torsdag 1. juli 2010

Karen i Syden, del 6.

Las Palmas II

Før retur til Las Palmas hadde vi ein søndag med våre fastbuande kjenningar. Dei tok oss med til stader der det stort sett var spansk tungemål å høyre; Arinaga, Agüimes, vellukka besøk på kaféar vi aldri hadde funne fram til sjølve. Takk, AC!


Tidleg på kveld kom vi til Las Palmas, igjen utan å ha bestilt hotell. Husbonden likar å gjere det slik, og vi har hittil ikkje vorte uteliggjarar, sjølv om det har vore nær på. Han påtok seg å finne hotell, medan eg sette meg på fortausrestaurant med bagasjen. Eg gav meg til med litt hjernearkeologi for å finne ut kva assosiasjonar eg frå gamalt av hadde til Las Palmas. Var det ikkje noko med Det Nye og Frøken Norge? Frøken Norge-vegen til Las Palmas var ikkje ein gong ein fjern draum for meg, det var ein aldeles avstengd, solid gjenmura, utilgjengeleg veg. Brillemerra Kramerbakk som Frøken Norge? Tanken vart aldri tenkt!

60-talsmisser. Ingen plass for meg her!

Vi enda med rom på NH Imperial Playa, med balkong mot stranda – ingenting å klage over. Trimopplegget frå Cordial vart no avløyst av fleire kilometer lange turar langs stranda. Men eg tok meg turar innover i byen og, og her kjem vi tilbake til shortsen!
 
Utsikt frå balkongen vår

Eg hadde starta dagen med strandtur, altfor varmt kledd. Så gjekk eg og skifta til shorts og singlet, og fekk det ulykksalige innfallet at deg skulle ta ein tur innover i byen. Etter ei stund fann eg meg sjølv utanfor eit av dei meir prominente kjøpesentra og tok turen inn. Eg tok frimodig turen opp først ei rulletrapp, og så ei til – og så oppdaga eg at eg var i ferd med å synde grovt mot all sømd og estetikk.

Her var det ingen turistar i shorts, her var det pent bykledde damer, bukse og skjorte eller anstendige kjolar. 10 minutt å gå og ti metaforiske mil.

Seafront-restaurantane var vi meir eller mindre ferdige med, og var lukkelege den dagen vi fann ein ”autentisk” lunsjsstad berre godt og vel 20 meter innover frå hotellet. Ingen kunne anna enn spansk, og vi vart godt og vel mette for åtte euro, med Tropical dertil. Men då vi tok turen tilbake til kvelds, var heile staden fylt opp med svenskar, og vi fekk auge på den svenskspråklege plakaten. Ikkje var maten noko særleg heller.


Neste kveld studerte vi Lonely Planet samstundes som vi fekk med oss solnedgangen frå eigen veranda. Slik fann vi fram til ein argentinsk restaurant der ingen skulle tru at ein restaurant skulle bu. Namnet har eg gløymt. Interiøret var grusomt på ein heilt fascinerande måte. Nedre del av veggane var kledde med eit teglsteinstapet som på ingen måte prøvde å sjå ut som teglstein, berre som eit heller amatørmessig fotografi eller slumsete påmåla bilete av teglstein. Tapetet var heller ikkje pålimt med meisterhand, veldig DIY på ein dårleg dag. Lengar oppe var veggene måla med eitt raudt felt, md tendens til orange, og eitt i det grønaste grøne. På borda var det mønstra voksduk i 50-talsstil, og lyset var av grellaste lysstoffrørslag. Skal ein slik bakgaterestaurant utan budsjett for interiørkonsulent kunne konkurrere med seafront-restaurantane med utspekulerte innreiingstema, må dei kunne levere når det gjeld mat, og det gjorde dei. Den blide sjølingen lokka på oss ein argentinsk kjøtrett med salat og pommes frites til 18,70 euro for to personar. Vi slo til, og eg skal seie vi fekk kjøt! Blodpølse, ei anna fantastisk pølse (og eg likar stort sett ikkje pølse) og fem sortar kjøt i rikelege mengder, ei aldeles omvendt soge av den med å mette 5000 med fem fiskar. Ein heller stussleg salat kom i forkant, elles var tilbehøret pommes frites og ein argentinsk saus som eg gjerne skulle hatt oppskrift på. Så det var altså utan tvil kjøt som var hovudsaka her. I dagleg kosten min inngår svært lite kjøt, men merkeleg nok tålte eg denne fråtsinga godt, ingen vonde draumar.

Dagen etter var det tid for avreise, men eg fekk med meg ein siste barbeint powerwalk på stranda først. Der fekk eg og sjå på bygging av julekrybbe i sand. Deretter ein endefram flytur heim, og endeframme flyturar er det likaste, tykkjer no eg. Eg hadde sett mykje av Sydens sol, men hadde vel eigentleg ikkje sett Syden-lyset.

Krybbebygging så vidt i gang.

Del av ferdig krybbe.

Og her endar soga om Syden!