"Se min kjole,
den er rosa, rosa,
alt hva jeg
eier, det er rosa som den.
Det er fordi
jeg elsker alt det rosa,
og fordi
stylisten er min venn."
Anne: Eg har fått ein ny kjole sidan sist, kjole
med kapper á la spansk senorita. Eg prøvde å piffe opp litt med kvitt belte,
men veit ikkje heilt Det vart i alle
fall femi nok! Fargen er den same som den førre. Det er sjølvsagt mange fordeler med fleire
plagg i same farge, ein kan mikse og matche.
Per: Men vi veit no
ikkje om det er den arkaiske matche-trongen eller den sunnmørske hækna
(=gjerrighet) som gjer at vi har fått så mange plagg i same farge. Vi har ein liten mistanke om at når
designerstylisten først har kosta på seg eit nøste med heklegarn, brukar ho det
til siste trevl. Men som sagt, praktisk når ein skal kombinere outfits.
Anne: Her skal eg
vise eit døme på miks og match:
Det fungerer, eg må
tilstå det. Men er det ikkje litt far
out med pompadour-veske?
Per: Her er eg veldig nøgd med resultatet, litt sånn
kunstnerisk pariserbohem i lavendelåker.
Tøft!
Anne: Eg vart litt
misunneleg på Per der. Eg prøvde å låne
nokre av sakene hans, men følte meg litt wannabe:
Anne: Og forresten, eg har faktisk ein kjole som ikkje er rosa. Ettersom det tydeleg og klart er ein kjole,
skulle kjønnsidentifiseringa vere i orden.
Og eg har ein mistanke om at designerstylisten hadde ein garnrest ho
ville bruke opp.
Då er tida inne til å takke for oss! Det har vore ei glede å dele refleksjonane
våre med dykk alle. Ha det bra:
Når du les dette, er vi omplasserte, så det kjem nok ikkje
meir frå oss. Babyvernet tykte vi
utvikla oss i feil lei, så vi vart plasserte i ein barnefamilie. Vi må tilstå at det er meir leik og moro, liv
og røre her vi er no, men vi må og seie med diktaren: "Hårde tider har vi døyet". Vi har mellom anna vore vitne til at små
bamsar og tøyhundar har fått låne våre antrekk! "Keep calm, carry on" seier dei der
vest om havet. Og vi prøver. Men det hender at vi ønskjer oss til ein stad
der vest, Eton t.d., der vi kunne få utvikle refleksjonsevnen vår vidare.
Always
looking bright at the bright side of life - in sunset!