onsdag 27. mai 2009

Ørsta frå A til Å. Del 4 - D.

D. Dalane og strendene

Dalane og strendene står for meg som eit noko disig omgrep frå oppvekståra. Kanskje var det 17.mai, når vi skulle stille opp til tog at denne nemninga vart nytta? (Og på sjølvaste 17. mai var det jamvel ei eiga forbøn for dalane og strendene: ”Gud signe Noregs land, kvar heim, kvar dal, kvar strand.”)

17. mai, eg fekk halde i fanesnora! Raud jakke, raud hatt og handveske. På den andre sida gjekk Aud iført same antrekk.

I alle falle måtte det no ender og då vere nyttig å samnemne utkantane i gamle Ørsta kommune på denne måten. Og eg kom altså frå ein dal. Desse strendene dei snakka om hadde eg liten og ingen kjennskap til. Men eg forstod vel at det budde folk der og.










Strendene
Min barndomsdal var Åmdalen. ”Grønn var min barndoms dal” er ei kjend oppvekstskildring frå Wales. Min barndomsdal var og grøn, grønske og regnver går godt i hop! Når han då ikkje var kvit, aldeles kvite var vintrane den gongen med brøytekantar som sikkert var minst to meter.
Åmdalen
Vi som vaks opp fram på Dala på denne tida, kom vel neppe frå det utan før eller seinare å bli sett på plass av dei som beherska verda og budde nede i Vik, beint fram i sentrum av tilværet.

Kvart skuleår var det faste turar ned til Vik for å gå til tannlækjar. Vi reiste flokkevis, og dei eldre ungane visste å skræme dei mindre rett grundig med kva pinsler dei hadde i vente. Utsmykkinga på venteromet gjorde sitt til å forsterke angsten, eit av bileta på veggen skildra så levande korleis det var for eit lite barn å få tennene trekte ved hjelp av stubbebrytar.

Det hende også at vi sykla i flokk ned til Vik i meir private ærend og unngjekk vel stort sett å bli oppdaga av dei fastbuande. Men så skulle vi til å bli utsett for meir systematisk sosialisering; vi skulle ned til Vik og gå på skule! Det byrja smått og pent i 7. klasse med skolekjøken laurdagane. Då kunne vi ikkje lenger unngå å verte oppdaga av dei som i kraft av å bu i sentrum sette standard for det meste. Til all lukke hadde vi frå Brautaset skule nokon som vi kunne plassere på rangstigen under oss, nemleg follestaddalingar. Vel hadde vi fått med oss at det budde eit slag folk på ”strendene” og, men dette var såpass abstrakt at vi ikkje kom oss til å sjå ned på dei. Det er rart med det, skal vi finne nokon å forakte, må det gjerne vere nokon vi veit om og nesten kan identifisere oss med, men berre nesten. Så follestaddalingar altså, dei stod lagleg til for hogg.

I vaksen alder har eg så godt som ingen kontakt med follestaddalingar, men det kunne no vere intereressant å vite om dei og meinte at dei kom frå den likaste, ja beint fram den einaste brukbare dalen i Ørsta. ”Fram på dala vårå” , hermde vi etter follestaddalingane, så trygge i trua på at det var i vår dal det budde folk.
Follestaddalen, venteleg er den eine dalen like bra som den andre.

Ingen kommentarer: