søndag 6. april 2008

ÅRET I ENGLAND, andre bolken.


Ein båt i stormen duva

Vi forlet Trondheim med hurtigruta om morgonen laurdag 15. januar. Ettersom det ikkje var særleg aktuelt å reise til England med ”pigs in the decks”, slik ein velviljug, men ikkje språkstødig nordmann ein gong prøvde å forklare, hadde vi kvelden før sett att bilen nede ved E6’en med sommardekk på. Drosjesjåføren som køyrde oss til bilen om morgonen, var hyggjeleg og fortalde oss at om vi vart tekne i kontroll med sommardekk, ville det bli 2.500 i bot pr. dekk. Men politiet hadde anna å gjere, det gjekk aldeles greit! Lugaren var reint framifrå, og sjøen var roleg. Litt gråver øydela ikkje stemninga. Hurtigrute vinterstid har sine fordelar, mellom anna prisen.

Hurtigrute ved kai i Trondheim

Etter ei natt i Bergen, skulle vi til baske oss over ope hav. Det var ikkje meldt storm over Nordsjøen, det var ikkje det, men eg trur det var stiv kuling. I alle fall var det rikeleg gynging for meg. Vi fekk oss eit godt og fredeleg kveldsmåltid medan båten heldt seg innanskjærs mellom Haugesund og Stavanger, og deretter var det berre å kome seg i seng før sjøgangen slo seg på balansenerven. Det vart ei lang natt, heile 14 timar heldt eg meg for sikkerheits skuld i senga, og sov gjorde eg det meste av tida. Midt i natta vakna eg av grovare sjø enn eg visste å sette pris på, men den gamle søndagsskulestrofen ”Ein båt i stormen duva, men Jesus var om bord” dukka opp ein stad i erindringsdelen av hjernen og eg la meg trøystefull til å sove att. Båten over Nordsjøen tok 25 timar, så det vart ein lang dag med all kulingen. Det var berre så vidt eg heldt ut å bla gjennom alle kleda som var på sal til halv pris i båtbutikken. Då klokka var sju på kvelden, kunne vi omsider køyre på tørt land igjen.

Eg hadde bestemt at vi skulle til Hexham og overnatte, men å finne rett veg ut frå terminalen, var ikkje barnemat når ein skulle til å vere original. Vi køyrde både nord og sør for Newcastle før vi omsider kom på rett veg vestover. I Hexham køyrde vi rundt på måfå til vi enda på The County Hotel. Der fekk vi eit rom med den mest himmelske himmelsenga eg har vore i nærleiken av. Rosa sengomheng og blomster og blonder. Det var mest slik at det tok litt av. I eit rom i tilknyting til resepsjonen var den mest fantastiske hønesamlinga eg nokon gong har sett, ved nærare ettertanke har eg ikkje sett hønesamlingar før. Eg tenkte å telje, men då ei lita krå, berre som eit musepiss i havet, viste seg å innehalde 28 høner, gav eg meg på det. Skulle nokon tykkje at det ikkje har vorte nok høne i livet, er det berre å vitje The County Hotel, Hexham. Det er rettnok berre billig kjøpehøne å finne der, men kvantiteten er det ikkje noko å seie på.





Hønesamling i Hexham, ein av veggane.


I staden for å bruke tida på å telje høner, vitja eg klosterkyrkja i Hexham. Denne kyrkja var først bygd i 671, og skulle då vere den finaste kyrkja nord for Alpane. Ei fin kyrkje på den tida hadde gjenstander både av sølv og gull, og med Nordsjøen ikkje langt unna, gjorde ikkje vikingane noko vesen av at dei var ubedde då dei raserte heile kyrkja i 876. Det gjekk mest 200 år før ho vart bygd oppatt. Men alt dette var gløymt no, forsikra vaktmannen meg, eit drygt tusenår seinare var nordmenn hjarteleg velkomne.


Hexham Abbey


Etter ein omveg innom Dalton Park Outlet, der vi kvitta oss med litt overflødige pengar, kom vi til Lincoln der vi straks stila mot vår faste overnattingsplass, Edward King House, det gamle erkebisp-palasset rett ved katedralen. Her budde vi 1983 og i 93, og her har vi tenkt å halde fram med å bu kvar gong vi er i Lincoln. Som det står i guideboka, er det mindre grandezza over interiøret enn eksteriøret, roma er enkle og slett ikkje en suite. Og ein må tåle kyrkjeklokkeklang når ein bur der. Kvart kvarter kimar det i klokker, bortsett frå nattestid, mellom 22 og 7. Så det er nok på den tida skikkeleg folk søv.


Edward King House

Vi var på evensong i katedralen kl. 17.30, storveges til fager song til nærast ei kvardagsssak å vere, jentestemmer og mannsstemmer. Vi måtte konsentrere oss om å halde skikken når det gjaldt å reise seg og setje seg på rett tidspunkt, eit trykt program med ”stand” og ”sit” var til god hjelp.

Katedralen i Lincoln

Så var det undervisningsbolk i Norwich. På fredagskvelden hadde eg møte med elevane før eg fann meg etarstove for kvelden. Eg hadde sett meg ut ein italiensk restaurant i gata der eg budde. Den blide og imøtekomande hovmesteren spurde kvar eg kom frå, og då eg hadde svart på det, fortalde han at han hadde vore mykje i Norge med cruiseskip. Og han kunne til og med ein norsk song, og så nynna han Mellom bakkar og berg heilt feilfritt, og fortalde meg at ”it’s an old viking song, you know!” Og når ein ungarsk hovmeister på ein italiensk restaurant i England kan Mellom bakkar og berg, får ein vel ikkje ta eit tusenår til og frå så nøye.

På toget mellom London og Exeter møtte en endå ein interessert serveringsmann. Den pakistanske mannen bak disken såg grundig på meg då eg handla og spurde om eg var finsk, det måtte vel vere noko med konsonantane. Då eg røpa nasjonaliteten, lyste han opp og spurde om eg snakka svensk, og det gjorde eg! Så stod vi der på toget og snakka svensk ei heil stund. Mannen hadde budd i Stockholm sidan 1980, men no hadde han flytta til England fordi dottera studerte medisin der, andre familietradisjonar, tydelegvis, men han sakna Stockholm av hjarta og gledde seg kvar dag til han skulle attende dit.



Good old Topsham



Alle vegar fører til Topsham

Så kom eg omsider til Topsham igjen, til krokus og påskeliljer. Topsham var ikkje heilt fri for nyhende, to antikvitetsbutikkar hadde stengt, og The Café hadde overteke lokalet til den eine.

Etter fleire månader i byen, oppdaga vi no ferjemannen, ein mann som ror folk over Exe. Vi hadde tidlegare lagt merke til den store ferja og tenkt at dette får vi ta til våren. Men no oppdaga vi altså ei ”ferje” til. Søndagsturen vart straks utvida, og Topsham fekk nok ein dimensjon.


Topshamferge

På den andre sida er det fin sti langs kanalen som Exeter by fekk laga etter at den slemme hertuginna hadde stengt elva ved Topsham. Vi gjekk til Turf Lock og tilbake, flott tur, så vinka vi til fergemannen som kom over og henta oss. Ettersom vi stilte interesserte spørsmål, tok han ein ekstra runde og viste oss kanalvakthuset og fortalde ein del lokalhistorie.


Stien til Turf


Vi fekk også vite at det på den andre sida er fin gangveg til Exeter med ein pub så høveleg plassert om lag midtvegs. God idé til nytt søndagsprosjekt. Om vinteren ferja han berre i helga, men frå 1. april vart det dagleg. Det var første gang eg vart ferja pr. robåt og eg kjende historiske vibrasjonar. Vart ikkje Adrian ferja over Gaula? Og så var det noko med ferjemannen over Hades, som det kanskje er like godt å ikkje tenkje for mykje på.



Det gamle kanalvakthuset

Meir i neste bolken!













































































Ingen kommentarer: