sementrør. Eit slikt rør tok vi med oss og tenkte at det sikkert kunne nyttast til eitkvart. Hjernene arbeidde raskt, og vips hadde vi kome fram til at Arne skulle ha reist til Ørsta på kino, utan oss! Kunne han ikkje ha godt av ei kjølig mottaking når han kom heim? Vi handla resolutt, tok oss inn på hybelen, rulla sementrøret inn i dyna som låg samanrulla inn mot veggen slik brukvisa var før sovesofaen vart allemannseige.
Rør i Volda
Dagen etter gjekk vi frydefullt rundt på skolen og høyrde på at andre fekk skulda. Men då hybelvertinna til Arne kunne fortelje at ho hadde høyrt jentefnising frå kjellaren denne kvelden, vart det rimeleg fort avslørt kven som stod bak.

(Det kan kome meir.)




onsdag 9. april 2008

ÅRET I ENGLAND, DEL 3.

Wenn jemand eine Reise tut.


Wenn jemand eine Reise tut, dann kann er was erzählen. Ja, det er så sant, og i half-term-veka i februar gjorde eg heile to ferder. Første stopp på den første ferda var i Lyme Regis, i seinare tid mest kjend som byen der filmen ”Den franske løytnants kvinne” vart innspela, men var før det kjend som ”fossil-byen”. I klippene kring byen har det vore gjort rikeleg med fossilfunn, det mest berømte var ichthysaurusen som 12 år gamle Mary Anning fann i 1811.





Mary med fossilane sine. like blid!

Denne kan ein no sjå på London’s Natural History Museum. Mary brukte resten av livet sitt på å finne og selje fossilar og skal ha vorte gretnare og vanskelegare å ha med å gjere ettersom åra gjekk, så lukka ligg kanskje ikkje i fossiljakt?

Mary Anning, noko tilsurna. Lyme Regis

Jane Austen sat i ei strandhytte her og skreiv Persuasion, kva humør ho kunne vere i, veit eg lite om. Lyme Regis er elles eit helgaplagg av ein by; sett frå moloen, eller aller helst frå sjøen, vil eg tru, er det balsam for augo.

Neste stopp var Portland, så vidt for ei øy å rekne. Denne øya er mest kjend for kalksteinskvaliteten sin, t.d. St. Paul’s Cathedral i London og FN-hovudkvarteret i New York har stein herifrå. Og i gamlelandet har vel ein og annan vore i nærkontakt med Portland-sement. På spissen av øya kunne det ein annan dag ha vore svært interessant å spasere, men slik det no vart, var den kalde nordavinden så gjennomtrengande, at vi vedtok å sjå landskapet frå bilen, for det meste i alle fall.


Portland i ruskever

Noko meir tid tok vi oss i Dorchester. Eg mistenkjer ein guidebokforfattar for å ha motteke pengar for å skrive at dette er ein av dei ti mest sjarmerande byane i England, for meg vart det ein heilt OK by, på line med mange andre. Eg var innom Dorset County Museum og der var det litt av kvart, slik det gjerne er på eit distriktsmuseum, knuste tallerkar, utstoppa fuglar, gamle kjerrer med mykje meir. Dorchester er først og fremst forfattaren Thomas Hardys by, så ei avdeling på muséet var via han. Der lærte eg mykje eg slett ikkje kunne frå før, og kjøpte to Hardy-bøker, ikkje å forveksle med Hardy-guttene, i museumsbutikken for å lære endå meir. Eg har gått eit langt liv utan å påskjøne T. Hardy det aller minste, men eg tok til å forstå at han var stor då eg i Topsham fekk høyre at huset der eksdama hans budde, er turistattraksjon. (Denne Thomas Hardy bør ikkje forvekslast med ein tidlegare Thomas Hardy, han som heldt ein døyande Lord Nelson i armane og fekk høyre han kviskre ”Kiss me, Hardy”. Topsham har elles sin eigen Thomas, Thomas Randle, som ikkje fekk kysse Nelson. Randle forlet posten sin for å trøyste Nelson, men noko av det siste Nelson rakk før han sa ”kiss me” var å beordre Randle tilbake på plass. Detter sikra Randle ein plass ved muren til Margaret Church. Det er ikkje fleire graver der, så det er storveges til ære.)
Thomas Hardy of Dorchester

Som vi har gjort mange gonger før, og stundom angra på, køyrde vi no rundt på bygda i England i mørkninga utan å vere heilt visse på kvar vi skulle bu. Det vi, ved meg, likevel var visse på, var at første programpost neste dag skulle vere herresetet Stourhead. Så då verka det som eit klokt val å satse på tilliggande landsby, Stourton, no eigd av National Trust. Og sanneleg, det einaste vertshuset, The Spread Eagle Inn, hadde to rom, av til saman fem, ledige. Det synest stundom like greit å satse på lukka som på forstanden. The Spread Eagle Inn var National Trust verdig. Både i puben og restauranten var det ekte fire place, rett nok med innsett peisovn, men det var ved som brann der, og ikkje falske eldtunger.


Interiøret elles var slik ein vil ha det i England, gamalt og verdig. Dette var Valentinsdagen, og vi har i vekesvis sett skilt på alle restaurantar: Book for Valentine now. Så om vi hadde fått oss husrom, kunne vi ikkje ta det for gitt at vi skulle få mat. Og rett nok, restauranten var fullbooka, men i puben fekk vi plass og vart servert pub meal. På borda rundt oss spelte dei kort, domino og Scrabble.
Først dagen etter såg vi det fagert dekorerte Valentinstreet på gardsplassen. Never ever underestimate amerikansk kommersialisme. Etter ein solid engelsk frukost, som på Spread Eagle faktisk var veltillaga, tok vi fatt på utforsking av Stourhead-hagen. For den som tykkjer halvtanna mål i heimetraktene byr på utfordring nok, blir den overveldande å sjå kva somme får til, men så reknar eg med at unge Henry Hoare hadde rikeleg med arbeidshjelp då han etter sin Grand Tour i 1741 tok til å omskape heimehagen i klassisistisk stil.

Stourhead, offisiell utgåve

Han (han?) demde opp elva Stour og fekk laga kunstige innsjøar med likeså kunstige øyar. Bruer med storveges schwung vart bygde og og forseggjorde grotter vart fylte med skulpturar. Huset var vinterstengt, men hagevandringa var ein fest i seg sjølv.














Innsjø og lysthus

Noko firbeint dyr var ikkje å sjå, men det var rikeleg med føggel. I eit fredfylt lite hjørne duva andeverdas Oda Lasson majestetisk på vatnet med Jæger og Krogh i fredfylt sameksistens på kvar si side, her var det ingenting som tydde på at Oda skulle ta med seg den meir virile Krogh og stikke til Ande-Skagen. Oda And delte så pent merksemda si til stundom den eine og stundom den andre. På vegen ut av parken var vi innom landsby-kyrkja. Der hadde dronninga sjølv vore og skrive namnet sitt, i 1961.

Så barst det avgarde til neste herresete, denne gongen til velstandsheimen til den 7. markien av Bath, ein marki som eg svært gjerne skulle møte laiv. Mellom dei antikke aneportretta hadde han plassert bilete av seg sjølv. Han ser ut som ei krysning av Edvard Hoem og Alexander Kielland oppdressa som overvintra designerhippie.



















His Lordship

Longleat er ei omfattande bedrift, men det kan sjå ut som markien sjølv har romsleg med tid til meir kunstnarleg aktivitet. I ein av dei mange butikkane kunne vi kjøpe både Fantasy-bøkene hans og ei heller omfangsrik bok med markiens tankar og idear. Eg for min del kom i tankar om Kiellands greve i Balstemning: ”Fremmede og sjenerende tanker svirret omkring i hr. grevens hjerne, der de hadde god plass”. Biletkunstnar er han og, den fargerike Lord Bath. Diverre fekk eg ikkje sett veggmåleria hans anna enn i kopi. Det var så mykje å ta seg til på Longleat at tida ikkje strakk til.

Det første vi tok oss til var ein tur i safariparken, av drive-through-slaget. Då vi hadde køyrt eit kvarter og sett sju fasanar, eit ekorn og tre hestar, tenkte eg med meg at dette skal sanneleg bli noko å skrive heim om, men så viste det seg at vi ikkje hadde kome til inngangen til safariparken ein gong. Vel innom gjerdet fekk vi røyne at det sanneleg var dyr å sjå. Far til noverande marki hadde fått for seg at han skulle gjenskape afrikansk savanne der i søre England. Så heilt nøye med zoo-geografien kan han ikkje ha vore, for mellom sebraar og giraffar, vart vi inviterte til The Wallabe-walk, uomtvisteleg australsk, vil eg seie. Vi vart slusa frå område til område, i starten verka det noko slumsete med portvakter, men regimet tetna til ettersom vi nærma oss rovdyra. Gaseller og antiloper er vel ikkje så rømingsfårlege. Før apeavdelinga var det romsleg med åtvaringar og solid skilta omkøyring. Hugs at apene kan gjere uboteleg skade på bilen din, you are warned. Bra PR-trick, sa vi oss imellom, og køyrde tillitsfullt inn til apene. Korleis skulle vel ei lita Rhesusape kunne mose ein ekte RAV, tenkte vi; heilt til vi såg ei lita ape gå til åtak på isolasjonen/tetninga til bakruta på bilen framom oss. Ho brukte knapt sekundet på å finne skøyten, tok så tak med ”hendene” og røska laus. Bileigarane (barnefamilie) hadde ingen sjanse til å sjå kva som gjekk føre, så dei var ville av begeistring over å ha blitt æra med apebesøk. Då det litt etter vart vår tur til å få ape på taket, skifta husbonden gir og brøytte seg veg framover. Stakkars apegut rakk ikkje ein gong å begynne på bilantenna vår før han fekk fartsangst og hoppa av.















Car destroyer

Til slutt kom vi til slemmingane, tiger, løve og ulv. Her gjekk trafikken umåteleg sakte, alle skolefri-ungane var vel ekstra oppslukt av fårlege dyr. Vi for vår del hadde litt sans for tigrane som hadde det vitet at dei sakte paraderte forbi bilrekka, men eg har enno til gode å sjå ei løve som ikkje er lat. Så vi var litt leie då vi omsider kom til utgangen, og så var det så mykje anna som stod på programmet. Vi byrja med huset.

Dei heldt seg med romslege heimar, dei adelege på 16, 17, 1800-talet. Så romslege at det ettersom folk tok til å krevje løn for å vere i fullt arbeid, vart vanskeleg å få endane til å møtast. Den 6. markien av Bath skal ha vore den første som opna dørene for betalande publikum, i 1946 eller –49, kjeldene mine er ikkje heilt samanfallande. No er heile Longleat omgjort til ein fornøyelsespark, av det meir tiltalande slaget. Men interiøret er det ikkje tukla med, folk betaler ikkje for å sjå moderniserte velstandsheimar, dei vil ha ekte vare. Og det var sal på sal med gull og silke, porselen og måleri, heile 140 rom har familien til disposisjon. Det står ikkje på, rett og slett. Ei av vaktdamene ville vite kvar vi kom frå, og ho sa så at nordmenn var sjeldne gjester. Hermed driv eg då litt propaganda for Longleat, set av ein heil dag, og ta gjerne med ungar. I barndommen brukte eg å trakke labyrintar, som eg kalla mystiskringar, i snøen. No har eg prøvd meg på ekte hekklabyrint, og det vart fort nok. Elles var det mykje fager hagekunst å sjå, men heller lite som kan omsetjast til praksis i heimen.









Ein post stod att på programmet: Stonehenge. Ifølgje guideboka skulle det no vere stengt der, men eg mintest nokre tempelruinar i søre Italia der vi i staden for å betale usømelege ingangspengar, stod utanfor gjerdet og såg rikeleg nok; så vi køyrde til Stonehenge, det var ikkje mange miles unna. Og sanneleg vart det same soga: Inngangen var stengd, men vi såg om lag like mykje frå utsida av gjerdet som ein kunne sjå innanfor. Det er ikkje lenger lov til å gå heilt bort til steinane, så rett innom gjerdet går det ein gangveg, denne skal følgjast. Dette er det mange som er helle uglade for, og ifølgje opplysningane skal ein no lage eit nytt besøkssenter to miles unna. Korleis dette skal gjere folk meir tilfreds, skjønar ikkje eg, for det turistane vil, er å kome heilt bortåt.

I alle fall fekk vi med oss nok Stonehenge, i solnedgang til og med, og vi køyrde så mot solnedgangen og heim.







Torsdag var det ut på tur igjen, denne gong med toget til Bath. Igjen hadde vi reist utan å bestille overnatting, men det ordna seg fort. ”The Henry” i Henry Street kan trygt tilrådast, rimeleg og triveleg.

Så barst det til restane av dei romerske bada. Det var i 43 e.Kr. dei gamle romarane invaderte, og det er 43 mineralar i den varme kjelda dei fann i Bath. Vasstemperaturen held seg konstant på 46.5 grader, så det var mykje førtitals. Og vi gjekk og gjekk – med audioguide som meir og meir ser ut til å erstatte levande guiding. Ein godt laga audioguide har avgjort sine fordelar, men folk opplever ikkje noko saman, kvar går der i si eiga verd konsentrert om ein overdimensjonert mobiltelefon. (Og her kan det trekkjast parallellar til individualisering av undervisning!) Etter bada gjekk vi rundt i den vakre byen og gjorde oss kjende. Etter råd frå sjøla på The Henry, åt vi middag på ”The Wife of Bath”. Her fekk vi samstundes lese soga om den same ”Wife”. Moralen her er at om kjerringar fritt får gjere det dei vil, blir dei unge og vakre og til glede for mannen. God historie.

Etter solid heimelaga frukost på The Henry neste dag, måtte vi til å dele oss for at alle skulle få best mogleg utbyte av dagen. Folk over 50 gjekk på guida byvandring, denne gong med høgst levande guide, folk under 20 gjekk på austasiatisk museum. Dei over 50 rakk og ein tur innom The Royal Crescent Museum, ein rekonstruert edvardiansk heim som ikkje var heilt imponerande, bortsett frå kjøkenavdelinga. Så møttest vi på kostymemuséet der til og med Mannen gav seg til ei heil stund, men så vart det deling etter kjønn, med Jane Austen-senteret for damer og elektroforretning for mann. No må eg nok til å sjå alle Jane Austen-filmane oppatt, for no har eg gått alle stader der dei vart filma, og eg har oppgradert Austen-kunnskapane mange hakk. Men det er kanskje greit å spare lesarane for detaljane?

Til slutt vart det mat på internasjonal restaurant der ein åt meksikansk, ein marokkansk og ein italiensk, og så heimreise med eit forsinka tog som hadde domino-effekt på heile heimturen.



søndag 6. april 2008

ÅRET I ENGLAND, andre bolken.


Ein båt i stormen duva

Vi forlet Trondheim med hurtigruta om morgonen laurdag 15. januar. Ettersom det ikkje var særleg aktuelt å reise til England med ”pigs in the decks”, slik ein velviljug, men ikkje språkstødig nordmann ein gong prøvde å forklare, hadde vi kvelden før sett att bilen nede ved E6’en med sommardekk på. Drosjesjåføren som køyrde oss til bilen om morgonen, var hyggjeleg og fortalde oss at om vi vart tekne i kontroll med sommardekk, ville det bli 2.500 i bot pr. dekk. Men politiet hadde anna å gjere, det gjekk aldeles greit! Lugaren var reint framifrå, og sjøen var roleg. Litt gråver øydela ikkje stemninga. Hurtigrute vinterstid har sine fordelar, mellom anna prisen.

Hurtigrute ved kai i Trondheim

Etter ei natt i Bergen, skulle vi til baske oss over ope hav. Det var ikkje meldt storm over Nordsjøen, det var ikkje det, men eg trur det var stiv kuling. I alle fall var det rikeleg gynging for meg. Vi fekk oss eit godt og fredeleg kveldsmåltid medan båten heldt seg innanskjærs mellom Haugesund og Stavanger, og deretter var det berre å kome seg i seng før sjøgangen slo seg på balansenerven. Det vart ei lang natt, heile 14 timar heldt eg meg for sikkerheits skuld i senga, og sov gjorde eg det meste av tida. Midt i natta vakna eg av grovare sjø enn eg visste å sette pris på, men den gamle søndagsskulestrofen ”Ein båt i stormen duva, men Jesus var om bord” dukka opp ein stad i erindringsdelen av hjernen og eg la meg trøystefull til å sove att. Båten over Nordsjøen tok 25 timar, så det vart ein lang dag med all kulingen. Det var berre så vidt eg heldt ut å bla gjennom alle kleda som var på sal til halv pris i båtbutikken. Då klokka var sju på kvelden, kunne vi omsider køyre på tørt land igjen.

Eg hadde bestemt at vi skulle til Hexham og overnatte, men å finne rett veg ut frå terminalen, var ikkje barnemat når ein skulle til å vere original. Vi køyrde både nord og sør for Newcastle før vi omsider kom på rett veg vestover. I Hexham køyrde vi rundt på måfå til vi enda på The County Hotel. Der fekk vi eit rom med den mest himmelske himmelsenga eg har vore i nærleiken av. Rosa sengomheng og blomster og blonder. Det var mest slik at det tok litt av. I eit rom i tilknyting til resepsjonen var den mest fantastiske hønesamlinga eg nokon gong har sett, ved nærare ettertanke har eg ikkje sett hønesamlingar før. Eg tenkte å telje, men då ei lita krå, berre som eit musepiss i havet, viste seg å innehalde 28 høner, gav eg meg på det. Skulle nokon tykkje at det ikkje har vorte nok høne i livet, er det berre å vitje The County Hotel, Hexham. Det er rettnok berre billig kjøpehøne å finne der, men kvantiteten er det ikkje noko å seie på.





Hønesamling i Hexham, ein av veggane.


I staden for å bruke tida på å telje høner, vitja eg klosterkyrkja i Hexham. Denne kyrkja var først bygd i 671, og skulle då vere den finaste kyrkja nord for Alpane. Ei fin kyrkje på den tida hadde gjenstander både av sølv og gull, og med Nordsjøen ikkje langt unna, gjorde ikkje vikingane noko vesen av at dei var ubedde då dei raserte heile kyrkja i 876. Det gjekk mest 200 år før ho vart bygd oppatt. Men alt dette var gløymt no, forsikra vaktmannen meg, eit drygt tusenår seinare var nordmenn hjarteleg velkomne.


Hexham Abbey


Etter ein omveg innom Dalton Park Outlet, der vi kvitta oss med litt overflødige pengar, kom vi til Lincoln der vi straks stila mot vår faste overnattingsplass, Edward King House, det gamle erkebisp-palasset rett ved katedralen. Her budde vi 1983 og i 93, og her har vi tenkt å halde fram med å bu kvar gong vi er i Lincoln. Som det står i guideboka, er det mindre grandezza over interiøret enn eksteriøret, roma er enkle og slett ikkje en suite. Og ein må tåle kyrkjeklokkeklang når ein bur der. Kvart kvarter kimar det i klokker, bortsett frå nattestid, mellom 22 og 7. Så det er nok på den tida skikkeleg folk søv.


Edward King House

Vi var på evensong i katedralen kl. 17.30, storveges til fager song til nærast ei kvardagsssak å vere, jentestemmer og mannsstemmer. Vi måtte konsentrere oss om å halde skikken når det gjaldt å reise seg og setje seg på rett tidspunkt, eit trykt program med ”stand” og ”sit” var til god hjelp.

Katedralen i Lincoln

Så var det undervisningsbolk i Norwich. På fredagskvelden hadde eg møte med elevane før eg fann meg etarstove for kvelden. Eg hadde sett meg ut ein italiensk restaurant i gata der eg budde. Den blide og imøtekomande hovmesteren spurde kvar eg kom frå, og då eg hadde svart på det, fortalde han at han hadde vore mykje i Norge med cruiseskip. Og han kunne til og med ein norsk song, og så nynna han Mellom bakkar og berg heilt feilfritt, og fortalde meg at ”it’s an old viking song, you know!” Og når ein ungarsk hovmeister på ein italiensk restaurant i England kan Mellom bakkar og berg, får ein vel ikkje ta eit tusenår til og frå så nøye.

På toget mellom London og Exeter møtte en endå ein interessert serveringsmann. Den pakistanske mannen bak disken såg grundig på meg då eg handla og spurde om eg var finsk, det måtte vel vere noko med konsonantane. Då eg røpa nasjonaliteten, lyste han opp og spurde om eg snakka svensk, og det gjorde eg! Så stod vi der på toget og snakka svensk ei heil stund. Mannen hadde budd i Stockholm sidan 1980, men no hadde han flytta til England fordi dottera studerte medisin der, andre familietradisjonar, tydelegvis, men han sakna Stockholm av hjarta og gledde seg kvar dag til han skulle attende dit.



Good old Topsham



Alle vegar fører til Topsham

Så kom eg omsider til Topsham igjen, til krokus og påskeliljer. Topsham var ikkje heilt fri for nyhende, to antikvitetsbutikkar hadde stengt, og The Café hadde overteke lokalet til den eine.

Etter fleire månader i byen, oppdaga vi no ferjemannen, ein mann som ror folk over Exe. Vi hadde tidlegare lagt merke til den store ferja og tenkt at dette får vi ta til våren. Men no oppdaga vi altså ei ”ferje” til. Søndagsturen vart straks utvida, og Topsham fekk nok ein dimensjon.


Topshamferge

På den andre sida er det fin sti langs kanalen som Exeter by fekk laga etter at den slemme hertuginna hadde stengt elva ved Topsham. Vi gjekk til Turf Lock og tilbake, flott tur, så vinka vi til fergemannen som kom over og henta oss. Ettersom vi stilte interesserte spørsmål, tok han ein ekstra runde og viste oss kanalvakthuset og fortalde ein del lokalhistorie.


Stien til Turf


Vi fekk også vite at det på den andre sida er fin gangveg til Exeter med ein pub så høveleg plassert om lag midtvegs. God idé til nytt søndagsprosjekt. Om vinteren ferja han berre i helga, men frå 1. april vart det dagleg. Det var første gang eg vart ferja pr. robåt og eg kjende historiske vibrasjonar. Vart ikkje Adrian ferja over Gaula? Og så var det noko med ferjemannen over Hades, som det kanskje er like godt å ikkje tenkje for mykje på.



Det gamle kanalvakthuset

Meir i neste bolken!