Påske i Bretagne
I påska, som i jula, flytta vi alt vårt ut av Shapter Cottage. Der skulle det då bu feriefolk til feriepris, og vi kunne bruke bu-pengane våre andre stader, grei ordning. Vi drog først til Penryn, Cornwall, der husbonden hadde noko å gjere, og der vi etter planen skulle bu heile juni. Vi kunne ha fått plass på studentbyen, men både dotter og eg lagde Marge Simpson-lydar ved tanken på å skulle bu der. Penryn er ikkje den mest sjarmante byen i Storbritannia og studentbyen var til og med plassert utanom byen, midt ute i ingenting. Så vi brukte eit par dagar på vellukka husjakt. Deretter barst det over havet til Bretagne.

Gate i Penryn
Eg hadde kjøpt meg Michelin-guide, og rekna med å bruke sjøreisa til å bu meg, men sjøgangen var for sterk, så vi kom nokså ubudde over til ukjent territorium. Men krone og mynt, eller terningkast, kan føre til interessante opplevingar, og litt trøytte og kvalme etter reisa, hamna vi på terningkast Morlaix. Hotell fann vi fortare enn svint: Hotell d’Europe som nok hadde vore ærverdig i si tid, mensom no hadde teke til å gå seg noko skakt. Vi gav oss straks i veg ut i byen for å sjå; med to stjerner i Michelin-guiden skulle der vere nok å feste augene på: Storveges til gamle, sjarmante husfasadar og den gamle viadukten.
Turistsesongen hadde nok ikkje begynt, for vi såg rikeleg med så godt som tome restaurantar. Vi tukka oss til slutt inn på ein italiensk der det var folk frå før. Det skal liksom vere eit kvalitetsstempel, det. Serveringsdama tok slett ikkje risken på å servere meg det eg hadde tenkt å bestille; ho kakla som ei høne (eller and?) og peikte på levra si, trur eg, eg er ikkje så stor i anatomi, og lurte på om eg visste kva lardon var. Det visste eg slett ikkje, eg hadde berre tenkt å vere uredd og gje meg i kast med lokale rettar. Eg let til slutt dama plukka ut noko fårefritt for meg: gnocchi med kvit saus, erter og skinke . Men også her ville den velviljuge dama forklare meg noko. Ho teikna ein slags busk eller plante bak på blokka si, men eg har til gode å skjøne kva ho ville åtvare meg mot.
Neste morgon hadde vi tre hovudvegar å velje mellom: Aust til Smaragdkysten (nordre Bretagne), vest til Finisterre eller sør-aust? Vi satsa på Vannes, men tok ein avstikkar til Quiberon for å sjå om det var ein dream come true. Det vil seie, til Quiberon kom vi eigentleg ikkje, vi tok venteleg feil i eit kryss. Dermed hamna vi utom byen på Côte Sauvage.. For folk frå Mellom bakkar og berg var no ikkje Sauvage-kysten så overhendig vill. Vi stoppa litt og let oss gjennomblåse, såg grundig på landskapet (stein og vatn), og kom til at vi eigentleg kunne krysse ut fleire slike to- og trestjerners ”sights” langt ute på eit skjer. Vi har sett slaget før.
I Michelinguiden var Vannes forsynt med heile to stjerner, som tyder ”verdt ein omveg”. Førsteinntrykket var nokså middels – is this all there is? Men etterkvart oppdaga vi at Vannes hadde sine sjarmerande sider, mellom anna eit stort og staseleg parkanlegg inntil den gamle festningsmuren. Dertil mange smale, krokete gater med interessante husfasadar. Til kvelds hamna vi på La Villa Valencia, som stod plassert under ”budget” i den grøne Michelin-boka. Den boka har ein sær måte å skildre dei utvalde restaurantane på; interiøret er alltid grundig skildra, medan maten knappast er nemnd. Eg for min del tar det mindre tungt om restauranten manglar gamle bjelkar i taket, berre maten er god.
Neste dag bars det så attende til Quiberon, og denne gongen fann vi fram. Denne dagen hadde vi faktisk ein plan, som vist seg å vere så kostesam at han vart droppa. Planen var båttur til Belle Isle, men der måtte det vere anten monopol er prissamarbeid, for her var vi langt frå ferjeprisane i Møre og Romsdal. Sola kom fram, og Quiberon var ikkje så verst: strand med bølgjeskvulp, gangsti ut til ei landtunge med fager utsikt til fleire kantar og ledig rom på seafront-hotell med balkong. Der sat eg så med fager havutsikt og sol og tenkte på om det var her ein stad den store lyrikaren Olaf Bull saman med si tredje kone fekk såpass fred frå sjukdom og drikketrong at han fekk gjort ferdig den store diktet Metope. Sjølv var eg ved god helse, var ikkje spesielt drikkfeldig og hadde ingen planar om å skrive dikt. Så det vart ikkje noko ”Du och jag, Olaf”.
Quiberon
Då det vart tid for kveldsmat, begynte motgangen å melde seg. Quiberon var ikkje heilt opna for sesongen, og det som var av restaurantar verka ikkje særleg forlokkande. Vi hamna til slutt på ein som vi hadde gått forbi tre gonger og stempla som glorete turistfelle. Og vi fekk rett; pizza som berre var eit tjukt, seigt lag med smelta ost på ein deigete botn, fiskesuppe som berre smakte rekeskal som har kokt litt for lenge, ferdig med Quiberon!
Neste morgon var plan A Quimper, den store fajansebyen, men vi ombestemte oss 10 m før vegkrysset og for til St Malo. Der fann vi straks hotellrom med utsikt til det som i Italia ville ha vore ein piazza, og til Hotel de Ville (rådhuset) som heldt til i eit gamalt slott, på eit vis bygt inn i festningsmuren. Lukka var på vår side igjen. Hjørneværelse på Hotel de France et de Chateaubriand kan tilrådast.
Gate i St Malo
Sjølve byen minte ein del om Gamla Stan. Under siste krig vart han grundig bomba, men er møysommeleg oppattbygd. Eg tok meg ein tur på stranda der eg såg meg vaktsamt ikring. Eg hadde høyrt om den skumle floa som kjem i galoppfart, eller var det trav? – så eg følgde nøye med på om vatnet var på veg inn eller ut. Det vart til at eg våga meg ut på næraste vesle øy som altså ikkje er øy på fjøre sjø. Ei slags lita borg var det og der. Elles gjekk eg langs stranda og rekna med at dei andre som var der sikkert visste om det var fåre på ferde.
Før ein veit ordet av det, er det for seint å kome seg til lands.
På hotellromet hadde dotter nytta tida til å studere Michelin-tilrådingar for å stagge svolten. Vi fann såleis fram til ”Eggeskalet” i ei vekkgøymd, lita gate. Det er gjerne på slike stader ein finn dei små, gode. Livet har lært meg å vere varsam med restaurantar som blafrar med fortelt langs turistleia. Endeleg fekk vi oss eit godt måltid, varm chevre-salat først, så laks med lite, men godt tilbehør. No først kunne vi legge frå oss den traumatiske non-gourmetopplevinga frå i går.
Eggeskalet, god mat!
Vi hadde no kome til ein stad der vi kunne tenke oss å bli ei natt til. Og på det viset fekk eg og tid til muséet i St Malo var så å seie naboen vår, i same hus som Hotel de Ville. Først kom eg opp i eit tårn utan vindauge med ymse gamalt i kvar etasje, noko samfengt, men mykje med tilknyting til sjø. Skutemodellar av ymse slag, også krigsskip med kanoner, ein del minne frå franske fiskeri ved New Foundland og meir til, men manglande språkkunnskap hindra meg i å skjøne noko særleg. Ein ting fekk eg likevel med meg: Det hadde vore ein kar frå distriktet der og målt opp heile Tornedalen i Sverige ein gong på 1700-talet. Ein stor terrengmodell viste alle målepunkta hans. Elles var vel den største opplevinga å kome opp i det andre tårnet der det var utsiktsplattformer til to sider og reint storveges til syn å sjå.
Til kvelds fekk eg endå ein gong stadfesta fordommane mot restaurantar med fortelt og innkastarar, sanneleg gjekk eg i fella igjen- På hotellet vårt var det denne kvelden bryllaup, og i Roma døde paven. Det gode med franske bryllaup er at dei sluttar tidleg, så vi vart ikkje plaga av dei sekkepipe-aktige instrumenta utover kvelden. Om det hadde noko med respekt for paven å gjere, veit ikkje eg, men det vart fort stilt ute om kvelden.
Søndag morgon gjekk eg innom katedralen til messe. Der starta det med minneord om paven, men eg fekk ikkje med meg stort av det som vart sagt. Det gjekk betre med tekstlesinga, for der stod tekstene på det trykte programmet for messa. Då dei tok til å bu seg til nattverd, gjekk eg, ikkje-katolikk som eg er. Og så barst det til Mont Saint Michel.

Mont Saint Michel
Der hadde det tydelegvis vore folk før! Store parkeringsplassar med vakt og dirigering. I den smale gata oppover mot Abbey’en var det tett med folk. Korleis det kan vere der i juli og august når det var slike horder ein søndag i april, vil eg helst sleppe å tenkje på. Vi fann fram til Historisk Museum og der hadde ei engelsk-språkleg omvisning nett begynt, så vi hengde oss på ein svært klok og kunnskapsrik guide, så kunnskapsrik at han hadde vorte klår over kor lite ein eigentleg veit. Han hadde jobba som guide der i fem år og hatt 2700 omvisningar og visste eigentleg mindre og mindre, sa han. Folk vil ikkje ha historie, dei vil ha historier og legender, og dette veit diverre politikarane godt. Det vi ville hugse etter omvisninga, sa han, var ikkje den arkitektoniske og historiske fakta-kunnskapen han hadde gitt oss, men historiene: opphavet til ordet barbecue, og om rosenkransen som abbeden hadde fått og som hadde vore med ein av dei amerikanske astronautane til månen og vorte lagt ned på bakken der. Eg for min del vil også hugse historia om då den eine veggen i dormatoriet kollapsa ein påskedag medan alle munkane var til bøn i kapellet og difor berga livet.
Refektoriet

No barst det til å køyre vestover igjen for å kome nærare Roscoff og båten. Igjen var dilemmaet at det var så mykje å velje i. Reiseleiaren valde til slutt den rosa granittkysten. Vi fann Plomanach (Paul Coelho ville kanskje ha sagt at Plomanach kom til oss?), heilt nede i fjøresteinane fann vi tre hotell, det dyraste med fager havutsikt. Ettersom klokka var over halv åtte, ville vi ikkje få tid til å nyte særleg mykje av utsikta, så vi valde eit billigare og tok utsikta til fots, gjekk på stranda og klatra på steinane og såg dei underlegaste formasjonar i rosa granitt. Det var verkeleg eit skue, langt meir enn sauvage-kysten.
Den siste natta i Bretagne var vi i Le Conquet, heilt vest i havet, etter raske avgjerder i ymse vegkryss. Denne byen skulle ifølgje boka vere ”unspoilt” , men han var i alle fall ”spoilt” nok med hundeskit; det verste eg har sett i Frankrike, og det seier ikkje så lite. Vi fann Route Touristique og hamna på Ponte Saint Mathieu. Nokre sjømenn skal ha teke med eit beinstykke av sjølvaste Matteus hit. Det må ha vore noko til gravrøveri dei stakkars apostlane og evngelistane har vore utsette for! Er det nokon som har prøvd å legge saman kor mange stader det er som hevdar å ha eit lårbein, eller ein bit av ein finger? Korleis no opphavet er eller ikkje er, så var i alle fall PSM ein framifrå stad, verd ein meir framskoten plass i boka! Her var det kyrkjeruin, gamalt fyrtårn og nytt fyrtårn, geiter og ponniar, gangsti ute på stupet med forklarande tavler, til og med på engelsk og krigsminnesmerke. Heilt vest i havet var vi, mest i båtleia. Det skal vere ein 40 km brei ”motorveg” for båtar uti der
Hotellrom fann vi i hamna, framifrå utsyn frå takterassen. Dama på hotellet sende oss til restauranten Le Relais du vieux port. Der var det mykje gildt å sjå gjennom glaset og servering av ypperste klasse. Ettersom det var siste kveld i Frankrike, fleska eg til med foie gras og andeconfit, feitt nok!
Nattesvevnen vart noko uroa då fiskebåtane la ut i tretida, men no var vi i ein autentisk (unspoilt) by med autentiske menneske med autentiske yrke, så såpass fekk ein tåle!
Og dagen etter barst det tilbake til good old Britain. Frankrike bra, men England best!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar