onsdag 22. juli 2009

Ørsta frå A til Å, del 10 - J.

J. Jul, jul, strålande jul.

http://www.youtube.com/watch?v=2p1i1-4o1t8



Retteleg norsk jul

Jul, jul, strålande jul, heiter det i ein svensk julesong. Ligg det noko uavvendeleg i dette at barndomsjula var så omframt strålande? Sant å seie er julene mine no langt meir ”strålande” når det gjeld mengde og utval i lys, pynt, mat og gåver, men det er barndomsjula som er magisk. Eg var lenge overtydd om at dei som ikkje budde på gard og ikkje hadde metershøge brøytekantar, umogleg kunne vite korleis ei retteleg jul skulle vere. Og juletreet måtte sjølvsagt hentast frå eigen skog, helst julaftan føremiddag. Treet skulle i alle fall ikkje pyntast før julaftan! Ho Besta heime var full av forakt for dei som lagde julehelg alt på veslejulaftan. No må eg til nokre dagar før om eg skal greie å montere all julestasen.

Julebord

Nisseby, på pianoet.

Etter som eg vart større, høyrde òg ein tur ned på Pe-buda med til julaftansritualet. Der var han Pe-Per i ekstra godt humør og delte ut sigarar til karfolka. Om veret var så nokolunde, møtte eg granneungane til i alle fall freistnad på felles leik. Og likevel var julaftan føremiddag så forferdeleg lang! Men klokka vart no langt om lenge fem denne dagen òg, i radioen vart jula ringt inn, og julematen kom på bordet. Endeleg jul! No var ikkje ventetida over med dette. Det skulle vaskast opp og fliast på kjøkenet, og så skulle mødrene i mitt barndomsrevir i fjøsen! Endelause halvtimar der einaste trøysta var juleblada som var vekkgøymde nett til denne stunda; Stomperud, Knoll og Tott, Vangsgutane, Smørbukk, Tuss og Troll.

Smørbukk helsar på Donald. Men Donald var ikkje med i julehefte-utvalet vårt.

Vi budde noko avsides til, så det var smått med meir handfaste julenissar, så få som vi var, ville det bli for gjennomskodeleg om far min skulle bli borte nett då nissen kom. Men far visste råd: Nissen hadde ikkje tid til å kome inn til oss så mykje som han hadde å fare over, så han sette igjen ein sekk ute, stundom på svala, stundom attom nova. Det vart gjerne eit par bomturar på bror min og meg før vi fann sekken. Og så var vi så nær himmelen som vi vere kunne før vi fauk for godt.

Travel nisse
Den mest minnerike julaftan var nok då eg fekk sovedokke. Dette var før dokkene til folk flest fekk ”ekte” hår, men det ein ikkje har sett, har ein heller ikkje vit til å sakne, så for meg var det påmåla celluloidhåret meir enn godt nok. Mor hadde brukt seine kveldstimar til å strikke og sy, så dokka var godt utstyrt. Eg trur eg levde i saligheit resten av den jula og langt inn på nyåret.

Søskenbarna til dokka mi.
Første juledag var brukvisa at ein skulle halde seg heime, men der heldt vi ikkje skikken i vår familie. Far hadde berre ei syster, og tante ville så gjerne at mor hennar og vi skulle kome dit denne dagen. Dette var tradisjon så lenge eg minnest. Det var sjølvsagt fyrt opp i bestestova ein slik dag, neter og frukt stod på bordet, og vi vart serverte ein drusteleg kjøtmiddag med dessert og kaker. Mitt store ynskje var å ha ein reservemage til bruk ved slike høve. Og så hadde dei levande lys på juletreet på Krøvelen, lenge etter at vi hadde fått elektriske. Når onkel tende treet i skumringa, var det som julestemninga kraup og kravla både over og under huda. Seinare i jula skulle dei på Krøvelen ”drikke jul” hos oss, så var det juletrefestar og møte med familien nede i Vik. Alt var fastlagt og tradisjonsbunde, og alt var ingrediensar i ”strålande jul”.



onsdag 8. juli 2009

Ørsta frå A til Å, del 9 - I.

I. Inger og Idavollen

Her kunne eg ha skrive side opp og side ned om Inger og meg. Det hadde seg slik at vi var så livandes redde for å kjede oss når vi vart gamle, og vi resonnerte som så at når alderdommen kom, sånn i førtiårsalderen eller noko før, var det best å ha mest mogleg galskap å sjå tilbake på. Men Inger vart det folk av, henne òg, og gjeve slektningar har ho, så kanskje det er like godt å la vere å ”bere utøve” ymse hendingar, som då eg fekk Inger til å sige i hop av høglytt fnising midt under sjølvaste Talen på ein basar på Åmdalens ungdomshus. Eg hadde gøymt ei vedskie under pjekkerten, og denne ”blotta” eg på eit høveleg eller uhøveleg tidspunkt, alt etter korleis ein ser det. Så var det den gongen vi hadde for oss eit slag ungdomsopprør og sette oss til å strikke på eit møte på Bedehuset. Nei, det er ikkje nemnandes!

Lat meg heller fortelje om Idavollen, som ingen forlet utan livsvarige minne. Det har vel vakse opp generasjonar etter oss som ikkje kjenner noko som helst vibrasjonar når Idavollen kjem på tale, om dette fordoms slott no nokon gong kjem på tale då. Kanskje har ein og annan høyrt mor eller bestemor fortelje om ”då eg var ung”. Men inga forteljing kan kome i nærleiken av det personleg røynde. Idavoll-feelingen (som ikkje er heilt det same som Idavoll-kjensla, diverre, stundom må ein ty til utanlandsk) har naturleg nok berre vi som var der. Då! Dans på Idavollen laurdagskvelden. Nykonfirmerte og litt eldre smådamer med håret grundig tupert og spikra på plass med ei boks hårlakk, korkje spray, skum, voks eller andre avanserte stylingprodukt den tida, nei, lakk som i lukt og konsistens kunne minne om utvatna golvlakk (eller oppsprita?). Var nauda stor, kunne ein bruke sukkervatn, seigt og stivt vart det i alle fall. I bladet Det Nye, den gong kjelda til det meste av nyttig lærdom, stod det jamvel at ein kunne bruke øl som leggevatn. Dei som skreiv det, hadde rimelegvis ikkje kjennskap til sunnmørsk heimebrygg.


Idavollen, originalutgåva

I garderoben stod ho Dadda og tok imot og leverte ut kåper og frakkar med stort tålmod. Kva for soger kunne ikkje den dama ha fortalt! Hadde ein trang til å vitje det som med vilje til formildande omskriving kunne kallast toalett, var det berre å gå etter lukta, sterkare og sterkare di meir tampen brann. Inne i salen spela ein eller annan trio(trekkspell, gitar og bass), kanskje Paul Mork, dansbar musikk. Det var jamnast noko tregt på golvet i starten, men det tok seg opp etter som modet steig, med eller utan hjelp av innhaldet i mange slags emballasje, frå lommelerke til 5 liters plastdunkar. Å ”drikke seg til mot” er vel eit vide kjent uttrykk i fedrelandet. I Ørsta heitte det berre å ”drikke seg til”. Kva ein drakk seg til, kunne vel vere så ymse, frå dansemot til reine armoda. Når klokka nærma seg eitt, vart ”tre siste” annonsert, til lite glede for dei som heller ikkje denne kvelden hadde hatt flaks”. Når ”Good night Ireen” tona ut, var samstundes alt håp ute. Men det var berre ei veke til neste laurdag!




Typisk trio, men dei brukte ikkje hattar på Idavollen.

http://www.youtube.com/watch?v=4fyjpfw1pqE

Det må nødvendigvis ha vore dansetilstellingar sommarsdag og, men eg minnest best gnallkalde vinterkveldar i nylonstrømper og sko med stiletthælar, utan særleg tanke for korleis ein skulle kome seg dei 12-13 kilometra heim. Og eg har gått store deler av vegen, blåfrosen og forkomen. Men jamnast var det haik å få, t.d. med lystige hjørundfjordingar som hadde spleisa på det som no for tida vert kalla maxi-taxi og som den gongen kanskje vart kalla ”han Lyshagen”? Eg tok gladeleg mot det som baud seg av skyss, men tilbaud meg aldri å vere med på å betale. Som fru Flettfrid Andresen seier: Det går en grense gjennom tilværelsen!