fredag 9. november 2012

Veskene mine, del 6


Våren 2008 var eg igjen på reise med elevar som skulle delta på Europeisk Ungdomsparlament. Denne gongen gjekk ferda til Hamburg.  Programmet for medfølgjande lærarar var noko mangelfullt, så det vart ein del fritid.  På dette tidspunktet hadde eg alt begynt å planlegge antrekk til ein dametur til England i juni- og kome til at eg ikkje hadde noka høveleg veske til denne reisa, rust passa ikkje, raudt passa ikkje. Dei andre veskene var så krøkkete å handtere, og aldri meir Beach Bag på byferie.  (Noko skal ein jo ha å bry hovudet sitt med.)  Dermed vart det ei ny MD-veske i Hamburg, ei svært anvendeleg veske som har vore mykje brukt og for lengst har tent seg inn. Om eg berre skulle ha ei veske, kunne det godt ha vore denne.
Reiseminne frå Hamburg
På seinsommaren same året var eg i Berlin. På ein slentretur over Prenzlauer Berg kom eg over Tausche Tasche.  Dette er vesker laga i voksduk med "bilbelte" som skulderreim og med utsikftbare lok.  Eg vart sjarmert av konseptet og kjøpte veske med to lok.  
I 2011 var eg attende på same staden for å kjøpe fleire lok, slik at veska kunne passe til ei raud kåpe. Heile fem konsulentar var med meg, og langt om lenge greidde vi å semjast om desse to loka:

 Berre det raude har blitt brukt, men det ga veska nytt liv, så no tek ho snart til å forrente seg. (Det oransje er uttakbar innreiing.)

Ein skulle tru det var nok no for 2008, men einkvan styrer mine steg mot stader der det t.d. er opphørssal.  Slik gjekk det til at eg kom over eit godt tilbod i Vika i Oslo ein gong på seinhausten.  Ei "flat" veske i brunt skinn, akkurat høveleg til å ha lommebok, reisedokument og "någgo attåt" i.  Seinare har det vist seg at denne veska og er fortreffeleg til I-pad, berre vellæte her, altså! Og veska er konstruert til å henge på skrå over kroppen, den i særklasse mest praktiske måten å bere ei veske på, men mykje baktala av moteskribentar og stylistar.


(Posta frå Stockholm der eg har gått rakrygga forbi kvar einaste veskebutikk!)






Ingen kommentarer: