mandag 17. mars 2008



ÅMDALINGEN SOM VILLE TIL VOLDA OG VERTE KLOKEHAUD








Eg hadde små og få tankar om kva det skulle bli av meg etter at eg var ferdig med den obligatoriske ungdomsskulen i Ørsta. Ein inspektør ved ungdomsskulen som møtte foreldra mine i eit selskap, hadde rådd dei til å søkje meg inn på økonomisk gymnas. På det viset kunne eg få ei brukbar yrkesutdanning samstundes som eg ville vere kvalifisert for lærarskulen, så å seie den einaste postgymnasiale utdanningsvegen jenter flest visste om. Men ettersom eg hadde brukt tida på ungdomsskulen til å gjere ende på klokehaud-stempelet som eg hadde lært å frykte i barneskule-tida, var ikkje karakterane dei beste, så det vart lite å høyre frå gymnaset i Volda, heilt til det kom telefonbod frå grannegarden om at eg hadde kome inn på reserveplass. Dermed barst det til å flytte. Det var ikkje mange nok bondalingar og åmdalingar som gjekk på gymnaset i Volda til at det svarte seg å halde i gang ei skulebuss-rute. Folk fekk flytte på hybel om dei ville fare til Volda og vere klokehaud. No var det ikkje så enkelt å få seg hybel i skulestaden når ein kom slik i siste liten, så det vart til at eg skulle bu hos tante Agnes og onkel Hans på Ose den første tida. Der kjende eg meg godt heime frå før, så det vart eigentleg ikkje å flytte heimanfrå i det heile.

Så kom eg der då til første skuledag på sjølvaste gymnaset, ikkje heilt heimlaus og frendelaus, men i alle fall lite kjend. Noko i vanvare hadde eg stiva meg opp med litt tyggegummi. Dette oppdaga den unge læraren frå Austlandet som ikkje skydde noko for å demonstrere kven som var sjef, og framfor augnesyna på dei til då ukjende klassekameratane, beordra (eit fullt ut dekkjande ord her!) han meg fram til søppelbøtta for å spytte ut. Ein strålande debut.

Den tida sat vi på faste plassar etter alfabetet. Bakken sat fremst ved døra, og så fylgde dei snorrette rekkene alfabetet heilt til vindaugsrekka der eg vart plassert med tre S’ar framom meg og ein V og ein Å bak. Ingen var nokon gong inne på tanken om å flytte på pultane eller byte plass. Vindaugsrekka baud på klåre føremunar, først og fremst på grunn av gardinene. Ein kunne gøyme eit og anna bak gardinet, ein kunne jamvel freiste å gøyme seg sjølv, gjere seg mest mogleg usynleg, i ei stundom fåfengd von om ikkje å bli spurd. For vi vart spurde i leksene, meir eller mindre systematisk. Historielæraren var den mest systematiske. Ho spurde etter alfabetet og nådde sjeldan meir enn tre i timen. Medan ho var i gang med rekkene nærast døra, kunne vi borte ved vindauga slappe av og sysle med vårt. Når ho tok til å kome farleg nær V, barst det til å lese historielekse. Såleis vart historiekunnskapen min svært fragmentarisk. Eg kan ein del om bankiervesenet i Italia på 1600-talet, blant anna veit eg at ordet bankerott kjem frå italienske banca rotta som i dette tilfellet tyder sundslegen benk, eller disk. Dei temperamentsfulle italienarane slo sund disken til pengeutlånaren om han ikkje kunne gjere opp for seg, eller kanskje det var omvendt? Eg visste det i alle fall då, og etter å ha gjort grundig greie for dette bankier-vesenet, kunne eg gå inn i historisk ignoranse og sløvsinn i fleire veker. Ei anna historisk hending som eg i alle fall delvis fekk med meg, var at embetsmennene vart sette utanfor. Akkurat når desse arme skapnadene vart sette utanfor, har eg ikkje heilt klart for meg, men det kan ha vore i 1884. I alle fall gjorde dette slik inntrykk at når laurdagskvelden kom og eg var beden på fest på ein romsleg kjellarhybel, insisterte eg på å vere embetsmann og utanfor. Såleis ga eg meg til å delta i feststunda gjennom eit ope glas. Dei andre var inne, eg var utanfor. Seinare i livet har eg mange gonger vore utanfor, men embetsmann, det vart eg aldri meir. Det var gildt medan det varte.




Dei nøyer seg ikkje med ein benk no for tida!


Men det var ikkje alle lærarar som hadde denne stødige kursen i leksehøyringa si, somme kunne beint fram vere ubereknelege. Den mest frykta var tysk- og fransklæraren. Her kunne ein risikere å bli leksehøyrd kva dag og time det skulle vere, og då var det ikkje snakk om å sitje ved pulten sin og mumle halvkvedde viser. Nei, fram på tavla barst det til nådelaus eksaminering. Kvifor står det hat på tredje lina og hast på femte? Bøy zu haben på tavla! C’en i descendu er stum, les heile setningen ein gong til! Desaandy, Ringstad, ikkje deskandy! Desse franske verbalkonstruksjonane; læraren elska dei og vi stod nagla til eit usynleg kors der framme ved tavla og såg rett inn i dei verste pinslene i helheimen. Di meir eleven bøygde hovudet i skam, di sintare vart læraren. Ei klassevenninne og eg gav oss til å gjere systematiske observasjonar av reaksjonar og åtferd, og vi fann etter kvart ei råd til å stagge denne illsinte læraren; vi retta oss i ryggen og såg på han. Då stilna han merkjeleg fort, og vi fekk gå og setje oss igjen, anten vi no hadde bomma på ein stum c eller ei. Andre var verre farne, mageverken tiltok omvendt proporsjonalt med tidsavstanden til neste fransktime. Men tenkte vi nokon gong tanken på å klage på ein lærar som meir enn gjerne hengde ut dei svakaste til spott og spe? Aldri! Ein klaga ikkje på lærarar den tida, ein fann overlevingsstrategiar, eller ein fekk seriøse problem med heile overlevinga.

Eg har vel aldri jobba så intenst med noko fag som eg gjorde med tysken det første halvåret i Volda. Det faglege grunnlaget mitt frå ungdomsskulen var nemleg godt under pari. I tysktimane på Ørsta linedelte var det fleire med meg som sjeldan gjorde noko som helst som hadde med tyskfaget å gjere. Eg var velsigna med ein god hugs den tida, og ettersom alle ”prøver” bestod av attforteljing, kunne eg attfortelje så nokolunde utan å skjøne noko særleg og utan den mest elementære kjennskap til tysk grammatikk. Rett nok heldt ikkje dette til meir enn T (for tilfredsstillande), men det var no ikkje så verst likevel ettersom kunnskapen var meir i retning ”Ikke +”. På gymnaset i Volda heldt ikkje denne taktikken i det heile teke. Her skulle vi skrive forretningsbrev, omsetje tekstar og altså stå framme ved tavla og gjere greie for det eine og det andre frå djupna av dette innfløkte språket. Det vart å leggje breisida til og jobbe seg gjennom, ein time med tyskarbeid dagleg og tilsvarande lite på dei andre faga. Til jul tok eg til å få noko samanheng i det heile, til slutt vart eg på det næraste begeistra for dette språket. Hadde det ikkje vore for eit sikkert velmeint råd frå nemnde lærar, kan det rett hende at eg hadde kome til å studere tysk seinare. Men eg hadde slik ei kjensle av at dette rådet kom frå det inste av eit plaga sinn og la meg det difor på hjarta. ”Eg skal seie deg ein ting, bli aldri tysklærar, det er eit liv i konstant skuffelse”. Ja vel, min herre! Eg trur ei og anna prøvd sjel kan skrive under på dette.




Tysk grammatikk

Vi hadde ei uhorveleg mengd med fag på økonomisk gymnas ettersom vi skulle bli allmenndanna og yrkesførebudde på ein og same gong: norsk, historie, geografi, kjemi, matematikk, biologi, tysk, fransk,, engelsk, bed.øk., sos.øk., rettslære. Og endå er eg ikkje sikker på om eg har fått med alt. Nokre fag var ettårige, nokre to-årige og i alle fall norsk og bed.øk. var treårige. I bed.øk. var det visst ikkje norske lærebøker å oppdrive, så der brukte vi danske ”Loff og Lund”. Slik lærde eg meg og å lese dansk utan hefte og hovudbry, ikkje så stor ein kunst, då. Nynorske lærebøker kan eg mest ikkje minnast at vi hadde, i alle fall ikkje i dei mange økonomirelaterte faga.

Etter eit halvår på Ose flytta eg til ein kjenning av foreldra mine i Volda, men ikkje sentralt nok, så eg vart der berre eit halvt år. No hadde eg teke til å få forbindelsar i Volda, og før eg for framatt på Åmdalen til sommaren, hadde eg skaffa meg hybel i Volda sentrum, svært så sentralt. Dermed kunne det rettelege Volda-livet ta til, hausten 1964, i mitt 17. leveår var eg så urban som eg aldri før hadde vore. Vi var tre jenter som budde på loftet i eit hus om lag rett overfor Møre Konfeksjon. Den eine hadde eg kjent i mange år, den andre var ”gamal”, sikkert godt over tjue, lærarskule-elev og har ikkje festa seg i minnet mitt. Det vart vi to kjenningane frå Ørsta linedelte som heldt saman der i huset.

”Kjøkenet” mitt var ei enkel kokeplate som far min hadde fått billig på Grepa. Kvifor ho vart seld til spottpris, fann eg fort ut, klokehaud som eg var: Brytaren var feilmontert, så når han stod på lågaste stille, 260 (skal tru om det var watt, eller?), var effekten på topp. Det var berre å venje seg til ein noko omvend skala så gjekk det bra å lage den heller lite avanserte maten eg stundom stelte i stand: Fire kokte poteter, to kjøtpølser (eg trur faktisk det framleis var kjøt i pølsene den gongen), delte på langs og steikte i ei lita steikepanne etter at potetene var ferdig kokte. Servert med steikefett frå pølsene som saus. Og her renn meg i hug ein annan heimelaga rett frå denne tida: Kokt spaghetti med ketchup! Ei skulevenninne rota seg ein gong bort i ein austlending, kan han ha vore frå sjølvaste Oslo?, som skulle vere med oss heimfødingane på helgatur. Då vi dreiv og planla serveringa, sa austlendingen: ”Og så må vi ha spaghetti med orntli sævs, ikke ketchup, men orntli sævs”. Eg sat storøygd og fåmælt og lydde: kva i alle dagar var ”orntli sævs”, og kvifor dugde ikkje spaghetti med ketchup på utflukta til Ervikja, så mange gleder som denne kulinariske nyvinninga til då hadde gitt oss. Den gode venninna mi hadde elles det vitet at ho nokså snart gav austlendingen fyken. Det er eit måt med alt, som bestemor mi sa, austlendingar som kjem her og skal ta frå oss ketchupgleda. Kulturimperialistar!




Gild mat på 60-talet



Mellom ivaretekne klenodie har eg eit stilsett frå gymnaset i Volda midt på 60-talet. Stilsettet er notert i franskheftet, og der stod det og ei lang utgreiing om kveiteproduksjonen i verda, historisk og geografisk. Innleveringsfristen for stilen var 8. mai 1965, og oppgåvene var slik:

1. Kva føremoner og kva ulemper fører det med seg at ein let det frie initiativ råde i næringslivet?

2. Korleis prøver dei politiske partia å påverke folkemeininga i valkampen?

3. For og imot statskyrkja.

4. Frå Bjørnsons bok ”En fallitt”: Gjer greie for tilhøva kring grosserar Tjelde sin fallitt, og syn korleis denne verka på dei ulike personane i stykket.


Jau, eg minnest det så vel! Eg må vedgå at ingen av desse oppgåvene kveikte skrivehugen min. Problemet vart i første omgang løyst med velkjend forhalingstaktikk, i morgon, i morgon, men ikkje i dag. Då dagen før innlevering var komen, skjøna eg at denne taktikken hadde slege feil igjen. Den tida tenkte ein ikkje ein gong tanken på å levere for seint, i alle fall ikkje utan at alle fingrane på begge hendene var brotne.

Plan B vart då eliminasjonsmetoden. Det frie initiativ og næringslivet var rømder eg til då ikkje hadde skoda. Heller ikkje hadde eg registrert at noko politisk parti hadde prøvd å påverke folkemeininga mi. Dette var i tida før fjernsynet kom til Nordvestlandet. Å gjere greie for korleis grosserar Tjelde sin fallitt verika inn på dei ulike personane var ikkje greit så lenge eg knapt visste at han hadde gått fallitt. Dermed sat eg att med statskyrkja. Problemet var berre at eg ikkje meinte noko som helst om statskyrkja. Då eg hadde kome fram til denne erkjenninga, var det kvelden, men til all lukke var han ikkje så langt liden at alle kaféane i Volda var stengde. Den gongen var det mange hybelbuarar i Volda, og hyblar flest var av det heilt enkle slaget, i heldigaste fall med ei enkel kokeplate i kråa. Det var og før kaféane fekk dyrt og trendy interiør. Så det var jamnast folk å finne på kaféane i Volda, folk som prøvde å få ei lita cola eller ein kopp kaffi til å vare så lenge som råd var. I veka var det helst lærarskolestudentar å sjå, vi som gjekk på gymnaset hadde lekser. Så eg gjekk til den eine kaféen etter den andre og leitte etter folk som meinte noko om statskyrkja. Det viste seg at dei fleste som var komne så langt som til Lærarskolen, meinte noko om denne saka, og såleis fekk eg hanka inn ein del moment ut gjennom kvelden. Kl. 23.30 var eg attende på hybelen, klar til dyst. Kl. 01.30 var stilen ferdig innført, og jammen vart det M!


Volda kyrkje, typisk statskyrkje

Ei av dei første helgane etter at eg hadde vorte elev ved gymnaset borti Voldinje, traff eg klassevenninne Hilde utanfor Den blå lagune i Ørsta. Ho hadde til då vore noko meir vidforig enn eg, og mellom anna vore på jazzfestival i Molde. Her hadde ho gitt seg til å ovundre Laila Dalseth i slik grad at ho hadde kjøpt seg ”blazerkåpe” a la Dalseth. (Sjøv hadde eg nok aldri høyrt om Laila Dalseth. Det var Ønskekonserten som utgjorde min port til musikklivet, og der var det ikkje mykje Dalseth!) Denne kåpa var ho iført denne kvelden, kva vi elles hadde føre oss, minnest eg ikkje, men det vart i alle fall langvarig venskap. Hilde hadde litt romslegare hybel enn mange av oss andre, så vi møttest der rett som det var. No for tida kan det stundom sjå ut som unge menneske på vidaregåande skole ikkje veit heilt kva omgrepet ”lekser” inneber. Den gongen var det ein uomtvisteleg realitet, og vi gjorde lekser, kvar dag, med laurdag som mogleg unntak. Ei tid gjorde Hilde og eg lekser saman. Då eg seinare kom på universitetet, vart slik praksis kalla kollokvie, eit aldeles ukjent omgrep for landsungdom midt på 60-talet. Men vi sat no der, då, med ei ufatteleg mengd lekser til neste dag, mellom anna historie, der vi skulle lære oss lagnaden til den heller uhepne Griffenfeld. Det heile enda med at vi dikta ein song. Songen er dikta til ein kjend melodi, eg er diverre ute av stand til å namngje originalen. Men eg kan nynne på lydspor!



Sangen om Griffenfeld

Han hette Peder og var fra Danmark
og Griffenfeld ble hans aldesnavn.
Hans stolte far var en rik vinhandler
og derfor synger vi nå om han.
Og penger, det var det alltid nok av
for vin det kjøpte jo alle mann.
Mens han i druene gikk og tråkka,
ble lille Peder en adelsmann.

Og Peder reiste til det store utland
med frakk og flosshatt og paraply.
Og nedi landa han lærte mye
og ble en stor mann i denne by.
Han fikk en stilling i biblioteket
til stolte Fredrik av Danmark.
Og Kongen sa: ”Du min kjære Peder
skal skrive Grunnloven ned på ark”.

Da kongen døde, hans sønn tok over,
han var jo også en dyktig mann,
men hadde ikke så store gaver
som bestefaren, det visste han.
Men han var ærlig og han var modig
og spurte Peder om gode råd.
Og Peder mente at eneveldet,
det måtte være hans ledetråd.

Han ga bort mye av farens viner
og vant seg venner på denne vis.
Så merk deg bare at alkoholen
er verd å synges en seierspris.
Han ble minister og han ble adlet
og Tønsberg ble ham av kongen gitt.
Men tenk at denne vinhandlersønnen
kom til å drive det altfor vidt!

Han var jo ærlig og han var mektig,
og krig det ville han ikke ha.
Men Kristian V ville være prektig
og tapte steder tilbake ta.
Til Sverige dro han med hele hæren,
han tenkte ikke på Griffenfeld,
som bak hans rygg skrev med Franskelanda,
ja, dette måtte jo ende fælt!

Og stakkars Peder ble lagt på blokken
for å få hugget av halsen sin.
Han sa til Kongen:”Er dette takken
for at du drakk av min faders vin?”
Og Kongen ropte:”Han må benådes,
jeg skulle tenkt over dette før.
Men du må fengsles og låses inne
og bli på Munkholmen til du dør.”

Slik endte livet til stakkars Peder,
i 20 år var han innesatt.
Slik kan det gå når man blir for mektig
og gjerne vil ha sin herres hatt.
Men Peder hadde jo alltid rett i
alt hva han mente og alt han sa.
Men den gamle kongen, han var jo gretten,
mot Peders mening, der var han sta.


Griffenfeld