søndag 27. september 2009

Ørsta frå A til , del 15 - Ose

O. Ose

På flybussen frå Vigra vart eg ein gong sitjande og høyre på to svært unge sunnmørsjenter som utveksla erfaringar frå Viet Nam, Malaysia og Thailand. Det er i slike stunder ein kan falle i tankar om den gong og no.

Bestemor hadde ein bror som hadde vore i utanriksfart og mellom anna kjøpt koppar i Kina. Ein noko meir fjern slektning hadde vore misjonær i same landet, og fleire visste eg ikkje om som hadde vore så ubegripeleg langt av lei.


Kinakopp

Mine ”Sydenturar” gjekk til Ose, til tante Agnes og onkel Hans. Der var det eksotisk nok for ei urøynd taus frå fremst frampå Dala. Dei hadde badestrand på Ose, der til og med vaksne folk låg og slong midt i slåtten. Frampå Dala hadde vi Vatnesanden, men kva var no vel det samanlikna med lidoen på Ose? Det var fole stas å få vere med på slikt, eg skjøna det, men dyreriket på dei kantar kunne eg gjerne ha klart meg utan. Framme på Sanden var det verste udyret ål, mørke, sleipe skapnader som berre tyskerane, som etterkvart tok til å leite opp norske utbygder, kunne tenkje seg å ha i seg. I saltvatnet nede på Badestranda stod det monaleg verre til. Her var det skarpe skjell som ein kunne trakke seg til blods på, det var tareskog som i seg sjølv var nifs nok, og som dertil kunne skjule badestrandekvivalenten til Dracula i Transsylvania: Krabben! Krabbar kunne vere der ein minst venta det – og der ein venta det! I tareskogen, attom ein stein, halvt nedgravne i sanden – alle stader kunne det vere krabbar. Og dei hadde klør som kunne knipe, hardt! Kneip dei først, så sat ein beint fram i saksa, for krabben gav seg aldri. Så sa i alle fall den krabbekrøniken eg fekk med meg ut i verda, og eg tvilte ikkje det slag.




Mannevond skapnad

Når det gjaldt skræmslesoger var eg aldri nokon tvilar, eg hadde ei stor og sterk tru på at det mest i livet var fårleg, og det er vel nett slik det er? Endå eit sjødyr hadde eg overlag stor respekt for, brennmaneten!



Maneater

Så det var mykje å akte på når dala-tausa skulle, ikkje hoppe, men vaktsamt vade ut i havet. At eg ikkje kunne symje, vart knapt nok ein bagatell, samanlikna med alle dei andre fårane som truga.

Men no skulle no ikkje dette vere noko dystert barndomsminne; det var blå himmelkvelv over sommarturane mine til Ose. Premiehagen til tante Agnes var reine godtebutikken, sukkererter, bringebær, jordbær. Eg hadde eige rom med ein vegg med bøker: Band etter band om den tapre sjukesystra Cherie som trassa alle fårar, krig, jordskjelv, naturkatastrofar, ulukker av alle slag. Om det imellom kunne vere skakande dramatikk, klarte ho seg alltid til slutt, alltid. Og så var det den minst like bindsterke Nancy Drew (som den gongen vart uttala Drevv) som løyste alle slag mysterium, likt og ulikt. Røynsle hadde lært meg at det nok gjekk bra til slutt, men likevel måtte eg liggje utover natta og lese ut boka for å forvisse meg om at det vart slik denne gongen og.

Nancy Drew, på utanlandsk!

Eit år kom det amerikadamer til Ose, ekte amerikadamer med kjøpekjolar og nette hattar. Då var det stas å vere ekstragjest. Arne Bendiksen-versjonen av Davy Crockett herja heimlandet den tida, og det vart til stor undring for meg å høyre at dei hadde Davy Crockett i Amerika og! Trua på Arne Bendiksen fekk ein knekk.



Davy, han fant en sti der de andre gikk vill!

Slik eg minnest Ose, var der ikkje kyr, endå om det var utsikt frå hagen til ei løe. Ei uheldig hending i ung alder hadde påført meg solid kuskrekk. Heller ikkje var der nokon masete veslebror, berre ein noko eldre ”søskenbarn-bror” som rett og slett let meg vere i fred. Om eg elles hadde respekt for sentrumsungar, så gjaldt visst ikkje dette ungane på Ose, kanskje fordi så mange av dei var av slekta til onkel Hans, og såleis var for kjentfolk å rekne. Så Ose og Badestranda, takk for meg. Det var gilde stunder!





Dette er ei feiltasting, men eg blir ikkje kvitt dei!



Ingen kommentarer: