I 2006 begynte dottera å studere ved Oxford, så den jula var det nokså naturleg at det skulle lagast eit Oxford-college.
Eg har vore fleire turar til Oxford gjennom åra, og det er vemodig at Oxford-perioden no er over. Sjølvsagt vil byen bli liggande der, men han er ikkje på same måten litt min lenger. Etter å ha prøvd ymse overnattingsstader, har eg i det siste halde meg trufast til St Michael's Guest House i St Michael's Street.
St Michael ligg sutalaust sentralt til, og ter seg som ein retteleg engelsk Bed & Breakfast - med det unntaket at ho mor sjølv har vorte for gamal til å ståke med Breakfast, så det inngår ikkje i prisen, som elles er til å leve med og vel så det. Førsteinntrykket slår an alle romantiske strenger, trang gang med mildt sagt slite teppe, ei bratt trapp med skeive trinn. Men alt her kan ein trass i all nostalgien fornemme at moderne tider har sett sitt preg: Dei teppelagde trappetrinna er reparerte med Gaffa-tape, dette multifunksjonelle hjelpemiddelet som rockisar på turné aldri kunne ha klart seg utan.
No har det og funne vegen til godt og vel tilårskomne landladies. Ikkje berre i trappa, men og på skapet under vasken på rommet. Jau, dei nye tidene ter seg.
Men det meste er no ved det gamle. Det er merkeleg nok ikkje vegg til vegg-teppe på det felles badet i gangen (korridor ville vere eit altfor stort ord her), men der er matter og dosetetrekk i rikeleg monn. Britar er mellom mykje anna kuriøst kjende for sin omtanke for dyr. Det finst t.d. foreiningar som freistar å lette på levekåra til grevlingane. Eg har aldri funne direkte prov, men eg undrast no på om det kanskje finst ein charity for muggsopp. Om alle bad vart glatte og sterile som i ein gjennomsnitts skandinavisk heim, ville det bli ringare kår for muggsoppen. Dei godhjarta landladiene vil det heldigvis annleis.
Romet mitt på St Michael's er elles reint sjarmerande gult, ein gulfarge som til fulle provar at interiørarkitektar aldri har hatt tilgang til dette riket.
Elles skal sjølvsagt eit ekte B&B-rom ha teppegolv. Dette golvet kan ha ein blåfarge, men helst skal det vere raudt, eller helst skal det ha vore raudt ein gong. Og i trakkesona , særleg den delen som går frå døra og mot senga, og rundt på den sida av senga som ikkje står inn mot veggen, skal fargen vere vanskeleg å skjelne. Der er det liksom meir svart-brunt enn raudt.
Då eg første gong godt og vel var installert på romet og skulle ut til kveldssete, vart fortaua på begge sider av den seriøst smale gata heilt fylt opp av folk og hundar. Og dette var bestemt ikkje pausen i eit dressurkurs eller møte i ein Country Club. Nei, desse folka bar preg av å ha sett solsida berre på trygg avstand. Hundane var som eigarane, av det meir rufsete slaget. Eg scanna området og fann alternativ rute for å kome seg heim til ho gamle mor når det vart kveldsmørkre og illgjerningstid. Men då så langt leid, var gata sope fri for både tobeinte og firbeinte. Nærare inspeksjon av dørskilt i nabolaget avslørte at det her var ein kafé for "people over 25" (ja, dei kan få sagt det desse britane!) som var open frå fem til sju. Kvifor dei fleste inntok fortaua i staden for kaféen, fann eg inga forklaring på.
Men dette vart ein lang omveg fram til pepperkake-Oxford:
På innsida av bygningen kan ein sjå både studentar og lærarar. Studentane ber dei svarte kappene sine og lærarane går i brune tweedjakker med skinnlappar på olbogane. Akkurat dette er kanskje ikkje så godt å sjå på biletet.
Avslutning i neste bolken.