onsdag 9. april 2008

ÅRET I ENGLAND, DEL 3.

Wenn jemand eine Reise tut.


Wenn jemand eine Reise tut, dann kann er was erzählen. Ja, det er så sant, og i half-term-veka i februar gjorde eg heile to ferder. Første stopp på den første ferda var i Lyme Regis, i seinare tid mest kjend som byen der filmen ”Den franske løytnants kvinne” vart innspela, men var før det kjend som ”fossil-byen”. I klippene kring byen har det vore gjort rikeleg med fossilfunn, det mest berømte var ichthysaurusen som 12 år gamle Mary Anning fann i 1811.





Mary med fossilane sine. like blid!

Denne kan ein no sjå på London’s Natural History Museum. Mary brukte resten av livet sitt på å finne og selje fossilar og skal ha vorte gretnare og vanskelegare å ha med å gjere ettersom åra gjekk, så lukka ligg kanskje ikkje i fossiljakt?

Mary Anning, noko tilsurna. Lyme Regis

Jane Austen sat i ei strandhytte her og skreiv Persuasion, kva humør ho kunne vere i, veit eg lite om. Lyme Regis er elles eit helgaplagg av ein by; sett frå moloen, eller aller helst frå sjøen, vil eg tru, er det balsam for augo.

Neste stopp var Portland, så vidt for ei øy å rekne. Denne øya er mest kjend for kalksteinskvaliteten sin, t.d. St. Paul’s Cathedral i London og FN-hovudkvarteret i New York har stein herifrå. Og i gamlelandet har vel ein og annan vore i nærkontakt med Portland-sement. På spissen av øya kunne det ein annan dag ha vore svært interessant å spasere, men slik det no vart, var den kalde nordavinden så gjennomtrengande, at vi vedtok å sjå landskapet frå bilen, for det meste i alle fall.


Portland i ruskever

Noko meir tid tok vi oss i Dorchester. Eg mistenkjer ein guidebokforfattar for å ha motteke pengar for å skrive at dette er ein av dei ti mest sjarmerande byane i England, for meg vart det ein heilt OK by, på line med mange andre. Eg var innom Dorset County Museum og der var det litt av kvart, slik det gjerne er på eit distriktsmuseum, knuste tallerkar, utstoppa fuglar, gamle kjerrer med mykje meir. Dorchester er først og fremst forfattaren Thomas Hardys by, så ei avdeling på muséet var via han. Der lærte eg mykje eg slett ikkje kunne frå før, og kjøpte to Hardy-bøker, ikkje å forveksle med Hardy-guttene, i museumsbutikken for å lære endå meir. Eg har gått eit langt liv utan å påskjøne T. Hardy det aller minste, men eg tok til å forstå at han var stor då eg i Topsham fekk høyre at huset der eksdama hans budde, er turistattraksjon. (Denne Thomas Hardy bør ikkje forvekslast med ein tidlegare Thomas Hardy, han som heldt ein døyande Lord Nelson i armane og fekk høyre han kviskre ”Kiss me, Hardy”. Topsham har elles sin eigen Thomas, Thomas Randle, som ikkje fekk kysse Nelson. Randle forlet posten sin for å trøyste Nelson, men noko av det siste Nelson rakk før han sa ”kiss me” var å beordre Randle tilbake på plass. Detter sikra Randle ein plass ved muren til Margaret Church. Det er ikkje fleire graver der, så det er storveges til ære.)
Thomas Hardy of Dorchester

Som vi har gjort mange gonger før, og stundom angra på, køyrde vi no rundt på bygda i England i mørkninga utan å vere heilt visse på kvar vi skulle bu. Det vi, ved meg, likevel var visse på, var at første programpost neste dag skulle vere herresetet Stourhead. Så då verka det som eit klokt val å satse på tilliggande landsby, Stourton, no eigd av National Trust. Og sanneleg, det einaste vertshuset, The Spread Eagle Inn, hadde to rom, av til saman fem, ledige. Det synest stundom like greit å satse på lukka som på forstanden. The Spread Eagle Inn var National Trust verdig. Både i puben og restauranten var det ekte fire place, rett nok med innsett peisovn, men det var ved som brann der, og ikkje falske eldtunger.


Interiøret elles var slik ein vil ha det i England, gamalt og verdig. Dette var Valentinsdagen, og vi har i vekesvis sett skilt på alle restaurantar: Book for Valentine now. Så om vi hadde fått oss husrom, kunne vi ikkje ta det for gitt at vi skulle få mat. Og rett nok, restauranten var fullbooka, men i puben fekk vi plass og vart servert pub meal. På borda rundt oss spelte dei kort, domino og Scrabble.
Først dagen etter såg vi det fagert dekorerte Valentinstreet på gardsplassen. Never ever underestimate amerikansk kommersialisme. Etter ein solid engelsk frukost, som på Spread Eagle faktisk var veltillaga, tok vi fatt på utforsking av Stourhead-hagen. For den som tykkjer halvtanna mål i heimetraktene byr på utfordring nok, blir den overveldande å sjå kva somme får til, men så reknar eg med at unge Henry Hoare hadde rikeleg med arbeidshjelp då han etter sin Grand Tour i 1741 tok til å omskape heimehagen i klassisistisk stil.

Stourhead, offisiell utgåve

Han (han?) demde opp elva Stour og fekk laga kunstige innsjøar med likeså kunstige øyar. Bruer med storveges schwung vart bygde og og forseggjorde grotter vart fylte med skulpturar. Huset var vinterstengt, men hagevandringa var ein fest i seg sjølv.














Innsjø og lysthus

Noko firbeint dyr var ikkje å sjå, men det var rikeleg med føggel. I eit fredfylt lite hjørne duva andeverdas Oda Lasson majestetisk på vatnet med Jæger og Krogh i fredfylt sameksistens på kvar si side, her var det ingenting som tydde på at Oda skulle ta med seg den meir virile Krogh og stikke til Ande-Skagen. Oda And delte så pent merksemda si til stundom den eine og stundom den andre. På vegen ut av parken var vi innom landsby-kyrkja. Der hadde dronninga sjølv vore og skrive namnet sitt, i 1961.

Så barst det avgarde til neste herresete, denne gongen til velstandsheimen til den 7. markien av Bath, ein marki som eg svært gjerne skulle møte laiv. Mellom dei antikke aneportretta hadde han plassert bilete av seg sjølv. Han ser ut som ei krysning av Edvard Hoem og Alexander Kielland oppdressa som overvintra designerhippie.



















His Lordship

Longleat er ei omfattande bedrift, men det kan sjå ut som markien sjølv har romsleg med tid til meir kunstnarleg aktivitet. I ein av dei mange butikkane kunne vi kjøpe både Fantasy-bøkene hans og ei heller omfangsrik bok med markiens tankar og idear. Eg for min del kom i tankar om Kiellands greve i Balstemning: ”Fremmede og sjenerende tanker svirret omkring i hr. grevens hjerne, der de hadde god plass”. Biletkunstnar er han og, den fargerike Lord Bath. Diverre fekk eg ikkje sett veggmåleria hans anna enn i kopi. Det var så mykje å ta seg til på Longleat at tida ikkje strakk til.

Det første vi tok oss til var ein tur i safariparken, av drive-through-slaget. Då vi hadde køyrt eit kvarter og sett sju fasanar, eit ekorn og tre hestar, tenkte eg med meg at dette skal sanneleg bli noko å skrive heim om, men så viste det seg at vi ikkje hadde kome til inngangen til safariparken ein gong. Vel innom gjerdet fekk vi røyne at det sanneleg var dyr å sjå. Far til noverande marki hadde fått for seg at han skulle gjenskape afrikansk savanne der i søre England. Så heilt nøye med zoo-geografien kan han ikkje ha vore, for mellom sebraar og giraffar, vart vi inviterte til The Wallabe-walk, uomtvisteleg australsk, vil eg seie. Vi vart slusa frå område til område, i starten verka det noko slumsete med portvakter, men regimet tetna til ettersom vi nærma oss rovdyra. Gaseller og antiloper er vel ikkje så rømingsfårlege. Før apeavdelinga var det romsleg med åtvaringar og solid skilta omkøyring. Hugs at apene kan gjere uboteleg skade på bilen din, you are warned. Bra PR-trick, sa vi oss imellom, og køyrde tillitsfullt inn til apene. Korleis skulle vel ei lita Rhesusape kunne mose ein ekte RAV, tenkte vi; heilt til vi såg ei lita ape gå til åtak på isolasjonen/tetninga til bakruta på bilen framom oss. Ho brukte knapt sekundet på å finne skøyten, tok så tak med ”hendene” og røska laus. Bileigarane (barnefamilie) hadde ingen sjanse til å sjå kva som gjekk føre, så dei var ville av begeistring over å ha blitt æra med apebesøk. Då det litt etter vart vår tur til å få ape på taket, skifta husbonden gir og brøytte seg veg framover. Stakkars apegut rakk ikkje ein gong å begynne på bilantenna vår før han fekk fartsangst og hoppa av.















Car destroyer

Til slutt kom vi til slemmingane, tiger, løve og ulv. Her gjekk trafikken umåteleg sakte, alle skolefri-ungane var vel ekstra oppslukt av fårlege dyr. Vi for vår del hadde litt sans for tigrane som hadde det vitet at dei sakte paraderte forbi bilrekka, men eg har enno til gode å sjå ei løve som ikkje er lat. Så vi var litt leie då vi omsider kom til utgangen, og så var det så mykje anna som stod på programmet. Vi byrja med huset.

Dei heldt seg med romslege heimar, dei adelege på 16, 17, 1800-talet. Så romslege at det ettersom folk tok til å krevje løn for å vere i fullt arbeid, vart vanskeleg å få endane til å møtast. Den 6. markien av Bath skal ha vore den første som opna dørene for betalande publikum, i 1946 eller –49, kjeldene mine er ikkje heilt samanfallande. No er heile Longleat omgjort til ein fornøyelsespark, av det meir tiltalande slaget. Men interiøret er det ikkje tukla med, folk betaler ikkje for å sjå moderniserte velstandsheimar, dei vil ha ekte vare. Og det var sal på sal med gull og silke, porselen og måleri, heile 140 rom har familien til disposisjon. Det står ikkje på, rett og slett. Ei av vaktdamene ville vite kvar vi kom frå, og ho sa så at nordmenn var sjeldne gjester. Hermed driv eg då litt propaganda for Longleat, set av ein heil dag, og ta gjerne med ungar. I barndommen brukte eg å trakke labyrintar, som eg kalla mystiskringar, i snøen. No har eg prøvd meg på ekte hekklabyrint, og det vart fort nok. Elles var det mykje fager hagekunst å sjå, men heller lite som kan omsetjast til praksis i heimen.









Ein post stod att på programmet: Stonehenge. Ifølgje guideboka skulle det no vere stengt der, men eg mintest nokre tempelruinar i søre Italia der vi i staden for å betale usømelege ingangspengar, stod utanfor gjerdet og såg rikeleg nok; så vi køyrde til Stonehenge, det var ikkje mange miles unna. Og sanneleg vart det same soga: Inngangen var stengd, men vi såg om lag like mykje frå utsida av gjerdet som ein kunne sjå innanfor. Det er ikkje lenger lov til å gå heilt bort til steinane, så rett innom gjerdet går det ein gangveg, denne skal følgjast. Dette er det mange som er helle uglade for, og ifølgje opplysningane skal ein no lage eit nytt besøkssenter to miles unna. Korleis dette skal gjere folk meir tilfreds, skjønar ikkje eg, for det turistane vil, er å kome heilt bortåt.

I alle fall fekk vi med oss nok Stonehenge, i solnedgang til og med, og vi køyrde så mot solnedgangen og heim.







Torsdag var det ut på tur igjen, denne gong med toget til Bath. Igjen hadde vi reist utan å bestille overnatting, men det ordna seg fort. ”The Henry” i Henry Street kan trygt tilrådast, rimeleg og triveleg.

Så barst det til restane av dei romerske bada. Det var i 43 e.Kr. dei gamle romarane invaderte, og det er 43 mineralar i den varme kjelda dei fann i Bath. Vasstemperaturen held seg konstant på 46.5 grader, så det var mykje førtitals. Og vi gjekk og gjekk – med audioguide som meir og meir ser ut til å erstatte levande guiding. Ein godt laga audioguide har avgjort sine fordelar, men folk opplever ikkje noko saman, kvar går der i si eiga verd konsentrert om ein overdimensjonert mobiltelefon. (Og her kan det trekkjast parallellar til individualisering av undervisning!) Etter bada gjekk vi rundt i den vakre byen og gjorde oss kjende. Etter råd frå sjøla på The Henry, åt vi middag på ”The Wife of Bath”. Her fekk vi samstundes lese soga om den same ”Wife”. Moralen her er at om kjerringar fritt får gjere det dei vil, blir dei unge og vakre og til glede for mannen. God historie.

Etter solid heimelaga frukost på The Henry neste dag, måtte vi til å dele oss for at alle skulle få best mogleg utbyte av dagen. Folk over 50 gjekk på guida byvandring, denne gong med høgst levande guide, folk under 20 gjekk på austasiatisk museum. Dei over 50 rakk og ein tur innom The Royal Crescent Museum, ein rekonstruert edvardiansk heim som ikkje var heilt imponerande, bortsett frå kjøkenavdelinga. Så møttest vi på kostymemuséet der til og med Mannen gav seg til ei heil stund, men så vart det deling etter kjønn, med Jane Austen-senteret for damer og elektroforretning for mann. No må eg nok til å sjå alle Jane Austen-filmane oppatt, for no har eg gått alle stader der dei vart filma, og eg har oppgradert Austen-kunnskapane mange hakk. Men det er kanskje greit å spare lesarane for detaljane?

Til slutt vart det mat på internasjonal restaurant der ein åt meksikansk, ein marokkansk og ein italiensk, og så heimreise med eit forsinka tog som hadde domino-effekt på heile heimturen.



Ingen kommentarer: