Verker samar eller eskimoar hamnar i kategorien "styggeland" ettersom hovudarealet til desse folkegruppene er nord for oss. Styggelanda er pr definisjon i sør, jamfør førre bolken. Men ei politisk korrekt fallgruve er det her og: vi skal ikkje seie eskimo lenger, vi skal seie inuitt. Eskimo kan oppfattast støytande. Alle burde berre ta lærdom av dei homofile. "Homse" var eit skjellsord, men dei homofile tok så å seie ordet inn i varmen og gjorde det til sitt. Eg har prøvd det same med omgrepet "sunnmøring".
Igjen er det 50-talssjela mi som tek over ved juletider: eg har laga ein eskimo-busetnad. (Ein kan vel neppe kalle det ein eskimo-landsby?) Vonleg er det råd å sjå at det er sel som sym i havet. Grønlandshundane kan i alle fall attkjennast på lang lei. Og eskimoane har på seg eskimogensarar.
Her er eskimoane klare til fortæring. Tendens til kannibalisme?
Med samar er det greit. Såvidt eg veit, har dei aldri kjent seg vonbrotne over å ha vorte kalla samar. Ifølgje barnelærdommen min bur dei i gammer. Ifølgje Grand Prix syng dei Hei lålilålilåli, hei lålilåli.
Seinare har eg forstått at det og finst samar som bur i hus.
Har nokon prøvd å lage lasso av pepperkakedeig? Det var det einaste eg måtte gje meg på.
Mot vest i neste bolken.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar