Hausten 2005 skulle eg til Bari med nokre elevar som skulle
på møte i European Youth Parliament. Det
vart ei tungvint reise, og vi måtte vente mest eit døgn i Milano. No er ikkje
eit døgn i Milano noko eg skal gje meg til å klage over, eg fekk med meg mykje.
Den mannlege kollegaen frå Nord-Trøndelag var opp i under over alt eg greidde å
få med meg - i bagasjen. Under den lite planlagde vandringa, kom eg over ein
Mandarina Duck-butikk og gjekk inn og såg - og såg, og såg akkurat den veska eg
skulle ha hatt, perfekt til den rust og brune fargeskalaen i reisegarderoben. Men eg hadde veske, den brune frå England, og
eg slo meg på handa og gjekk. Eitt
reisemål hadde eg att, og det var katedralen i Milano, denne fann eg og brukte
tid der, men merka at tanken på veska var vanskeleg å legge heilt frå seg. Eg kom ut på gata igjen halv seks, dei fleste
butikkane stengde klokka seks, så eg prøvde litt febrilsk å finne
veskebutikken. Men det var mange
kronglete smågater, og klokka seks hadde eg ikkje funne butikken. Nei, nei,
tenkte eg, det var vel ikkje meininga at eg skulle ha denne veska då.. Og så gjekk eg meg på butikken, og han var
open til halv sju, og då var det ikkje tvil, klart eg skulle ha denne
veska! Og det er ei støvandes veske,
stor og romsleg og praktisk innreidd, eg har aldri angra, men så var det no som
ein slags styrelse og, då. Veska er i ekte nylon og gir seg ikkje ut for å vere
noko anna!
Men ei ulempe er det med denne veska, ho matchar ikkje alle
fargar! På butikken i Milano hadde eg
sett at det og fanst raude MD-vesker.
Det var særleg ei eg merka meg.
I 2006 skulle eg atter på byferd, denne gongen på
personalseminar til Brügge og Brüssel. Det var ikkje sett av særleg tid til
meir private syslar, så ein del av oss damene skøytte på ei helg i forkant og
eit par haustferiedagar i etterkant. Ein
av Brüsseldagane, etter seminaret, var sett av til individuell shopping. I ein kronikk på nettsidene til nrk.no las eg nettopp følgjande: "Bloggere som
presenterer glansbildeversjoner av livene sine, øker presset på andre
kvinner." Dette vil eg nødig vere
ein del av, så no skal eg fortelje ope og ærleg om all den mislukka shoppinga
ein hektisk dag i Brüssel.
Eg hadde den raude MD-veska frå butikken i Milano i
bakhovudet, gjorde leksa mi på nett og hadde med adresse til ein MD-butikk i
Brüssel. Denne butikken låg nokså
avsides til, så eg tok meg fram åleine, first thing in the morning. Då eg kom fram, viste det seg at butikken
ikkje opna før 11.00, dermed vart eg sitjande på ein trist kafé i eit nitrist
strok utan så mykje som eit blad å lese i.
Og då eg kom inn i butikken, hadde dei slett ikkje den veska som hadde
hatt tilhald i hjernebarken min ei tid. Men
etter alt dette strevet, tykte eg at måtte ha med meg noko, og det vart denne:
Nøgd med denne har eg nok aldri vorte, for lita til t.d. ei
A4-blokk, for stor til å vere ei lita veske, feil nylonkvalitet, for glatt. Og
som dette ikkje var nok: eg kjøpte med meg ein raud paraply frå same butikken,
den i særklasse dyraste og dårlegaste paraply eg nokon gong har hatt.
Og her følgjer så
resten av resultatet frå den miserable
shoppingdagen:
Raud fløyelsebukse, for så vidt grei, men veldig BMI-avhengig.
Raud høghalsa gensar, veldig mislukka, vart nuppete og
fasonglaus.
Brun, billig kashmir-cardigan, vart fort nuppete og holete.
Rust strikkejakke (med krage, difor ikkje cardigan, vart vi
damene etter lang diskusjon samde om), nuppar frykteleg.
Raude Arche ankelstøvlar, det einaste vellukka denne dagen!!
Eg vonar det har vore ein svir å lese om så mykje misere!
Shoppingmafiaen
Frk. TurkiS - den perfekte veskebærar.
Fru MD Rust - crossbody bag = fashion-fy!
Fru Solbrille - could'nt care less, whatsoever.
Fru Solbakken - har vel lommeboka i baklomma.
Endå meir eksotiske strok i neste bolken!
SISTE! Glidelåsen i den rustfarga MD-veska er øydelagd, redningslaust fortapt, og veska er ikkje den same utan glidlås. Og akkurat no som "brent oransje" er såå in!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar