I 2011 hadde eg i prinsippet slutta å kjøpe vesker. Det var berre det at eg kom over ei sterkt
redusert (80%!) veske i Bergen! Retteleg
bra kvardagsveske.
Ekte nylon, relativt dårleg med innreiing
No var det einaste eg var på jakt ein sekk som den raude,
men i meir nøytral farge. Før
Berlinturen det året hadde eg budd meg og funne ut at det var MD-avdeling på
KadeWE, så eg tok den lange turen frå bustaden ved Alexanderplatz og til
Kurfürstendamm, men til inga nytte. MD-avdelinga var no å finne på Potsdamer
Platz. Så ein kronglete banetur dit,
stengde strekningar og stasjonar, berre for å finne at dei berre hadde ein annan
type sekk. Denne var på salg, og eg var
trøytt og lei og sette alvorleg spørjeteikn ved den mentale tilstanden min.
Vel, sekken er ikkje romsleg som den raude, men grei nok med
fora lomme til PC'en. Og så matchar han veska frå Hamburg, tyskertar begge to!
På vårparten i år, 2012, vart eg invitert med
eks-kollegaer på "Milde Matilde og drillpikene". Det er eit storveges konsept: Damer i flokk møter i ein ominreidd låve, mat
og vin blir servert (ikkje gratis) og stemninga blir piska opp ved ei munter
mannekengoppvisning. Så får damene
sleppe laus i klesstativa, venninnene er i humør og stærar opp kvarandre - og
pengane i kista kling! Min fangst vart
ei korallfarga skjørt.
Og dette skjørtekjøpet
fekk følgjer utover våren og forsommaren.
Skjørtekjøpsfølgje 1, 2, 3, 4 og 5, alle frå byar i Andalucia.
Skjørtekjøpsfølgje 6, frå London.
Sko hadde eg frå før:
I august var eg så i Berlin. Den medreisande
ville gjerne vise meg ein fin veskebutikk i Hakesche Höfe. Eg hadde vesker nok, men eg kunne jo bli med
inn og sjå på stasen. Og der stod VESKA
på eit bord midt i augnesyna og eigna seg heilt perfekt som skjørtekjøpsfølgje
nr. 7. Eg gjorde ein tapper freistnad på
å halde tilbake, men den medreisande minte meg om kor mykje euro vi nordmenn får
for kronene våre no, og at eg dessutan ville få igjen ein haug med
taxfree-pengar på flyplassen. Det vart
mest rein netto. Og eg kom i tankar om
at det er ikkje lett å vere Angela Merkel om dagen, ho skal redde euroen både
her og der, og kan ha bruk for ei handsrekning.
Og så hadde eg fått mi første JOST-veske. JOST er eit framifrå veskemerke, fin stil,
fin innreiing, fint skinn, med dette
avsluttar eg det mangeårige forholdet mitt til Mandarina Duck, tenkte
eg, no er det berre JOST som gjeld. Men altså, eg er snart 65 år og no har eg i alle
fall dei veskene eg treng. Eg kan vel
avslutte forholdet til veskekjøp, sånn reint generelt, konkluderte eg så fromt
og fornuftig med.
Dagen etter skulle vi på kjøpesenteret Alexa for å kjøpe eit
litermål. På veg til kjøkenutstyrsbutikken
kom vi sanneleg forbi ein JOST-butikk og der var det tilbod! Mange godbitar til
halv pris. Den medreisande, som påstår
at ho ikkje er nokon shoppar (ho hadde berre kjøpt to skjørt, ein genser og eit
par sko dei siste par dagane) skulle berre inn og sjå. Eg og såg - og såg, og eg kunne tydeleg
fornemme ropet frå ein kjole i heimen: "Æ å vil ha veske!" (Kjolane
mine bur i Trøndelag) Og det var eit
godt tilbod, og - i morgon skal eg byrja på eit nytt og betre liv, trur eg.
(Den medreisande antishopparen kjøpte og veske, minst ei av oss hadde hamna i
dårleg selskap.)
Men no er det mykje som tyder på at eg har slutta å kjøpe vesker. I det siste har eg vore både i Stockholm og Amsterdam og har ikkje så mykje som sett på vesker. Could'nt care less! Men akkurat i seinaste laget oppdaga eg at det er eit veskemuseum i Amsterdam.
No har det altså vist seg at eg ikkje har vorte nokon suksess som rosabloggar. Neste gong skal eg prøve på intellektuell refleksjon.
PS - Allt jag vil ha er ett halsband av korall - kødda, eg har eit! Og armband. Og øyrepynt.