mandag 31. august 2009

Ørsta frå A til Å, del 10 - K

K. Onkel Karstein

I kyrkjekunsten er det slik at dei forskjellige heilagmennene er utstyrte med visse attributtar. Om ikkje portrettlikskapen er så framifrå (og kven veit no forresten for visst korleis han Heilag-Olav såg ut?), kan kvar og ein kjennast att på det han ber med seg. Heilag-Olav har ei øks, apostelen, eller læresveinen, som det heitte i mi tid, Andreas, har eit kors, Andreas-korset ( for øvrig også kjent frå ”ABC for førerprøven”!).


Andreaskors

Eg hadde ein morbror som heitte Karstein og hans attributt var bil! Eg kan ikkje tenkje på han utan å sjå oljeflekkete hender og kjenne lukta av bensin. Bilane til onkel Karstein var ikkje kva som helst slag bil, eller kanskje var dei nettopp det! Slik den økonomiske stoda var utetter 50-talet, fekk han nøye seg med det som var å få, for minst mogleg kontante utlegg.”Den beste bilen i verda er den som han har nå, du skulle bare høre om motor’n ville gå”, song han Vidar Sandbeck i Ønskekonserten. Ein skulle tru onkel Karstein hadde stått modell til denne visa, men det var venteleg fleire i kongeriket som heldt seg med lunefulle bilar på den tida.

Det var ikkje berre det at onkel Karstein hadde bil sjølv, han køyrde og kommunal lastebil, og stundom buss. Men det å få sitje i førarhuset når han køyrde lastebil med snøplog framover dalen, det var bror min sitt privilegium. Det var den tida menn var menn.


God, gamal snøplog

Bilturar om søndagane derimot, det var for alle. Kunne bilen synast fullstappa før han kom så langt som fram på Dalen, var det alltid råd å stappe inn ei kjerring eller ein unge til. Bilbelta var vel ikkje ein gong komne så langt som til teiknebrettet den gongen, ”Trygg Trafikk” var i alle fall ikkje kome til Ørsta, og Lensmannen hadde anna å gjere enn å telje passasjerar i baksetet. Så det var å stappe inn, framme og bak, med det heldt, og køyre på biltur dei mest halsbrekkande svingar på smale vegar med fjorden rett ned på den eine sida, i heldigaste fall med stabbesteinar som tapre forsvarssoldatar, og eit heller skralt rassikra berg på den andre sida. Folk skulle eigentleg ikkje ha overlevd 50-talet slik greinaløyse det rådde, men merkverdig mange gjorde det.


Ei av dei store familiekrønikene handlar om då onkel Karstein køyrde deler av slekta til bryllaup i Odda med ein tilårskomen ”Nash”.

Nash, 42-modell

Sjølv var eg ikkje med, men i ånd og attforteljing har eg gjort ferda så mange gonger at eg ikkje trur skilnaden blir så stor. Denne turen gjekk altså ikkje utan hindringar, nei, heile turen hadde liksom hindring – og overvinning av hindring – som fundament. Motorhavaria kunne knapt teljast på dei fingrar som var å oppdrive. I tillegg var det tidvis uframkomeleg på grunn av skodde, fem personar måtte overnatte i den lite komfortable bilen, ja tante Agnes måtte jamvel sitje midt i baksetet og skjere brød! Eg har lese ei bok av Ralph Høybakk om dei gjevaste og mest krevjande tindeklatringane i verda, og så vidt eg har skjøna, var det ikkje nokon ringare prestasjon å kome seg frå Ørsta til Odda på tre dagar enn å bestige Mount Everest. Men fram kom dei, og bryllaup vart det tura.