Etter alle desse framandlandske opplevingane kjendest det som freden la seg då eg vel var attende i Topsham. Her gjekk livet sin eigen vesle gang, ikkje heilt utan dramatikk og opprør, men i ein noko særeigen målestokk. I muren utanfor The Georgian Tearooms hadde det i uminnelege tider vore ei innfelt postkasse, raud, sjølvsagt, kva farge skal elles ei postkasse ha? Men no rasjonaliserte og moderniserte postverket på desse kantar og, og denne postkassa skulle ikkje lenger brukast. Kva kunne så Royal Mail gjere med saka? Dei kunne ikkje ta ned kassa, for ho var innfelt i ein verneverdig mur, så dei tok og måla heile kassa svart for å markere at dette ikkje var ei aktiv postkasse. Svart postkasse i muren utanfor The Georgian Tearooms? I beg your pardon! Heftige og ikkje nett begeistra damer aksjonerte med alle middel dei rådde over, og sanneleg – no var postkassa raud igjen!
Gamal og ny postkasse
Og så hadde det vore tagging i Topsham, eg repeterer: tagging i Topsham! Kvar onsdag var det ei Topsham-side i lokalavisa for Exeter (The Express & Echo), der ein fekk vite kor mykje pengar speidarane fekk inn på siste basaren sin, om planane for å sage ned eit lønnetre og meir slikt, men denne gongen var så godt som heile sida via til taggesaka. Opprørte naboar uttalte seg i fleng: Tagging er sjølvsagt vederstyggjeleg overalt, men her i Topsham går det berre ikkje an! Ve-ropa ville liksom ingen ende ta.
Den einaste akseptable forma for tagging i Topsham
Topsham er kjend for pubane sine, kor mange det er, varierer. The Topsham Ten kling godt, men eg vart ikkje i stand til å telje meir enn ni. Det skal visst vere ein utbreidd sport å ta heile runden, for utanbys folk, då, sjølvsagt. No gjekk debatten om det verkeleg var slik at det var tendens til uhøvisk åtferd i Fore Street seint på fredags- og laurdagskveldane. Ein sette jamvel spørjeteikn ved om denne pub-sporten var til det gode for byen.
The Steam Packet, ein av dei ti - eller ni?
The Lighter Inn
Verten på The Drake’s, Gary Turley, sette punktum for diskusjonen ved å slå fast: ”The Topsham 10 pub crawl has been happening for 35 years and now suddenly somebody wants to make a fuss about it. If you got rid of the drinkers, Topsham would go downhill. People from as far away as Torquay and Exmouth come to do it, and they do not cause any problems”. (Kanskje eg skulle legge til at Exmouth er så ”far away” som bortimot 15 min. med toget.)
The Drake's
Det gjekk etterkvart mot slutten av Topsham-tida vår, vi skulle flytte til Falmouth. Ein av dei siste laurdagane vi hadde der, var det jazzkonsert i Margaret Church. Alt ein månad før hadde eg lova ei av menighetsdamene at eg skulle ta med vitjande familie og kome. Men no var vitjinga utsett, og eg laut til å gå på konsert heilt åleine. Det var The Sunset Café Stompers som spela, tradisjonell New Orleans-jazz. Og dette var sanneleg gutar i sin beste solnedgangsalder. Pianisten var ein ungsau kring dei 45, dei seks andre knapt ein dag under 65. Om musikken ikkje støtt var heilt i vater, vart dette meir enn oppheva av sprudlande speleglede. Godt med publikum hadde det møtt fram og, eg såg meg ikring og kjende meg ung!
I pausen var det gratis vinservering i bakromet. No hadde eg nett lese ei morosam og velskriven sosialantropologisk bok, Watching the English, av Kate Fox.
Denne boka gjorde meg slett ikkje betre hendt til å ta kontakt med framandfolk, men gjorde meg tvert om merksam på det store talet sosiale dyregraver ein amatør kan falle i. Så eg stod der og kjende meg litt sjølvlysande, utanbygds og åleine som eg var, og gav meg til å studere innskriftene på veggane. Nokså snart høyrde eg ei stemme bak meg fortelje at desse innskriftene var eldre enn sjølve kyrkja, dei stamma frå ei tidlegare kyrkje på same tomta. Og sanneleg var det ikkje sjølvaste organisten og kordirigenten, pytt og panne i det lokale musikklivet, som stod der og snakka til meg. (Eg visste kven han var – lokal kjendis!) Eg stilte høveleg interesserte spørsmål om kyrkjebygghistorie og kyrkjearkitektur og begynte å sjå for meg at dette kunne bli ein interessant pause. Men eg var ikkje ein gong komen til kyrkjemusikk og korsong, før ei av dei meir prominente menighetsdamene, redaktør av månadsbladet og ei av the busybees of Church of England, kom og la seg tungt borti. Ærendet hennar var at ho diverre hadde kome i skade for å trykkje feil organist-telefonnummer i månadsbladet ”The Estuary”, og derifrå heldt ho det gåande med emne etter emne, på innpust og utpust. Meg oversåg ho fundamentalt, eg var ikkje som tidlegare frykta sjølvlysande, men usynleg, heilt Glad-pack. I mitt indre bladde eg gjennom Boka for å finne eit hint om korleis slike situasjonar skulle taklast; - kor lenge skulle eg bli ståande med eit stadig stivare, høfleg smil? – skulle eg brutalt prøve å få eit ord inn i den stoppelege flaumen? – skulle eg gå? -, men eg kunne ikkje minnast nokon regel for ”framande damer som får uautorisert organistmerksemd i kyrkja”. Då eg verkeleg tykte at det var nok, valde eg denne framgangsmåten: Eg sette frå meg glaset på nærståande bord, tok eit lite sekunds blikk-kontakt med organisten (aldri lange, dvelande blikk i England!), smilte forsøksvis hyggjeleg, nikka og gjekk. Her må eg nok ha kome borti noko slag hidden rules of behavior, for no stogga ordflaumen momentant, og dama utbraut: ”O, I’m so sorry, I didn’t mean to interrupt!” Ikkje det?
Eg må seie meg samd med forfattaren av Boka: Kvifor utsetje seg for dysenteri og malaria i ei stussleg leirhytte, når det er så mykje sosialantropologi å studere i Church of England? Elles hevdar forfattar Fox at C of E er den mest ureligiøse kyrkja i verda, der det nærast er rekna for ufint å snakke om gudstru og såvore.
Eg fekk også med meg ein tur til A la Ronde før eg flytta. Dette huset hadde vore vinterstengt så langt, men no var dei friviljuge frå National Trust i full sving igjen. Soga bak huset er slik: To, etter alt å døme umåteleg eksentriske, damer av familien Parminter la ut på sin Grand Tour i Europa i siste halvdel av 1700-talet og turen varte i heile 11 år. Dei to var ”second cousins of different generations”, tyd det den som vil, same slekta var det i alle fall, same slaget og. I dei 11 åra samla Jane og Mary, dei skipa heim kasse etter kasse med mykje rart, men først og fremst skjell. Då dei kom til den bysantinske basilikaen San Vitale i Ravenna, fann dei ut at slikt hus ville dei og ha når dei kom heim, og far vinhandlar spadde opp nok gamalpeng og let dei få det som dei ville.
Som namnet tyder på, er A la Ronde eit rundt hus, eller eigentleg 16-kanta. Midt i huset er det eit galleri der alt, tak, vegger, stolpar m.m. er totalt skjelldekorert. Elles har Mary og Jane spreidd husfliden sin kring i heile huset, dei gjorde ikkje anna resten av livet enn å dekorere hus. Sært og snålt, men av god husflidskvalitet, på sitt beste mest for kunstnarleg å rekne.
A La Ronde
I kvart eit rom var det entusiastiske vakter som var meir enn klare til å svare på spørsmål; så klare at dei gjerne svarte på spørsmål som eventuelt kunne kome til å bli stilt. Beste likte eg Hazel, ein storblomstra fullriggar av beste middelklasse. Den totale mangelen på modernitet i kles- og brillestil kunne jamvel tyde på øvre klasse. (Slike observasjonar lærte eg av klokeboka til K. Fox.)
Mary og Jane skreiv i testamentet sitt at huset berre skulle arvast av kvinnelege slektningar, men denne vedtekta vart det synda mot alt i 1849. No har altså National Trust overteke.
A La Ronde
I kvart eit rom var det entusiastiske vakter som var meir enn klare til å svare på spørsmål; så klare at dei gjerne svarte på spørsmål som eventuelt kunne kome til å bli stilt. Beste likte eg Hazel, ein storblomstra fullriggar av beste middelklasse. Den totale mangelen på modernitet i kles- og brillestil kunne jamvel tyde på øvre klasse. (Slike observasjonar lærte eg av klokeboka til K. Fox.)
Mary og Jane skreiv i testamentet sitt at huset berre skulle arvast av kvinnelege slektningar, men denne vedtekta vart det synda mot alt i 1849. No har altså National Trust overteke.
Ettersom eg vart velsigna med heile tre runder med vitjarfolk heimanfrå før eg forlet Topsham, vart det fleire turar til det vi i familien kalla ”dronningpuben”, eigentleg The Bridge Inn, den einaste puben dronning Lizzie nokon gong har vore på, i 1998.
Lizzie på pub
Totalt og fullstendig vankunnig som eg no må leggje meg flat og tilstå at eg var, bestilte eg to half pints of Lager til meg og vitjarfolk I. Ein spydig kommentar frå ein annan pubgjest fekk meg til å skjøne at eg var faretruande nær ei dødssynd. Ved neste vitjing tedde eg meg rimeleg høvisk, men først saman med vitjarfolk III, skjøna eg kor nær stupet eg eigentleg hadde vore. Då finlas eg ølmenyen og såg at ein av sortane var skildra som ”the nearest we come l***r”. Omforladels! Men no er det ikkje slik overalt i England at ein risikerer valet mellom henging og skyting ved daggry om ein prøver å bestille Lager. Alt i 1989 stod Lager for 50% av all ølomsetjing i England. No er fy-ølet oppe i 70 %. Likevel - beware of The Bridge Inn!
Heldigvis er det tome lagerboksar som heng her, og ikkje eg.
Sist i mai var så dagen komen for å flytte frå Topsham, stort vemod og mange gode minne!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar