tirsdag 10. november 2009

Ørsta frå A til Å, del 18 - reiser

R. Reiser


Sist familien min skulle planlegge ferie, sa yngste barnet mitt at ho eigentleg hadde sett nok idylliske mellomeuropeiske småbyar for ei stund. Det tok til å bli litt ”been there, seen that, done all”. Ja, slik kan det gå når mor dei siste åra har masa rundt for å få med ein del av det ho på ingen måte fekk sjå eller gjere i eigen oppvekst. Utlandet var så reint ubegripeleg langt borte den gangen. ”Langt nede i styggelanda”, brukte bestemor mi å seie om det mest som var sør for Tyskland, eller kanskje sør for Dabnmark? Desse landa var meir nokre abstrakte omgrep som vi lærte om i geografitimane, eller landkunne, heitte det vel då. Sverike var noko meir handfast, dit hadde til og med Aud og familien vore på telttur ein sommar, så eg skjøna at det faktisk var noko som let seg gjere.
Svensk flagg, uendeleg eksotisk!

Mi første store reise gjekk til Hellesylt, søndagstur med mor og far. Ein stad med slikt eit storveges namn, måtte vel vere noko heilt omframt, Hellesylt! Vi reiste med buss og ferge, men sjølve reisa minnest eg ikkje noko av. Det som har festa seg solid i minnet, er opplevinga av å vere på ein framandvoren og eksotisk stad med slikt eit dragande, magisk namn – Hellesylt, berre smak på l’ane, la assosiasjonane strøyme på! Mor hadde smurt med mat, venteleg i ei sko-øskje, og vi sat i nærleiken av ei bru med utsyn over sjølvaste framandland og åt. Men sjølv om vi heldt oss med heime-mat, var vi likevel innom eit hotell, for der fekk eg smake cola for første gong, Isi-cola i glasflaske med ringmønster. Du snakkar om å gledje seg på tynt øl! Eg var van med brus, tante Agnes hadde vent meg på i så sterk grad at eg lenge berre kalla henne tante Brus. Og tante Agnes hadde det vitet at ho heldt meg med skikkeleg brus, raud brus med bilete av Perle og Bruse på. Denne hotellmannen på Hellesylt kom med kaffifarga brus i vanskapte flasker utan bilete. Alt var feil, og smaken var det verste. (Eg opplevde tydeleg flashback då eg mange år seinare kjende same smaken i gamle DDR.) Mykje, mykje meir må eg ha opplevd på denne ferda, for ifylgje ho Anna i Pettergarden underheldt eg i veker etterpå med ferdaminne frå Hellesylt. Diverre må einkvan ha kome borti delete-knappen min, for eg hugsar ikkje meir.

Eksotisk!

Men det var andre ferder. Ein søndag lasta far og grannen traktortilhengarane fulle med kjerringar, ungar og det som elles let seg samle av slekt og vener og køyrde til Vatnedalen med drustelege matkorger. Der fekk eg for første gong i mitt liv sjå eit telt, kvitt spisstelt som den yngre bror min kalla ”knappahuset”.

Bror min og knappahuset

Og sanneleg vart det ein tur til sjølvaste byen og, då det langt om lenge vart oppdaga at eg var temmeleg nærsynt. Om bord i gamle ”Hjørungavåg” ved kaia i Ørsta og ei vågsam ferd over salte bølgjer til vi, ikkje heilt trygt, kunne gå i land nord i bya. Undervegs hadde far prøvd å vise meg radiomasta på Vigra, utan at eg heilt skjøna kva han snakka om. Men eg skal seie eg såg radiomast då vi var på heimveg med nye briller. Og for ei oppleving å kome heim og sjå at fjella var meir enn mørke klattar! Folk fekk kalle meg Brillemerra så mykje dei ønskte, briller har eg brukt kvar dag sidan.

Ingen kommentarer: