søndag 6. september 2009

Ørsta frå A til Å, del 12 - L

L. Lagunå!

Kvar gong eg har vegen forbi han Ivar Aasen når eg er i Ørsta, saknar eg Lagunå, eller meir presist ”Den blå lagune”, noko så eksotisk i 50/60-talets Ørsta som ei blå lagune! Ikkje rettare eg minnest, var det ein Eidheim som hadde vore i Amerika som var mannen bak denne oasen i den tradisjonelle kafé-ørkenen. For ein del år sidan hadde eg ein kollega frå Nordmøre som i ungdommen hadde gått i lære i Brattvågen. I helgane fór dei unge lærlingane inn til Ørsta for å gå på Den blå lagune; og – ettersom han sa – fordi jentene skulle vere så fine der inne. 30 år etter var ”Lagunå” det første han mintest då han høyrde at eg kom frå Ørsta. Kva slag servering dei hadde å tilby der, minnest eg lite av, for min del gjekk det vel helst i is og brus, men eg hugsar den eksotiske atmosfæren, blåfargen, andedammen, og fint søndagsvêr var det no støtt den tida. Kva som kunne gjere at Lagunå i si tid vart jamna med jorda, har eg aldri fått med meg. Var det ikkje botevon? Kunne ikkje han Ivar framleis hatt uterestaurant og andedam rundt seg? Sjølv om det finst dei som er truandes til å ta til motmæle, vil no ryktet ha det til at han trivdest godt på skjenkjestovene i Christiania, gjerne med ei ”deie” på fanget.




Ivar Aasen, frosen og deielaus.

I andre land er dei flinke til å ta vare på kulturskattane sine. Til Siena kan ein til dømes dra med eit måleri av sentrale strok frå 1600-talet og gå rundt og kjenne igjen kvart eit hus. No kan det vel vere at steinhus i varmare strok rett og slett står seg betre enn trehus i nedbørsrekord-land. Men var det heilt umogleg å redde Lagunå? Vil einkvan setje seg i spissen for gjenreising? Folkerørsla for Den blå Lagune?

Piazza del Campo i Siena, no som før.

På Island har dei si Blå Lagune, der kan ein bade i blått varmevatn og drikke blå drykk til, i Azul Cocha i Andesfjella kan ein og lauge seg i blå varme. I Nassau, Bahamas kan ein symje mellom delfinar på Blue Lagoon Island. Vi ørstingar frå femtitalet var ikkje så storforlangande, blå drykk klarte vi oss utan, brus og kaffi var alt vi bad om. Bade i vår lagune kunne vi på ingen måte, og delfinar hadde vi ikkje ein gong sett på TV. Men der var ender ved laguna vår, og der var i alle fall nok vatn til til at dei kunne lauge seg. Og vi hadde utsikt til Ivar Aasen. Ja, tenk om Ørsta kunne ha berga si vesle lagune. Men Idavollen trur eg ikkje det var bergingsvon for, det huset var nok redningslaust fortapt.


Innspelingsstaden til The Blue Lagoon, liknar på ingen måte Ørsta.


Blå lagune på Island, det var ikkje akkurat slik vi hadde det, heller.


Ingen kommentarer: