E. Engelsk
Ein gong midt på, eller sist på, 50-talet gjekk det ut påbod, venteleg frå sjølvaste Departementet, om at alle 12-åringar i fedrelandet skulle lære seg det engelske tungemålet. Dette skulle tydelegvis ikkje gå på bekostning av dei andre faga, så vi fekk utvida skuleveka med 2 x 2 timar engelsk. Dermed var det slutt på den glade annankvar-dag-tida. På det som hittil hadde vore fridagar, måtte vi vandre avgarde til skulen. Ja, bokstaveleg tala vandre! Ettersom dei to timane med engelsk var litt ut på dagen, var det ingen skulebuss for oss som elles hadde rett på skyss, og vi måtte gå, gå langs ein skuleveg som på ingen måte var ufarleg. Noko trafikk å snakke om, var det rett nok ikkje, men det var hundar etter vegen, heile to, og begge heldt til i ”Malle-huset”. Ikkje så at nokon hadde vore vitne til at desse hundane gjekk til åtak på nokon, det gjekk ikkje ein gong gysjer om det. Men dei gøydde og dei kom springande ned mot vegen, berre når vi skulle ”på engelsk”, aldri på kveldstid. Eg kan enno kjenne den lammande skrekken for desse dyra, og schäferhundar har eg til dags dato ikkje vent meg på.
Mallehuset, 50 år etter.
Men ein del av oss fekk no etter kvart eit visst grep om dette framande tungemålet. Eit av søskenbarna mine låg to-tre år framom meg i løypa, og ho kunne fortelje oss ukunnige kva gjengangarorda i slageren ”Oho, oho, I love you baby” betydde. ”Å-å, å-å ein liten baby”, påstod ho med alderens sjølvsagde autoritet. Sidan har eg lært meg å sjekke det autoritetane hevdar.
Då det endeleg vart min tur til å lære dette vedunderlege tungemålet, var eg så tent at eg i starten gløymde å vere på vakt mot å eksponere klokehaudsyndromet. Dermed fekk eg høyre det når eg hadde alt rett på første diktaten. Men ”om jeg hamrer eller hamres, like fullt så skal der jamres”, har ein klok mann sagt. Og han fekk sanneleg høyre det han som ikkje med ein gong klarte å lære seg det mest elementære i engelsk uttale og. ” I amm a båi,” las han, med tydeleg Nakke-uttale av dei framandlandske orda. Nei, ikkje for langt i den leia heller, medium var nok det klokaste strategivalet.
I ettertid kan ein sjå at det nok var på tide at styresmaktene iverksette slik obligatorisk undervisning, om det så medførte at vi laut til å gå, for den engelskspråklege kulturen kom over oss som storofsen. Amerika var sjølvaste honninglandet, der var sommarsmånadane ”those lazy, hazy, crazy days of summer” og ikkje eit evig bask med hesjing og raking. Eg undra meg vel stundom over kva låk lagnad det var som hadde plassert meg i eit regntungt dalføre på nordvestlandet i staden for på ei solfylt strand i California.
Der skulle du ha vore, Karen!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar