No framover vart det litt flittigare veskekjøp, ungane var så godt som framfødde
og økonomien vart betre. I løpet av
Englandsåret, 2005/2005, vart det meir enn ein tendens til handling. Det
heile starta vel med at eg kjende trong til noko meir staseleg enn 50-
kronersen frå Stockholm. På ein av fleire turar til tkmaxx, ei outletkjede der
ein må kysse ei uhenteleg mengd froskar før ein kan kome frampå noko som minner
om ein prins, fann eg denne:
Tjukt, solid lær, OK fasong, men ikkje lett å plassere på skuldra
når ein skulle få bruk for det. (No har
eg fått med meg at Mette Marit og Victoria Beckham ikkje slengjer veskene
skøyteslaust opp på skuldra, dei ber veskene sine pent og vakkert i handa,
eventuelt litt innpå handleddet.) Denne veska har no ein ukjend opphaldsstad,
først var det dottera som var veskelaus og tok til takke med denne inntil
vidare, så var det ei venninne av henne som gjorde det same, og framhaldet
kjenner eg ikkje til.
Denne veska i skinn (!) er enkel og preglaus, grei å bere,
grei å hive inn på skuldra, i det heile grei, men litt sånn "uten
egenskaper". (Jfr. "Mannen uten
egenskaper" av Robert Musil.)
Dette året i England hadde eg rimeleg god tid, og dreiv litt
med husflid framom TV'en. Eg hekla ei
sommarveske (den frå Dalton var vårveske!) etter metoden "veska blir til
mens du heklar". Dette var retteleg
ei brukbar veske, i finver! Det går
ikkje fram av biletet, men opninga er litt innsnevra, slik at når veska er
trygt plassert på skuldra (kjenner misbilligande blikk frå Mette Marit og
Victoria), er det ikkje lett for lommetjuvar å sleppe til. Ein lyt no tenkje på alt og!
Men dette var ikkje den eiunaste husflidsveska eg ga meg i
kast med dette året. Like ved Central
Station i Exeter låg det ein handarbeidsbutikk som eg flittig vitja. Innimellom var der ein slags handarbeidsklubb
der med høg gåstolfaktor. Ein gong
observerte eg og ein mann der i ein påfallande heimespøta genser. Han las høgt for damene medan dei strikka og
sydde. Det var som å gå rett inn i ein
roman frå 1880-talet, der det gjerne var ein kapellan som påtok seg lesinga. Eg
stod bak ein reol og bladde gjennom det som var av broderisaker medan eg
observerte. På denne butikken kjøpte eg
så ei veske som skulle broderast, utan tanke for at den som nærmar seg 60, gjerne
tek til å dimmast på synet, som dei sa i heimegrenda. Veska har vorte liggande, knapt halvbrodert
ettersom alt er så grant og smått.
Stilling ledig for brodererske!
Den siste veske-utskeiinga dette Englandsåret er ikkje ei
veske i retteleg forstand, men ein saftsuppefarga voksduk-ryggsekk, kjøpt på
tkmaxx i Torquay, sjølvaste Agatha Christie-byen.
Dette var eit påfunn, rett og slett, rett nok eit påfunn til berre fire
pund. Kanskje ca eitt pund for kvar gong
sekken har blitt brukt?
Fleire utland i neste bolken! Følg med!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar