mandag 9. november 2009

Ørsta frå A til Å, del 16 - P.



P - Pettergarden.

Pettergarden oppå Bjørdalsskiftet utgjer ein heil liten bolk i livssoga mi. Der styrte ho Petter-Anna med så mild hand at dei andre knapt nok merka at dei vart styrde. Ho Petter-Anna i si velmaktstid – det var brødbakst, svissrull og blomkarse, mykje blomkarse.


Han Einar var Dagsnytt, skrivebord og folkevogn. Og så var det Berte på loftet – finare handarbeid og resirkulering av gamle soger frå Austefjorden. Den gongen, før i tida, måtte eit kvinnfolk vere glad til om ho fekk eit rom og kjøken i huset til odelsbror. Hadde ein dertil ei handarbeidskiste, kunne det vel ikkje likare vere.

Anna spreidde varme og livsglede rundt seg. Aud, som var jamaldringen min, var attpåklatten i familien, og foreldra hadde gjort frå seg det grøvste av barneoppseding før ho kom til. Dermed fekk vi jentene fred til å halde på med vårt, så lenge vi ikkje ståka når det var Dagsnytt i radioen. Og kva fekk vi dagane til å gå med, så heilt og absolutt utan ”fritidsaktivitetar”? Nei, om vi sakna fritidstilbod, så hadde vi fridom, og ein kan undrast over kva som er det likaste? Dei første utfluktene våre var ”kaffiturar” oppi Gamlevegen, ikkje lenger unna enn at vi såg heim. Anna lagde til saft og brødskiver, og vi gjekk våre dryge 100 eller 200 m og var på tur! Seinare vart vi meir vidforige, og noko slag grensegang heimanfrå kan eg ikkje minnast at vi hadde. Såleis låg vi rett som det var og tøygde oss utover elvebarden for å få tak i blåleire. Symjekunsten var oss så aldeles framand, så ein slag risikosport var det nok. Elles flyt episodane frå desse tidlege barneåra saman, eit og anna fyrtårn står likevel att i minnet.

Rikeleg med plass hadde vi rundt oss, endå om ingen av oss hadde barnerom. Det var alltid ein fjøsgang, ein krok av løda, eit vedahus som kunne omgjerast til dokkehus, butikk eller leikefjøs. ”Man tager hva man haver og laver noget derav.” Då vi vart eldre, vart Petterbuda ledig etter at Berte hadde regjert der sine siste år. Då var vi longe forbi dokkehusalderen og langt inne i neste fase. Det eg best minnest av den meir vidarekomne ”leiken” i Petterbuda, er overnattingsturane og Tandberg’en. Det hadde seg slik at ein brørne til Aud hadde vore på anten fangst eller fiske, om det ikkje var begge deler. Der tente han såpass at han kunne kjøpe seg ein Tandberg bandspelar nordi bya før han kom heim. Då han igjen freista lukka på bølgjan blå, vart bandspelaren ledig og vi jentene hadde med eitt meir teknisk utstyr enn vi hadde hatt evne til å ynskje oss. Om broderen nokon gong har fått visst om dette, har eg aldri våga å undersøke. Men vi hadde bandspelar og vi hadde overnattingsløyve. På dette stadium av utviklinga hadde vi skaffa oss venninner nede på Vatne, og dei kom for å ta del i overnattingane. Solveig greidde til og med å få mobilisert bror sin med merr og kjerre, det var ikkje så reint lite av klede, mat og anna utstyr som skulle til når ein skulle vere borte ei heil natt og ein halv dag. Og så kom kvelden, med Tandberg, mat og heimeåleine-kjensle. Det er vel meir enn lite von om at ”radioteatera” som vart produserte i Petterbuda på tidleg 60-tal har vorte tekne vare på, og det er kanskje det beste. Det å få høyre sine eigne stemmer, var spaning nok, så eg trur ikkje vi la så mykje arbeid i handlingsgangen.


Tandberg båndopptaker, svære greier!

Ingen kommentarer: