søndag 28. juni 2009

Ørsta frå A til Å, del 8 - H

H. Handgjerning og husstell

Då vi godt og vel var komne i ”storskulen” på Brautaset, var det og på tide å bli instruert i det faget som den gong vart kalla handgjerning.Dette var før det så mangt-omfattande formingsfaget kom til. Vel kunne lærarane Einar og Simon mangt og mykje, men ved korssting og selbuvottar gjekk grensa. Der måtte det spesialistar til. Det første året vi hadde handgjerning, vart vi frå Brautaset sende til Åmås skule på intensivkurs med fru Brekke. (I barneskuletida kom eg berre i kontakt med to fruer, det var fru Brekke og fru Djuvstein, elles hadde kvinnene i barndommen namn som Laurits-Oddlaug og Åmte-Tordis.) Kven som hadde kome på den idéen at vi skulle ha ei særskilt ”handgjerningsdrakt”, veit ikkje eg, men i alle fall drog vi med bussen til framandt territorium ikledde lysegrøne ”lagerfrakkar” og handarbeidskorg. Det stod respekt av det å kome til Åmås skule, det var ikkje våre som heldt til der. Sjølv kom eg litt i knipe fordi fleire av dei tidlegare skulekameratane frå Bjørdalen no var på Åmås, og eg vart utsett for harde åtak frå mine eigne for å ha fraternisert med fienden.

Fru Brekke var som sagt frue, eit noko skjørt og framandvore vesen, men slett ikkje utan myndigheit. Det nytta ikkje å kome der med slurvete korssting! Vi som var oppvaksne ute i bushen, var ikkje så heilt inne i dei mange omskrivingane som fint folk brukte om livets meir anale realitetar, men fru Brekke lærte oss opp til å spørje etter ”nøkkelen til Kongens have” når vi skulle på do, noko uvant for oss som var vane til meir kontante uttrykksformer. Vi var flinke til å syngje, vi frå Brautaset, og fru Brekke oppmuntra oss til å syngje til arbeidet og likte tydelegvis det ho høyrde. Det var tida før ungar hadde tilgang til anna enn Ønskekonserten, Sangboken (bedehusutgåva) og Lars Sørås si blå skulesongbok, så det var nok eit seriøst repertoar vi hadde, med mange vers.


Broderiet mitt frå 4. klasse.

Det vart med dette eine året som gjestearbeidarar ved Åmås skule. Neste gong vi skulle ha handgjerningsbolk, heldt vi til i skulekjellaren på Brautaset med Ellen Johansen som lærar. No hadde vi vorte store, og det var alvorlege saker på programmet, først og fremst ”søsterforkle” i kvitt, stivt bomullsty. Det vart sveitta ein heil del over dei mange faldane og rynkene, men resultatet vart staseleg, og eg har framleis forkleet, har berre flytta litt på knappane. Som ”bonus” fekk vi lov til å sy oss rett så brukbare foldeskjørt av godt tweedstoff. Det er merkeleg at kommunane på 50-talet såg seg råd til å late ungane arbeide med kvalitetsvarer, medan dei no knapt får så det held til pappsløyd. Strikkekunsten lærte vi oss og, lester og vottar, nyttige gjenstander med klare krav til kvalitet. Ellen Johansen godtok ikkje slarkarbeid. Men dei fleste av oss hadde mødre som sette si ære i godt handarbeid, så eg kan ikkje minnast at vi protesterte.




"Søsterforkle" frå sist på 50-talet.
I denne fjerne fortida var handgjerning eit absolutt kjønnsdelt fag, så vi var fullstendig karlause den perioden dette stod på. Gutane heldt til i ei støv- og lakksky ved høvelbenkane som mellombels hadde fått plass på Ungdomshuset. Her laga dei skjerefjølar, skrin, hyller og bord i ei for oss jentene heilt framand verd. Eg har til dags dato ikkje vorte fortruleg med hammar og spikar, det går seg helst skeivt. Kanskje kom eg for seint i gong med grunnopplæringa?

Men det var ikkje berre handgjerningsfaget som tidvis førte oss Brautasetungane bort frå eige revir. Då vi skulle ha husstell i sjuande klasse, måtte vi reise heilt til Vik og, som før nemnt, vere i grupper saman med follestaddalingar. O skjebne!

Husstell-læraren vår var ”ho Kjeldset-Moe”. Kvifor ho ikkje var ”fru”, kan eg ikkje svare på, kanskje fordi ho var ørsting? Vi frå dalane var stort sett vane med å ”ta hand i arbeid”, så eg vil tru at vi ikkje var så aller verst å halde styr på. Men som Inger og eg hoverte då ei av follestaddalsjentene sa ”livr”. Vi hadde no hatt såpass kontakt med den store verda at vi visste at i formell samanheng heiter det ”lever”. Ja, ja – ungdomens dårskap!

Igjen ligg det så lett i tastaturet å samanlikne den gong og no. Vi lagde fullverdige middagar, suppe, hovudrett og dessert, trur eg, i alle fall ein solid hovudrett. Og no vil ryktet ha det til at elevar skriv oppskriftar og teiknar pizza fordi kommuneøkonomien ikkje tillet utgifter til råvarer?

Ingen kommentarer: