mandag 9. november 2009

Ørsta frå A til Å, del 17 - Q


Q. Ql ku?


Nei slike bokstavar heldt vi oss ikkje med fram på Dala. Derimot hadde vi ku, eller rettare kyr. Eg klarte aldri å opprette noko som kunne minne om vennskapsforhold til desse kratura, ja, ja, kreatura, då, om det skal vere så nøye.
På eit eller anna tidspunkt i oppveksten var det forventa at jenter skulle lære seg å mjølke. Mor mi hadde nok tidleg vorte nøydd til å sjå i augene at einaste dottera ikkje skåra særleg høgt på kjerringemneskalaen, men tykte vel likevel at ein freistnad måtte ho no prøve å gjere på å lære denne gagnløysa av ei dotter å drage mjølka ut or kyrne. Eg vart utstyrt med fjøsklede og toga og drog det vesle eg var god for. Etterpå var det min store skrekk at det skulle lukte fjøs av meg. Noko særleg til bad hadde vi ikkje i heimen, men det jamne regnet på Sunnmøre er ikkje berre å forakte, så eg kledde av meg så mykje som sømda tillet og sprang oppover markane. Mor mi sukka tungt og gjorde det aldri oppatt. Så mjølke, det kan eg ikkje.

”Kult” var eit uoppfunne ord den gongen, ikkje å snakke om SMS-varianten qlt! Men sjølve fenomenet, det at noko eller nokon var gildare enn anna, og det på ein ung, utstillingsviljug og urban måte, det fanst. Det fanst nedi Vik og nordi i bya, men i liten grad fram på Dala. Ein kan trygt seie at det å ha med ku å gjere, i alle fall ikkje var kult! Den som ville halde seg på rette sida av den usynlege streken, kunne ikkje på nokon måte la seg knyte til noko som kunne minne om fjøs og stall. (Om ein då ser bort frå jula, då var i alle fall stall meir gangbart). Nei, her var det tankar og tru i ”Det Nye” som sette standard. Og så hadde vi ei sentralt plassert parfymeridame med Ålesunds-dialekt som meir enn gjerne gav råd til eit landsens fåvit.Vi måtte ikkje finne på å vaske oss i andletet, sa ho, reint vatn kunne gjere uboteleg skade på ung Sunnmørshud. Nei, rensekremar måtte det vere, og lotion! Og så barst det til å hive vaskekluten og bruke dyrt erverva rensemiddel, som venteleg inneheldt både allergiframkallande og kreftframkallande bestanddelar den tida. Men vi vart no sparte for reint vatn. Og folk som tala bymål kunne vel ikkje ta feil i slike saker.


Det Nye, før i tida!

Ingen kommentarer: