Ørsta
Alle bilete som er merka med voldaveiret.no er attgjevne med løyve frå veirmeisteren, http://www.voldaveiret.no/.
A. Tante Agnes
Den mest ruvande A-en i min oppvekst var tante Agnes. Utetter 50-talet vil eg tru det var som ei glanstid for dei friviljuge organisasjonane, folk hadde det litt romslegare, samstundes som det var mykje å ta hand i. I alle fall var det ei glanstid, heilt friviljug, for tante Agnes. Eg vil sjå den ørsting frå denne tida som aldri har høyrt om ho Agnes. Barnas Vel, Sanitetsforeininga, jonsoktog, barnehage, hagelag, Folkebadet, ei uendelegheit av basarar og messer – tante Agnes var alltid i spissen, i alle fall slik eg minnest.
Folk likar å kunne sole seg i glansen frå ein kjendis. Om ein ikkje har ein handfast kjendis å vise for seg, så kan ein vel alltids grave fram nokre slektsband, av varierande bonitet. Det er vel rimeleg truverdig at det finst nokre ætlingar av tidlegare visepresident Mondale i Mundal i Sogn. Slektsbanda som Marilyn Monroe skulle ha i Haugesund, er gjerne av det meir uautoriserte slaget, men ho Torill søskenbarn og eg hadde i alle fall uomtvistelege slektsband til den lokale kjendisen tante Agnes. Og vi visste å utnytte det! Som til dømes då det var Ørsta-messe. Om eg ikkje går meg heilt vill i barndomsminne, så var det ei slik messe i det ein gong nye meieribygget, som no for lengst er fråflytta og har vorte butikk, og ei i det den gong nye yrkesskulebygget, som no er gamalt, meir for avfeldig å rekne. Det er vel den siste eg hugsar best, for då kom det softis til Ørsta. Dei som var innvigde i kunsten, og mellom desse var det rotekte ørstingar, vreid på eit handtak, og så kom det is ut, is med ein beint fram saleggjerande smak. Her var vi sanneleg ikkje langt unna underet i Kanaan. Det gjaldt å spare på skillingane og bruke det ein kunne skrape saman til dette Herrens vedunder, no også på Sunnmøre. Og inngangsbillett til messe-området kunne det sparast på, for der inne var tante Agnes og styrte og ståka, og Torill og eg måtte ”berre inn og snakke med tante Agnes”, gong på gong. Durkdrevene farkungar eller gode sunnmøringar?
Torill og eg
Tante Agnes hadde ein reint ubendig innsatsvilje og –evne. I tillegg til alt organisasjonsståket heldt ho ustoppeleg på i heimen, lagde mat, baka, sydde til basarar og til oss borna, stelte ein premiehage og var retteleg i sitt ess når ho fekk halde selskap.
Selskap på Ose, trendens til utagerande brusdrikking.
Heime hadde ho han onkel Hans, ein noko meir stillfarande mann, med ansvarsfull jobb som heradskasserar. Det var nok dei som tillet seg å tykkje synd i han Hans som hadde slik ei vidforig kone. ”Han Hans må vere den tålmodigaste mann på jord”, høyrde eg sagt. Men eg vil no tru at han ikkje hadde det så verst. Han fekk godt stell heime, og når han stundimellom sat der åleine i roa med pipa og katten, kan det vel ha vore ei godstund, det og. Vi ungane som kom og gjekk, minnest berre fred og harmoni. Nå, ja, ein ting kunne Agnes og Hans vere usamde om, det var kven som sov minst. Begge ville dei gjerne overgår den andre i svevnvanskar. Hans fekk passet sitt så alvorleg påskrive ein dag, at soga har gått på slektsmunne til denne tid: Han var nøye på middagskvilda, anten det no var helg eller yrke, selskap eller ei, men han sov aldri, han berre la seg attpå litt. Så kom den dagen då den legendariske katten Lava hadde fått ungar i senga til Hans i middagskvilda, og han ikkje hadde merka noko til det.
"Og du påstår at du aldri søv!"
Så kom den sommaren då vi som framleis hadde huset på Ose som vår andre heim i Ørsta, tok til å snakke oss i mellom om at no hadde visste tante Agnes teke til å verte gamal. Det var ikkje berre å fare over fleire kvadratmeter med blomsterbed, bake tre-fire kaker og vaske kjøkenet og trappa to gonger dagleg lenger. Sanneleg kom den dagen då tante Agnes sat i ein stol i hagen og let andre springe etter kaffien. Då skjøna vi at det var ein heil epoke i liva våre som gjekk mot slutten. . Den siste gongen eg såg henne, var det basar på Folkebadet, og der sat ho med loddbøkene, ikkje ved full vitalitet, men i sitt rette element.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar