torsdag 24. juni 2010

Karen i Syden, del 5.

Puerto de Mogan, framhald II.



Utsikt frå verandaen vår.

No kan det vel verke som om eg brukte all tid og energi på bordsete i Puerto de Mogan, men slik var det slett ikkje. Som det kanskje har skine gjennom, er eg ikkje Syden-typen. Latmannstilvære ved ein bassengkant eller på stranda får eg fort nok av. Litt kunne eg underhalde meg med observasjon innnimellom. Slik heiter det i ei gamal herme: ”Det er mykje stygt i sjønå, sa mannen, han såg kjerringa bade. ” Men dei kan no ha sitt å skakast over kjerringane og. Midt i augnesyna kom det ein godt og vel vaksen kar med ein BMI som WHO ikkje ein gong på sitt romslegaste ville ha tilrådd, med ei bittelita badebukse i 70-talskrepp som eksponerte understellet på eit alt anna enn flatterande vis.

Det er visst brukvisa i Syden å la all estetikk fare. Slappe skinnfiller til bryst, cellulittar, neglesopp, senilvorter, åreknutar – fram med det, alt i hop! Eg greip meg i å kjenne takksemd over å sleppe å bli eksponert for hemoroider. For ein norsklærar vert det fort ein yrkesskade å drøfte føremuner og ulemper ved det meste. Så her kjem stiloppgåva: Gjer greie for føremunar og ulemper ved kroppseksponeringskulturen i Syden. Føremunar: Det demokratiske og tolerante ved at det er fritt for å vise fram alle aspekter ved skaparverket, godt hjelpt av usunt kosthald og alminneleg aldring. På den andre sida: Eg såg ei eldre svensk dame med flott skoren badedrakt i perfekt passform. Antrekket gjorde henne til ei stilig, eldre dame. Konklusjon: Ver gjerne snill mot skaparverket, hjelp det litt.


”When in Syden, do as the Sydens do”, kunne ein vel seie. Og då basisplagget mitt, ei linbukse, vart tilsjaska av tomatsaus, fann eg meg sjølv i ferd med å kjøpe ein shorts av det slaget eg likar å baktale, til og med med snor til å knyte rundt livet! Der eg spaserte rundt i Puerto de Mogan, kjende eg meg berre som ”folk flest”. Dette skulle snu ved eit anna høve, meir om dette seinare.

Elles fekk eg dagane til å gå med full utnytting av trimtilbodet ved hotellet. Klokka 11 kvar dag var det ei eller anna form for organisert trim, pilates, yoga eller såvore, noko nytt kvar dag.
 
Utandørs trimplatting, dagleg i bruk
 
 Klokka 12 var det aqua-gym, men det gav eg meg på etter to gonger, det var for mykje fugledans og selskapsleik. Etter å ha gladmassert skuldrane til ein framandkar frå Haugesund, og vorte innstendig oppmoda til høglydt kauking på ymse tungemål, vart det nok. Tida brukte eg heller i det velutstyrte trimrommet der det mest ikkje var andre. Men ein dag kom det ei eldre, distingvert tysk dame frå den meir eller mindre faste 11-trimgruppa og ville ha meg til å lære henne opp på apparata, slik at ho kunne bruke dei seinare. Eg triminstruktør – Tarzan pave! Men eg gjorde mitt beste, det skal seiast.
 
 
Her debuterte eg som triminstruktør og trur nok det blir med debuten!


Eit par utflukter gjorde vi og, ein dag med buss til byen Mogan, litt oppe i fjellet. Etterpå var vi ei stund i tvil om det var Mogan vi hadde vore til, men det fekk vi etterkvart stadfesta. Ei skjellsettande oppleving var det ikkje, men eg fekk i alle fall sjå kanariske kamphundar, forsvarleg inngjerda, og fekk eit visst inntrykk av korleis dei fastbuande bur.


Kanarisk kamphund



Bortanom berget bur det og folk.

Ein annan dag tok vi The Glass Bottom Ferry (særleg til glasbotn!) til Arguineguin og tilbake. ”Enn om vi kledte fjellet”, heiter det i Bjørnsons Arne. Slik må dei ha tenkt sør på Gran Canaria, berre med det unntaket at dei ikkje har kledt fjellet med nasjonalromantiske tre og buskar, men med hotell etter hotell etter hotell.



"Enn om vi kledte fjellet."


I barndommens Vangsgutane var Tarald Turist ein kjend skapnad. Han brukte å kome til Todalen på sommarferie, ikledd ruta dress med nikkers, type engelsk overklasseturist før i tida. Han var ikkje å sjå på denne båten, det var derimot Svante Turist frå Skåne. Han breia seg framom alle oss som hadde fått sitjeplass på fremre dekk og konverserte meir enn høglydt med frua på øvre dekk. Ikkje ein gong Hawaiskjorta mangla! Tarald ville aldri ha funne på å te seg så lite høvisk. Visse ting var betre på 50-talet.



Svante svensketurist

Så leid det til siste kveld på Cordial. Etter litt parlamentering med ein dyktig tilsurna resepsjonist, fekk eg skifta frå andre til første bordsete. På dette viset gjekk eg glipp av siste kveld med Herr Ø og fru B, og dei er no ute or soga, om ikkje eg tek meg kraftig på tak og fullfører Derrick-episoden.

Ved den siste frukosten var eg rett og slett matlei og komponerte denne retten for å freiste meg sjølv: Ei skive honningmelon, ei tynn skive kanarisk ost oppå der, så ein romsleg bit røykelaks toppa med svart og orange kaviar. Freixenet til, berre prøv!


mandag 21. juni 2010

Karen i Syden, del 4.

Puerto de Mogan, framhald.

Men no var ikkje Herr Ø og fru Bling dei einaste i vår vesle terrasseunivers. På den andre sida vår , tett inntil, hadde vi eit ektepar av engelsk ”grått gull”-typen. Eg som har finlese den sosialantropologiske boka Watching the English av Kate Fox, lever i stendig frykt for sosiale fadeser, Men etter eit nikk over første dessertforsyning og ein forsøksvis venleg kommentar frå mi side, vart vi spurde om kvar vi kom frå. Dermed var vi med eitt inne i interessant samtale, for det meste om Old England. Paret hadde budd i Cornwall, og det har vi og! Og dei bur no i Stratford upon Avon, ein ikkje heilt ukjend by. Det var faktisk så mykje interessant å snakke om at herr Ø. og fru Bling reint kom meg or sinn.

Men det vart morgon den fjerde dagen, og der var dei, ho og han. Eg vreid nakken mest or ledd då eg såg herr Ørn med hettegenser, kvit hettegenser, gamle kall, wannabe sofistikert, særleg! Til middag var dei først ikkje å sjå, og eg var i ferd med å skrive om heile Derrick-episoden: begge to forsvunne på Sydentur, lika funne dumpa i ein seglbåt. Eg hadde tidlegare på dagen sett ein staseleg norsk seglbåt i hamna som kunne vere av høveleg klasse. Men så kom dei! Ho i svart i dag, svart kjole med legglange tights (dress your age?) No hadde ho nok gått heile runden med gullblinget sitt, for i dag var Porno-Hagen-kjedet attende. Herr Ø hadde gjort eit klesmessig kvantesprang sidan den første kvelden. Han kom no i dongeribukse, men ikkje kva som helst dongeri som folk i hans alder kan finne på å ha på seg.

(Her må eg inn med ein lang parantes. Moteskribentane i The Times og Guardian, kanskje fleire og, men det er desse eg les, var ei tid opptekne av spørsmålet om folk som nærmar seg dei 50 i det heile skal tillatast plagg som hettegenser og dongeribukse. For hettegenseren var svaret eit klinkande klart NEI, medan det var noko meir debatt kring dongerien. Yndlingsskribenten min, Hadley Freeman i The Guardian foreslo som eit punktum i debatten at ein kunne setje alle over ca 48 på eit stort isflak og gje dei ein solid dytt i retning Nordpolen. Var det ikkje Die Endlösung Hitler kalla det?)


Herr Ø hadde grundig bleika, steinvaska og fake-sliten dongeri med baklommer som på ingen måte kunne kallast smålåtne, pynta med mørkeblått maskinbrodert mønster og ein uvanleg prangande logo, eg kom diverre ikkje nær nok til å lese. Ikkje om eg orka å tenkje ut fleire Derrick-episodar til ein så wannabe sophisticated, wannabe young, wannabe whateverheisnot-tyskert!



Exit Derrick!

lørdag 19. juni 2010

Karen i Syden, del 3


Puerto de Mogan

No hadde vi gjort unna våre to bestilte netter på Colon, og i all vår vankunne hadde vi late vere å bestille noko meir. Vi reiste, naive og ukyndige, til Puerto de Mogan heilt sør på øya og gjekk inn på det første hotellet vi såg og spurde etter rom. Resepsjonsdama var himmelfallen, her tinga ein seg rom minst eit halvt år på førehand, og vanlegvis gjennom turoperatør. Eg hadde alt teke til å sjå for meg eit tilvære som strandboms, då vi stod framom det gilde hotellet Cordial som eg hadde lese om. Og her var det sanneleg plass og. Med dei trugande uteliggartankane i hovudet, slo vi straks til, sjølv om prisen var heller ugrei. Etterkvart vart prisen mykje greiare. Ved å gå til PC-romet på hotellet og bestille fleire netter via hotellsøkemotor, sparte vi ein heil del.

Ettersom vi no var vel installerte på fleire stjerners hotell, fann eg ut at skal det vere, så skal det vere, no ville eg og ha måltida på hotellet, i alle fall to om dagen. Hotellet var nemleg av det slaget som har ”alt”, det skal ikkje vere naudsynt å gå utom gjerdet. Slik gjekk det til at vi fekk fast bord med etterkvart faste naboar på terrassen med fager utsikt til rennande vatn.



Spiseterrassen der følgjande drama skulle utspelast.

Men den utsikta som tok i meste laget av merksemda mi, var eit tysk par i sine beste 60-år – minst. Dei smilte og nikka til høgre og venstre og viste meir enn tydeleg at small talk var deira minste kunst. Der Herr hadde ørnenase og kalkunhals og omhyggeleg frisert sølvgrå manke. Han stilte i nålestripa blazer (den einaste eg så langt hadde observert med jakke i varmen), kvit skjorte og kvit bukse. Die Frau hadde den mest massive brunfargen eg har sett etter at solfaktor vart eit kjent omgrep, hår som nok skulle ha vore ettervekstfarga for eit par veker sidan, trang, kvit bukse og gullbling overalt, mellom anna det feitaste gullhalsbandet på denne sida av Porno-Hagen.


Feitt bling!

Den distingverte Herr konverserte flittig eit ca ein generasjon yngre par ved sidebordet. Her var dama knapt over 35, men uvanleg utdatert med omsyn til hårfasong, briller og rysjebluse. Eit slags omvendt 1661. (1661 er når ei dame ser ut som ein 16-åring bakfrå, på avstand, men viser sine sanne 61 år når ho snur fronten til.) Den eine dama var altså tydeleg prega av tidas tann, men villig til å gjere det meste for å løyne røyndommen, den andre naturleg ”ung vaksen”, så naturleg at ho kunne tillate seg kva som helst av frumpy utstyr. Her skulle det omtrent ingenting til å førestelle seg Derrick med Herr Klein på slep, episoden redigerte seg av seg sjølv medan eg sat der: Det skulle skje noko med den wannabe sofistikerte mannen, men det skulle ikkje skje i ”Syden”, for der har eg aldri sett Derrick. Noko skjer etter ferien. Derrick og Klein ringer på døra til eit fasjonabelt hus, ei hushjelp opnar, frua med alt gullblinget har no farga etterveksten og kjem skridande ned ei brei trapp. Ho tek bodskapen med overraskande fatning. Likevel spør Derrick: ”Haben Sie Angst?” Dama med rysjeblusen og 80-talsbrillene blir spora opp. Ho kan fortelje kva ho var vitne til på ei terrasse på eit Sydenhotell. Her gjekk eg over til å konsentrere meg om maten, uviss på om det kom inspirasjon nok til ein neste bolk.




Den andre kvelden på terrassen hadde Herr Ørnenase og fru Bling kledd seg ned. Han hadde ikkje jakke, men mørkeblå genser med kvit skjorte inni, skjortekragen var bretta opp på ein veldig oppbretta skjortekrage-måte. Frua hadde eit noko mindre feitt gullhalsband, og resten av gullblinget var også meir moderat, ikkje i mengde, men i tjukkleik. Og så hadde ho på seg ein overdel som tenderte over i det folkelege: fleire fargar i eit slag abstrakt hawaipalmemønster. Det yngre paret ved det andre bordet var ikkje der, i staden sat der eit eldre tysk par, han med solid vom og rutete skjorte, sikkert ikkje av den sosiale klassa som herr Ørn sløser bort godorda sine på. Men i og med denne tendensen til dress down, vart ikkje Derrick-vibbene like klare, og eg kom ikkje lenger med episoden min. Leider.

Den tredje kvelden med herr Ørn og fru Bling starta monaleg dramatisk. Ved det faste bordet deira sat det eit anna par av eit heilt anna kaliber. Ho i kjerringbukse, tverrstripa genser og boblevest, med ei heller utrendy veske. Han i sportsbukse med overdriven mengde lommer, sportssandalar og bomullssokkar med striper! Eg kunne knapt samle meg om bordets gleder. Kva hadde hendt med fru B og herr Ø? Mord? Bortføring? Utpressing? Men så kom dei, endå ein gong i heilt anna antrekk: Han i rutete skjorte, her snobbar vi nedover, altså, ho i ein tredje variant gullhalsbling, og ikledd rimeleg tettstijande kjole – det ligg nok mykje arbeid bak den figuren. Bordet deira var altså oppteke av eit på kryss og tvers ukult og velfødd par rundt dei 70. Men var fru B og herr Ø innstilte på å gjere skandale? På ingen måte! Jovialiteten rann som sveitten av ein steinbrytar (forklaring på assosiasjon: eg las Ken Follet Katedralen om dagane). Dei rett og slett fann seg eit anna bord og smilte gemyttleg. Fru B vende seg til og med mot dei norske undermålarane og sa både Bon Apetite og Guten Abend. Snakkar om å kjenne seg inkludert!

torsdag 17. juni 2010

Karen i Syden, del 2.

I Las Palmas

Ettersom vi berre fekk tilgang til muffins på flyet, var no likevel mangelen på mat eit større problem enn mangelen på tau. Det var ikkje vandt om skjenkje- og matstover kring oss, men husbonden har ein lei hang til å skulle gå ned/bort ei gate til (og ei til osv.) for å finne noko meir ”autentisk”. Etter ein del gåing, fekk vi i det minste i oss ein forrett med fritert scampi. Etter å ha gått oss grundig bort, hamna vi midt i turistfella på Canterasstranda til hovudrett. Etterpå kunne vi krysse ut ein restaurant som ikkje var verd gjentak.

Noko frukost var det ikkje snakk om på hotellet, men kva gjer vel det når det er svensk kafé rundt hjørnet.
Det hender at svenskar er gode å ha!

Etter ein del kløning, den manglande Sydenkompetansen igjen, klarte vi å finne buss nr. 1 til gamlebyen. Her gjorde vi det meste som det står i boka at turistar skal gjere: Katedral, katedralmuseum, Canarimuseum,gatevandring, lunsj.

Til kvelds gjekk vi berre til italienaren som var næraste nabo til Colon, god mat, men eg vart litt uroa då eg vart sitjande og sjå på ein mann som for meg såg ut som ein potensiell sjølvmordsbombar. Ein går som kjent i fare kvar ein går. Noko rolegare til sinns vart eg då det kom ein lyseblå munk og sette seg attmed han, heilt til ro fall eg då det kom endå ein mann, denne i det eg oppfatta som katolsk prestedrakt. Og fordommane skin gjennom, eg vedgår det. Dei siste år har det kome fram mykje og mangt om katolske prestar, men dei er i alle fall ikkje rekna for å vere til fåre for damer i 60-årsalderen.

                                            Sjølvmordsbombar-lookalike?

onsdag 16. juni 2010

Karen i Syden, del 1

Sydenamatør på reisefot.

I do-kø på ein lang flytur kan det bli rikeleg høve til observasjon og undring. Og når ein dertil er på veg til det såkalla ”Syden” (folk som vil ha underhaldande definisjon på dette omgrepet, bør lese Syden av Are Kalvø) for første gong (for Madeira er vel ikkje Syden?), er det mykje å sjå og lære. Eg lærte fort at Syden-kompetansen min er på aller lågaste nivå.

Men attende til nemnde kø. Blikket mitt vart som jarn mot magnet drege til ei ikkje heilt ung blondine med den høgaste blonderingsfaktor som tenkjast kan, og hårhøgde som kunne måle seg med sjølvaste fru Hagen. Diorsolbrillene var alt på, etter storleiken på D’en å døme, var det kanskje til og med falsk Dior? Umåteleg prangande i alle fall. Tettsitjande og romsleg utringa topp i leopardmønster gjorde sitt til å fullkomleggjere stilen. Ei tømd heilflaske vin alt kl. 14.00 var og med på å komplettere biletet. Det er på sitt bisarre vis fascinerande å sjå utstyr som var ”knæsjt” på ein 17-åring på 60-talet plassert på ei dame som kanskje, i beste fall, var ”knæsj” den gongen, men som utpå 2000-talet må skildrast med heilt andre adjektiv. Litt som å hengje sylv på purka. Som (wannabe) pene damer flest, heldt ho seg med ei noko mindre pen venninne. Venninna hadde gjort eit frisyremessig kvantesprang til 80-talet, piggsveis (noko slunken) på toppen og hockeylengde bak. Venninna bar og preg av mindre tilgang til rynkereduserande krem.


Visse klesplagg gjer seg vel så godt på 20-åringar som på 60-åringar.
 
 
 
 
 
Ved sida av meg hadde den ikkje heilt unge, men sikkert desto meir røynde Syden-fararen fått på seg kortbroka alt før flyet hadde taxa ut frå Gardermoen den 11.11 kl. 11. (Ingen tenkte på å stoppe opp å heidre dei falne frå den første verdskrigen denne dagen, slik brukvisa er i mange andre land.) Eg kommenterte dette, i tilnærma høfleg modus, og han kunne fortelje at han pla ha på seg overtrekksbukse som han tok av før han sette seg i flyet. Og eg som knapt kan løyne begeistringa for velbrukte, hårete mannebein, kjende jubelbrus i mitt indre. (Ironi = å uttrykkje det motsette av det ein meiner, seier norsklæraren.) Folk må sjølvsagt få glede seg over Sydenturane sine, men det var ikkje påfallande sterkt lys i flyet, og temperaturen om bord tilsa for min del både genser og cardigan.
 
 
Påbode antrekk for godt vaksne sydenmenn?

Alt halvvegs ute i den fem timar lange flyreisa, meinte eg å ha begynt å auke Syden-kompetansen aldri så lite, og om lag der fekk eg og den første dyrt kjøpte leksa: Det er dumt å vente til andre runde med matservering,for då har dei ikkje meir igjen.


Frå flyplassen tok vi drosje til det bestilte hotellet i Las Palmas, greit med litt sjåførhjelp på nye stader, tenkte vi. Mailen med adressa til hotellet hadde kome bort, så det einaste vi hadde å fare med, var at hotellet heitte Colon, og var ein stad langs den mange kilometer lange Canteras-stranda. Drosjesjåføren måtte konferere med eit par kollegaer og køyre rundt det same kvartalet gong på gong før han fann fram. (Eller var han berre ein luring?) Eg var heilt klar over at eg hadde bestilt hotell utan havutsikt, men ikkje like klar over at det eine vindauget på romet i 5. etasje vende mot ei trang sjakt. Eg kom i tankar om H.C. Andersen som støtt hadde med seg ein solid taukveil på ferdene sine i fall han skulle bli nøydd til å fire seg ned.



Hotellet vårt frå si beste side, men vi budde på baksida.