fredag 23. november 2012

Veskene mine, del 8


I 2011 hadde eg i prinsippet slutta å kjøpe vesker.  Det var berre det at eg kom over ei sterkt redusert (80%!) veske i Bergen!  Retteleg bra kvardagsveske.
Ekte nylon, relativt dårleg med innreiing

No var det einaste eg var på jakt ein sekk som den raude, men i meir nøytral farge.  Før Berlinturen det året hadde eg budd meg og funne ut at det var MD-avdeling på KadeWE, så eg tok den lange turen frå bustaden ved Alexanderplatz og til Kurfürstendamm, men til inga nytte. MD-avdelinga var no å finne på Potsdamer Platz.  Så ein kronglete banetur dit, stengde strekningar og stasjonar, berre for å finne at dei berre hadde ein annan type sekk.  Denne var på salg, og eg var trøytt og lei og sette alvorleg spørjeteikn ved den mentale tilstanden min.


Vel, sekken er ikkje romsleg som den raude, men grei nok med fora lomme til PC'en. Og så matchar han veska frå Hamburg, tyskertar begge to!

På vårparten i år, 2012, vart eg invitert med eks-kollegaer på "Milde Matilde og drillpikene".  Det er eit storveges konsept:  Damer i flokk møter i ein ominreidd låve, mat og vin blir servert (ikkje gratis) og stemninga blir piska opp ved ei munter mannekengoppvisning.  Så får damene sleppe laus i klesstativa, venninnene er i humør og stærar opp kvarandre - og pengane i kista kling!  Min fangst vart ei korallfarga skjørt.


  Og dette skjørtekjøpet fekk følgjer utover våren og forsommaren. 

Skjørtekjøpsfølgje 1, 2, 3, 4 og 5, alle frå byar i Andalucia.

Skjørtekjøpsfølgje 6, frå London.

Sko hadde eg frå før:

I august var eg så i Berlin. Den medreisande ville gjerne vise meg ein fin veskebutikk i Hakesche Höfe.  Eg hadde vesker nok, men eg kunne jo bli med inn og sjå på stasen.  Og der stod VESKA på eit bord midt i augnesyna og eigna seg heilt perfekt som skjørtekjøpsfølgje nr. 7.  Eg gjorde ein tapper freistnad på å halde tilbake, men den medreisande minte meg om kor mykje euro vi nordmenn får for kronene våre no, og at eg dessutan ville få igjen ein haug med taxfree-pengar på flyplassen.  Det vart mest rein netto.  Og eg kom i tankar om at det er ikkje lett å vere Angela Merkel om dagen, ho skal redde euroen både her og der, og kan ha bruk for ei handsrekning.  Og så hadde eg fått mi første JOST-veske.  JOST er eit framifrå veskemerke, fin stil, fin innreiing, fint skinn, med dette  avsluttar eg det mangeårige forholdet mitt til Mandarina Duck, tenkte eg,  no er det berre JOST som gjeld.  Men altså, eg er snart 65 år og no har eg i alle fall dei veskene eg treng.  Eg kan vel avslutte forholdet til veskekjøp, sånn reint generelt, konkluderte eg så fromt og fornuftig med. 

Dagen etter skulle vi på kjøpesenteret Alexa for å kjøpe eit litermål.  På veg til kjøkenutstyrsbutikken kom vi sanneleg forbi ein JOST-butikk og der var det tilbod! Mange godbitar til halv pris.  Den medreisande, som påstår at ho ikkje er nokon shoppar (ho hadde berre kjøpt to skjørt, ein genser og eit par sko dei siste par dagane) skulle berre inn og sjå.  Eg og såg - og såg, og eg kunne tydeleg fornemme ropet frå ein kjole i heimen: "Æ å vil ha veske!" (Kjolane mine bur i Trøndelag)  Og det var eit godt tilbod, og - i morgon skal eg byrja på eit nytt og betre liv, trur eg. (Den medreisande antishopparen kjøpte og veske, minst ei av oss hadde hamna i dårleg selskap.)


Men no er det mykje som tyder på at eg har slutta å kjøpe vesker.  I det siste har eg vore både i Stockholm og Amsterdam og har ikkje så mykje som sett på vesker. Could'nt care less!  Men akkurat i seinaste laget oppdaga eg at det er eit veskemuseum i Amsterdam.

No har det altså vist seg at eg ikkje har vorte nokon suksess som rosabloggar.  Neste gong skal eg prøve på intellektuell refleksjon.

PS - Allt jag vil ha er ett halsband av korall - kødda, eg har eit! Og armband. Og øyrepynt.
















Ingen kommentarer: