Bokstaven C var eigentleg eit framandt dyr i Ørsta, som i landens strok ellers. Caféar fanst ikkje i vårt vokabular, men trauste kafear som Norrøna og Gjestestova. Denne mest totale mangelen på gode c-ord var sjølvsagt ei utfordring for dei som skulle lage lesebøker. Men det er nettopp her, i leseboka, vi kan finne eit naturleg tilknytingspunkt til C; ABC’en eller abbsebokja. Vi var ikkje nett så forvende med biletbøker den gongen, og bileta frå Hans Bergersen Lesebok, fyrste skuleåret, femte opplaget sit som spikra i minnet. Og det er ikkje heilt sant dette med at ”Far les” og ”Mor Syr”! Rett nok syr mor side 19, men far, han ror, han gjer altså nytte for seg han og. Og på side 21 er det mor som sit gjerandslaus på ein stol og les, ”Mor les i boka”, medan ”Far målar låven”. På same side bilar Per med far, men ”Rut ror i båten”, mo åleine. Var det kan hende ikkje slik ei ofseleg kvinnediskriminering i dei gamle lesebøkene som 70-talsfeministane ville ha det til? På side 84 og 85 er det likevel kjønnsdeling av godt, gamalt merke, familien er på handel, og Jon får ein raud bil, medan Liv får ei lita dokke med gult hår. Men dette var nett det vi streva så fåfengt med vi som hadde småborn på 70-talet; gutane ville ikkje leike med små dokker med gult hår og småjentene var berre så måteleg interesserte i bilar og bæbu. På side 94 og 95, der Liv og Jon byggjer hytte, handterer dei hamar, sag og målarkost begge to. Det ser ut som Bergersen vart utsett for ein del urettvis sjikane på 70-talet.
Det var på Bjørdal skule eg fekk mi første opplæring. Det året eg tok til på skulen, 1954, var det 12 elevar på skulen, og eg var så forferdeleg minst! Og dei største gutane var så forferdeleg store. Eg kan slett ikkje minnast at dei i tillegg var ”stygge”, men det var ille nok at dei var store. Heldigvis var dei største jentene milde og snille. Og så hadde eg sjølvsagt granneungane Aud og Gunnar rundt meg heile tida. Men Aud hadde den føremun at ho var ekte bjørdaling, medan eg, på grunn av utskiftinga i 1948, kom frå ”ingenmannsland” mellom Vatne og Bjørdalen. Meir skulle det ikkje til for å få ein keim av flyktningkjensle den tida, det var viktig å høyre til! Læraren var i alle fall ein gamal kjenning, så i så måte kjende eg meg trygg.
Sjølvsagt gjekk vi til skulen, vi som alle andre. Ikkje ein gong lærar Einar rygga ut Folkevogna i utrengsmål. I starten gjekk Aud og eg åleine. Nokre eldre gutar hadde same vegen, men dei minnest eg ikkje at vi såg noko til. Vår rute gjekk vel så mykje utanom og rundt ikring som etter vegen. Det var så mykje så sjå og oppleve, ein bekk der det kunne gravast tunnel eller lagast demning, konglar som vart finfine kyr og sauer, herlege sølepyttar, blomster, fuglar. Resultatet var at vi kom for seint til skulen oftare enn vi kom tidsnok. Så vart det halde eit lite foreldremøte og bestemt, utan at vi vart rådspurde, at vi skulle gå i følgje med læraren kvar dag, d.v.s. kvar skuledag – ein plaga ikkje barn til skulen kvar dag i den tida! Og dermed endra skulevegen seg frå eventyrferd til pliktlaup. Kor lenge straffe-eksersisen varte, minnest eg ikkje, venteleg til vi hadde lært at skuleveg er skuleveg og frileik er frileik.

Skulevegen vår, rett etter den skræmande Tjukkeskogen.
Lærar Einar hadde på ei og same tid sju årstrinn å ta seg av, og han var langt frå den einaste læraren i landet som hadde det slik. Å halde i gong sju forskjellig opplegg i alle fag, var nok for mødesamt, så vi vart samla til felles undervisning så langt det gjekk. I reknetimane sysla vi kvar med vårt og gjorde unna dei forskjellige reknehefta i tur og orden. Likeeins var det vel med skrivinga. Men i dei ”munnlege” faga, som verkeleg var munnlege den gongen, var det mest praktisk at flest mogleg heldt på med det same. Så når det grøvste var unnagjort av lese- og skriveopplæringa, kunne ein bli ”forfremma”, ikkje nett til saligheten, men til storskulen. Såleis begynte eg å levere inn fysikk-øvingar alt i 2. klasse. Noko særleg til fysikar vart det no likevel ikkje av meg. Det gildaste for meg på skulen var skuleboksamlinga, alle desse brune og blå bøkene frå Biblioteksentralen, så tørrvorne utanpå og så fulle av mangslunge liv inni, ”Frendelaus”, ”Frostmoborna” og mange andre hjarteskakande lagnader.
Bjørdal skule 1954
Men då eg var komen så langt i vokster og visdom at eg var klar for den rettelege storskule-statusen, 4. klasse, vart Bjørdal skule nedlagd. Om kva dragkamp som i dette høvet gjekk føre seg bak kulissane, veit eg lite og ingenting, men eg minnest at både born og foreldre var spente på resultatet. Og sjølvaste ”skjebnedagen” kom. Mor og eg stod i åkeren då ei skulestyrekvinne frå Bjørdalen kom og fortalde at no var det bestemt, det vart nedlegging. Og ikkje nok med det, av for meg uutgrunnelege årsaker skulle Bjørdalsungane skyssast forbi Brautaset skule og til Åmås. Det skulle ikkje mykje foreldremøte-verksemd til på Vatne-eidet og Bjørdalsskiftet før det vart bestemt at Aud, Gunnar og eg i alle fall skulle begynne på Brautaset.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar