fredag 23. november 2012

Veskene mine, del 8


I 2011 hadde eg i prinsippet slutta å kjøpe vesker.  Det var berre det at eg kom over ei sterkt redusert (80%!) veske i Bergen!  Retteleg bra kvardagsveske.
Ekte nylon, relativt dårleg med innreiing

No var det einaste eg var på jakt ein sekk som den raude, men i meir nøytral farge.  Før Berlinturen det året hadde eg budd meg og funne ut at det var MD-avdeling på KadeWE, så eg tok den lange turen frå bustaden ved Alexanderplatz og til Kurfürstendamm, men til inga nytte. MD-avdelinga var no å finne på Potsdamer Platz.  Så ein kronglete banetur dit, stengde strekningar og stasjonar, berre for å finne at dei berre hadde ein annan type sekk.  Denne var på salg, og eg var trøytt og lei og sette alvorleg spørjeteikn ved den mentale tilstanden min.


Vel, sekken er ikkje romsleg som den raude, men grei nok med fora lomme til PC'en. Og så matchar han veska frå Hamburg, tyskertar begge to!

På vårparten i år, 2012, vart eg invitert med eks-kollegaer på "Milde Matilde og drillpikene".  Det er eit storveges konsept:  Damer i flokk møter i ein ominreidd låve, mat og vin blir servert (ikkje gratis) og stemninga blir piska opp ved ei munter mannekengoppvisning.  Så får damene sleppe laus i klesstativa, venninnene er i humør og stærar opp kvarandre - og pengane i kista kling!  Min fangst vart ei korallfarga skjørt.


  Og dette skjørtekjøpet fekk følgjer utover våren og forsommaren. 

Skjørtekjøpsfølgje 1, 2, 3, 4 og 5, alle frå byar i Andalucia.

Skjørtekjøpsfølgje 6, frå London.

Sko hadde eg frå før:

I august var eg så i Berlin. Den medreisande ville gjerne vise meg ein fin veskebutikk i Hakesche Höfe.  Eg hadde vesker nok, men eg kunne jo bli med inn og sjå på stasen.  Og der stod VESKA på eit bord midt i augnesyna og eigna seg heilt perfekt som skjørtekjøpsfølgje nr. 7.  Eg gjorde ein tapper freistnad på å halde tilbake, men den medreisande minte meg om kor mykje euro vi nordmenn får for kronene våre no, og at eg dessutan ville få igjen ein haug med taxfree-pengar på flyplassen.  Det vart mest rein netto.  Og eg kom i tankar om at det er ikkje lett å vere Angela Merkel om dagen, ho skal redde euroen både her og der, og kan ha bruk for ei handsrekning.  Og så hadde eg fått mi første JOST-veske.  JOST er eit framifrå veskemerke, fin stil, fin innreiing, fint skinn, med dette  avsluttar eg det mangeårige forholdet mitt til Mandarina Duck, tenkte eg,  no er det berre JOST som gjeld.  Men altså, eg er snart 65 år og no har eg i alle fall dei veskene eg treng.  Eg kan vel avslutte forholdet til veskekjøp, sånn reint generelt, konkluderte eg så fromt og fornuftig med. 

Dagen etter skulle vi på kjøpesenteret Alexa for å kjøpe eit litermål.  På veg til kjøkenutstyrsbutikken kom vi sanneleg forbi ein JOST-butikk og der var det tilbod! Mange godbitar til halv pris.  Den medreisande, som påstår at ho ikkje er nokon shoppar (ho hadde berre kjøpt to skjørt, ein genser og eit par sko dei siste par dagane) skulle berre inn og sjå.  Eg og såg - og såg, og eg kunne tydeleg fornemme ropet frå ein kjole i heimen: "Æ å vil ha veske!" (Kjolane mine bur i Trøndelag)  Og det var eit godt tilbod, og - i morgon skal eg byrja på eit nytt og betre liv, trur eg. (Den medreisande antishopparen kjøpte og veske, minst ei av oss hadde hamna i dårleg selskap.)


Men no er det mykje som tyder på at eg har slutta å kjøpe vesker.  I det siste har eg vore både i Stockholm og Amsterdam og har ikkje så mykje som sett på vesker. Could'nt care less!  Men akkurat i seinaste laget oppdaga eg at det er eit veskemuseum i Amsterdam.

No har det altså vist seg at eg ikkje har vorte nokon suksess som rosabloggar.  Neste gong skal eg prøve på intellektuell refleksjon.

PS - Allt jag vil ha er ett halsband av korall - kødda, eg har eit! Og armband. Og øyrepynt.
















torsdag 22. november 2012

Veskene mine, del 7


Så har vi altså kome til året 2009. I mai var eg på dametur til Oxford og Bath, ein slags repetisjon av tilsvarande tur i 2008, men då med andre damer.  Det vart ein framifrå tur, i Bath i aldeles sentralt plassert leiligheit, i Oxford på sjarmerande Bath Place Hotel.

http://www.bathplace.co.uk/

I 2008 hadde eg shoppingdebutert i Bicester Village, den desidert mest ettertrakta attraksjonen i GB for nyrike kinesarar, No skulle damene av 2009 og få vere med til denne shoppinghimmelen.

http://www.bicestervillage.com/en/plan-your-visit/about-bicester-village/about-bicester-village

 Inne i Mulberry-butikken peika den medfølgjande dottera på ei veske og sa at "her, mor, er nett den veska du sa for nokre år sidan at du skulle ha ein gong. Vi rekna til og med ut kor mykje vi kunne spare ved å reise til New York og kjøpe henne." Det vart aldri til at vi tok turen, men her var veska, altså, til og med billigare enn i NY. Men ein slange i shopping-paradiset var der: Reisefølgje Mette hadde kjøpt tilsvarande veske på Mulberry-fabrikken utanfor Bath året før. Og ein veit korleis det er når to damer kjem på fest med same kjole!  Mette forsikra imidlertid om at det var heilt greit, det er ikkje så ofte vi er ute og luftar vesker saman, og begge har vi andre vesker å velje blant.  Då eg kom heim, viste det seg at den andre Mette i mitt liv og har slik veske. Men vi er alle vener og vel forlikte.



Etterkvart har det vist seg at denne veska er vel så fin å sjå på som å bruke. Ho har ikkje all den innreiinga som Mandarina er så flink med, og ho må berast på Victoria-måten. Men kjekk å ha!  Denne veska burde ha vore eit verdig punktum for veskekjøpa mine, men slik vart ikkje det. Det vart likevel ikkje fleire vesker dette året, men ein staseleg berepose viste det seg at det vart. Då eg kom heim, såg eg eit avisbilete av eit par av døtrene til Bob Geldof med bereposar frå Temperley. Og du store styrelse; ein slik hadde eg og med frå England; sjå berre:


Blusen eg kjøpte var ingen stor suksess, knappane datt av, og stryking etter vask viste seg å vere svært arbeidskrevjande.

Eg kan ta med året 2010 i same slengen. Det meste av året brukte eg på sjukdom, men i desember var eg såpass at eg drog til Oslo på julehandel.  Det viste seg fort at berekapasiteten min på ingen måte var som før, og der, plutseleg, kom eg over ein raud MD-sekk, ein reint støvandes sekk, rommer mykje og er framifrå å bere, god investering.  Men eg hadde klede som høvde til raudt den dagen.  Det har eg ikkje støtt.


Berre ein bolk igjen no, følg med!

(PS - det har ikkje vorte så lukrativt å vere rosabloggar som eg trudde, ingen sponsorar har meldt seg, ikkje så godt som ein goodiebag!)







fredag 9. november 2012

Veskene mine, del 6


Våren 2008 var eg igjen på reise med elevar som skulle delta på Europeisk Ungdomsparlament. Denne gongen gjekk ferda til Hamburg.  Programmet for medfølgjande lærarar var noko mangelfullt, så det vart ein del fritid.  På dette tidspunktet hadde eg alt begynt å planlegge antrekk til ein dametur til England i juni- og kome til at eg ikkje hadde noka høveleg veske til denne reisa, rust passa ikkje, raudt passa ikkje. Dei andre veskene var så krøkkete å handtere, og aldri meir Beach Bag på byferie.  (Noko skal ein jo ha å bry hovudet sitt med.)  Dermed vart det ei ny MD-veske i Hamburg, ei svært anvendeleg veske som har vore mykje brukt og for lengst har tent seg inn. Om eg berre skulle ha ei veske, kunne det godt ha vore denne.
Reiseminne frå Hamburg
På seinsommaren same året var eg i Berlin. På ein slentretur over Prenzlauer Berg kom eg over Tausche Tasche.  Dette er vesker laga i voksduk med "bilbelte" som skulderreim og med utsikftbare lok.  Eg vart sjarmert av konseptet og kjøpte veske med to lok.  
I 2011 var eg attende på same staden for å kjøpe fleire lok, slik at veska kunne passe til ei raud kåpe. Heile fem konsulentar var med meg, og langt om lenge greidde vi å semjast om desse to loka:

 Berre det raude har blitt brukt, men det ga veska nytt liv, så no tek ho snart til å forrente seg. (Det oransje er uttakbar innreiing.)

Ein skulle tru det var nok no for 2008, men einkvan styrer mine steg mot stader der det t.d. er opphørssal.  Slik gjekk det til at eg kom over eit godt tilbod i Vika i Oslo ein gong på seinhausten.  Ei "flat" veske i brunt skinn, akkurat høveleg til å ha lommebok, reisedokument og "någgo attåt" i.  Seinare har det vist seg at denne veska og er fortreffeleg til I-pad, berre vellæte her, altså! Og veska er konstruert til å henge på skrå over kroppen, den i særklasse mest praktiske måten å bere ei veske på, men mykje baktala av moteskribentar og stylistar.


(Posta frå Stockholm der eg har gått rakrygga forbi kvar einaste veskebutikk!)






søndag 4. november 2012

Veskene mine, del 5


I mai i 2007 var eg på dametur til Riga, ein by som nok ikkje kjem til å stå på det framtidige reiserepertoaret, trass i strålande ballettforestilling på Latvia Nasjonalopera. 

Eg må nok ha vore ein variant av "Den grønnkledte" på denne turen, for eg kom i skade for å kjøpe ei grøn veske (denne ulykksalige trongen til matching?) på tilbod for 35 Latvia-pengar.  Seinare såg eg at det stod "beach bag" på veska, og eg som så godt som aldri dreg til beachen! Men ei praktisk veske er det, ho er grei å henge over skuldra, og ho kan lett byggast om til ryggsekk. (Show mercy, Victoria!)

I starten vart denne veska brukt ein del, og ho vart vurdert som så bere-venleg at ho fekk vere med til Japan i juni i 2007.  (Ho matcha vel venteleg reiseantrekket og, vil eg tru.)

Men dette viste seg å vere ei fatal feilvurdering! I store byar i Japan går ikkje damene på streeten med beach bag frå Ecco.  Eit anna grusomt feiltrinn eg gjorde før eg tok til å skjøne teikninga, var å gå gatelangs i singlet, rett nok ikkje av spaghettistropp-slaget, men likevel - eg kan framleis raudne ved tanken.  Ein kler seg i Japan, ikkje noko slags slumsing med T-skjorte, dongeri og joggesko på bytur.  Ei dame er kledd som ei dame, og damer blir dei relativt tidleg. Svigerdottera mi, som då ikkje hadde fylt 30, gjekk første dagen ut på gata i Kyoto i ein veldig fin, diskret, stroppelaus kjole, ein kjole som berre hadde hausta beundrande blikk ein sommardag på Karl Johan.  Ho skjøna straks at dette var heilt, heilt feil, og deretter var det plagg med erme i varmen.

No var ikkje redninga så langt unna: Neste dag var det sal i Kyoto, toppetasjane i varehusa bugna av sterkt nedsette varer.  Etter å ha raska med meg tre jakker i løpet av eit kvarter, gjekk eg meg på ei anstendig dameveske i kvitt skinn. At det verkeleg var skinn, prøvde eg å få stadfesta av ei dame med uvanleg skeiv og utståande tanngard (uvanleg t.o.m. til Japan å vere, dei har visst ikkje oppdaga tannregulering der) og uvanleg dårleg japansk-engelsk.  Med få ord og mange fakter vart eg forvissa om at veska var i ekte skinn, bortsett frå botnen, for ho skulle tåle å stå på golvet.  Genialt!  Direkte praktisk er denne veska ikkje, det finst eit glidelåsrom til lommeboka og telefonen, men elles er ho nokså opa for "fantepakk og tjuveraddar", som ein konduktør åtvara mot sist eg køyrde forbi Grünerløkka med trikk. 




Kunstlær og metallknottar under, genistrek!


Før eg presenterer fleire vesker, vil eg gjere merksam på ein klok, japansk skikk:  Damene har alltid ein frotterklut i veska, denne skal helst ha ein fin logo, og sjølvsagt matche veska; raud klut til raud veske, kvit klut til kvit veske - det skulle berre mangle!

Ei veske til vart det i Japan, ettersom eg hadde for mange yen då eg kom til flyplassen og berre måtte bruke dei opp.  Ei noko husflidaktig veske som eg visst aldri har brukt. Det er mogleg eg hadde ei slags meining med det der og då.

 Og så vart det ei veske på flyplassen i Amsterdam.  Der var det fire timar å vente, ikkje direkte lysteleg når ein kjem frå Asia.  Det var for kort tid til å gå ut av flyplassen, det var ingen plass ein kunne legge seg til og sove, eg gjekk rundt og rundt i butikkane og enda opp med ei Samsonite-veske på tilbod, veldig billig.  Og det kan vel ha vore ein grunn til det, for denne veska er ikkje god å bere, stiv og klumpete.

Med dette er forteljinga om 2007-veskene snipp, snapp, snute, og vi kan gå over til 2008.




torsdag 1. november 2012

Veskene mine, del 4


Hausten 2005 skulle eg til Bari med nokre elevar som skulle på møte i European Youth Parliament.  Det vart ei tungvint reise, og vi måtte vente mest eit døgn i Milano. No er ikkje eit døgn i Milano noko eg skal gje meg til å klage over, eg fekk med meg mykje. Den mannlege kollegaen frå Nord-Trøndelag var opp i under over alt eg greidde å få med meg - i bagasjen. Under den lite planlagde vandringa, kom eg over ein Mandarina Duck-butikk og gjekk inn og såg - og såg, og såg akkurat den veska eg skulle ha hatt, perfekt til den rust og brune fargeskalaen i reisegarderoben.  Men eg hadde veske, den brune frå England, og eg slo meg på handa og gjekk.  Eitt reisemål hadde eg att, og det var katedralen i Milano, denne fann eg og brukte tid der, men merka at tanken på veska var vanskeleg å legge heilt frå seg.  Eg kom ut på gata igjen halv seks, dei fleste butikkane stengde klokka seks, så eg prøvde litt febrilsk å finne veskebutikken.  Men det var mange kronglete smågater, og klokka seks hadde eg ikkje funne butikken. Nei, nei, tenkte eg, det var vel ikkje meininga at eg skulle ha denne veska då..  Og så gjekk eg meg på butikken, og han var open til halv sju, og då var det ikkje tvil, klart eg skulle ha denne veska!  Og det er ei støvandes veske, stor og romsleg og praktisk innreidd, eg har aldri angra, men så var det no som ein slags styrelse og, då. Veska er i ekte nylon og gir seg ikkje ut for å vere noko anna!

Men ei ulempe er det med denne veska, ho matchar ikkje alle fargar!  På butikken i Milano hadde eg sett at det og fanst raude MD-vesker.  Det var særleg ei eg merka meg.

I 2006 skulle eg atter på byferd, denne gongen på personalseminar til Brügge og Brüssel. Det var ikkje sett av særleg tid til meir private syslar, så ein del av oss damene skøytte på ei helg i forkant og eit par haustferiedagar i etterkant.  Ein av Brüsseldagane, etter seminaret, var sett av til individuell shopping.  I ein kronikk på nettsidene til nrk.no las eg nettopp følgjande:  "Bloggere som presenterer glansbildeversjoner av livene sine, øker presset på andre kvinner."  Dette vil eg nødig vere ein del av, så no skal eg fortelje ope og ærleg om all den mislukka shoppinga ein hektisk dag i Brüssel.

Eg hadde den raude MD-veska frå butikken i Milano i bakhovudet, gjorde leksa mi på nett og hadde med adresse til ein MD-butikk i Brüssel.  Denne butikken låg nokså avsides til, så eg tok meg fram åleine, first thing in the morning.  Då eg kom fram, viste det seg at butikken ikkje opna før 11.00, dermed vart eg sitjande på ein trist kafé i eit nitrist strok utan så mykje som eit blad å lese i.  Og då eg kom inn i butikken, hadde dei slett ikkje den veska som hadde hatt tilhald i hjernebarken min ei tid.  Men etter alt dette strevet, tykte eg at måtte ha med meg noko, og det vart denne:

Nøgd med denne har eg nok aldri vorte, for lita til t.d. ei A4-blokk, for stor til å vere ei lita veske, feil nylonkvalitet, for glatt. Og som dette ikkje var nok: eg kjøpte med meg ein raud paraply frå same butikken, den i særklasse dyraste og dårlegaste paraply eg nokon gong har hatt.

Og her følgjer  så resten av  resultatet frå den miserable shoppingdagen:
Raud fløyelsebukse, for så vidt grei, men veldig BMI-avhengig.
Raud høghalsa gensar, veldig mislukka, vart nuppete og fasonglaus.
Brun, billig kashmir-cardigan, vart fort nuppete og holete.
Rust strikkejakke (med krage, difor ikkje cardigan, vart vi damene etter lang diskusjon samde om), nuppar frykteleg.
Raude Arche ankelstøvlar, det einaste vellukka denne dagen!!

Eg vonar det har vore ein svir å lese om så mykje misere!



Shoppingmafiaen
Frk. TurkiS - den perfekte veskebærar.
Fru MD Rust - crossbody bag = fashion-fy!
Fru Solbrille - could'nt care less, whatsoever.
Fru Solbakken - har vel lommeboka i baklomma.

Endå meir eksotiske strok i neste bolken!

SISTE!  Glidelåsen i den rustfarga MD-veska er øydelagd, redningslaust fortapt, og veska er ikkje den same utan glidlås.  Og akkurat no som "brent oransje" er såå in!