søndag 7. februar 2010

Ørsta frå A til Å, del 19 - S

S - Skule

Ettersom eg før har fortalt om Bjørdal skule, får denne epistelen handle om Brautaset. Dit vart eg tvangsflytta som niåring og såg ikkje heilt lyst på situasjonen. Men dette vart endå eit prov på den gamle visdomen om at dei fleste katastrofer aldri inntreff. Dei nye klassekameratane våre var ikkje mykje å gruve seg for, det vart tvert imot mange og lange venskap av det. Ettersom eg no var stor nok til å gå både til Vatne og Nakken åleine, vart det ei ny verd som opna seg. På Bjørdal skule hadde vi vore to på same klassetrinn, no vart vi sju, fem jenter og to gutar. Vi fem jentene utgjorde ein nokså sterk kvinnejunta, og dette to tiår før feminismen på 70-talet. Eg vonar at dei to hanane i korga har kome over skadane dei fekk etter å ha vorte utsette for girlpower lenge før omgrepet var lansert.
Hane i korg
Inger og eg kom ein dag på skulen i same antrekk, plomeraud bukse og beige duffel-coat. Den dagen gjekk vi på do saman og vedtok å vere bestevenninner. Frå den dagen kunne lite skilje oss, heilt til han Gjerde-Iver fekk den idé at han skulle flytte til Åsestranda nokre år seinare. Slik eg før hadde rent på dørene i Pettergarden på Bjørdalsskiftet, utan nokon gong å reflektere over om det ”passa” at eg kom, slik vart eg no ein flittig gjest i ”Gjerdet”, og aldri kan eg hugse at ho Gjerde-Laura tyktest ha noko imot at eg rak der. Elles var vel Inger ein like flittig rekekjepp. Om vi var tidleg ute med søndagsmiddagen heime hos oss, var dei endå tidlegare i Gjerdet, så Inger brukte å nå desserten heime hos oss, sviskegraut med sukker og mjølk, kvar søndag. Men om det no vart mykje Inger og Karen i åra som kom, var vi òg i stand til å leike i flokk. ”Vatningar”, ”nakkingar”, ”krøvlingar” og ”heimaføringar” levde så vidt eg kan minnast i fredeleg sameksistens. Ei og anna trefning var det sikkert, plaging og mobbing fanst vel då òg, og det er mogleg at andre har ei anna historie å fortelje. Men eg hadde alltid mine faste rundt meg og ”stod han av” som dei seier i Nord-Noreg. Eg kan likevel minnast at eg iblant prøvde å legge skjul på at eg hadde nokså lett for bokleg lærdom. Stempelet ”klokehaud” var ikkje noko å trakte etter. I desse fjerne dagane var det ikkje vanleg at born hadde klokke, så lærarane styrte vel tida for timar og friminutt nokså eineveldig. Og var det no ein strålande vinterdag og borna var godt i gang med leiken, har eg ein mistanke om at friminutta vart tøygde noko. Ein slik vinterdag fann eit lyst hovud på at vi kunne rive av pappen med måling på av veggane på skuleloftet, som i si tid var lærarbustad, men som no ikkje var i bruk. Desse pappbitane kunne vi bruke til akebrett (det ordet hadde endå ikkje nådd Åmdalen og eg veit ikkje om vi hadde noko høveleg glose for fenomenet) i den bratte bakken frå Vassendgarden og ned. Det var vanlegvis ikkje noko forbod mot å forlate det som strengt teke var ”skulens område”, berre vi ikkje trakka ned graset. Og noko gras var det no ikkje vinters tid. Desse ”akebretta” frå skuleloftet var ikkje særleg varige, når pappen kom i kontakt med snø, gjekk det med han som det sidan gjekk med hjartet til Björn Afzelius: han gjekk i tusen bitar. Så neste friminutt vart det ikkje meir leik og moro, då vart det arbeid, rydde opp kvar smitt og smule. Og det vart vel òg lagt visse restriksjonar på tilgangen til skuleloftet. Alle dei likaste friminutt-minna mine er knytte til vinterstida og snøleik. Dette kan ha den enkle forklaringa at eg alltid har vore ualminneleg klønete i all slags ballspel, og ”kanonball” og ”slå lyre” var ettertrakta aktivitetar i sommarhalvåret.

Siste nytt i pedagogiske påfynstre og metodar seig sakte ut til dei fjernaste avkrokane av landet den tida, og i det meste av skuletida mi hadde vi det på gamlemåten. I lesetimane las vi, etter tur. I reknetimane rekna vi, og når vi var ferdige med rekneboka for 4. klasse, tok vi til med boka for 5. klasse, same kva årstrinn vi høyrde til. I skrivetimane skreiv vi, eit eller anna. I fag som naturfag, landkunne og soge starta timane med at læraren spurde lekse, og han Einar noterte ”poeng” for kvar gong for at karakterane skulle bli rettferdige. Kunne kandidaten ingenting, vart det null i boka. Den som fekk null endå ein gong, fekk ”sykkel”, fire nullar vart bil, og slik heldt det fram, like til trailer med tilhengar for dei minst heldige. Resten av timen fortalde læraren, og den som fylgde godt med, sparte seg ein del leksearbeid. Som yngste syskenbarnet mitt på Krøvelen ein gong sa: ”Ditte kan e, for ditte he hanj Petter-Einar tote innj i haudet på me.”


Nye Brautaset skule, den gamle er riven.
Men då vi skulle ta til i sjuande klasse, vart det ”umstøyting” som han Ivar Aasen ville ha sagt det. Vi fekk ny lærarinne på Brautaset, ung bydame som nok hadde lært om arbeidsskuleprinsippet, ”learning by doing” eller kva slags etikettar dei no dreiv og sette på siste pedagogiske nytt. No skulle vi ikkje berre lære det som stod i boka lenger, vi skulle lage arbeidsbøker. Eg kan ikkje minnast at det var med noko slag entusiasme vi tok fatt på alt dette nye. Å sitje og teikne i naturfagtimane; det var slikt eit brot med alt tilvant, og så reint meningslaust. Vi var framleis berre sju på klassetrinnet, men eg trur nok at den entusiastiske og velmeinande lærarinna ofte må ha kjent oss som ei tung bør. Her kom ho og visste kor mykje gildare desse nye læringsmetodane var, og så møtte ho motstand og vrangvilje.

Ingen kommentarer: