Eg er nokså usikker på om USA vart rekna blant styggelanda. Eg er vel mest tilbøyeleg til å tru at så ikkje var tilfelle, for det var då God's own country, og dei fleste av oss hadde slektningar der. No var ikkje eg mellom dei privilegerte som hadde så nære slektningar at eg fekk Amerika-pakke. Det var berre å stå og sjå forgapt og misunneleg på at dei heldigare stilte kunne pakke opp taftkjolar og rosa tyggegummi. Nei, eg er nokså sikker på at USA ikkje var styggeland; og at Canada ikkje var USA, fann eg først ut i vaksen alder. Resten av verdsdelen Amerika var oss vel mest av alt knekkande likegyldig.I den grad den delen av verda i det heile fortente å bli definert, vart det absolutt som styggeland å rekne. "Amerika" var det same som USA (som inkluderte Canada), og så var det noko greier med degosar, kupp og revolusjonar langt lenger sør. Vi visste vel at Columbus hadde vore i Sør-Amerika og knerta nokre indianarar, og så visste i alle fall dei av oss som las Norsk Ukeblad at Prinsesse Ragnhild hadde vorte eksportert dit.
Men God's own country var å finne nord i Amerika, og størst i Amerika var Nyork (New York, som somme vil ha det til). Og største gata i Nyork var Manhattan.
Og her kjem altså Manhattan Skyline, den mest lettmonterte pepperkakekonstruksjon eg nokon gong har prøvd meg på.
Vi held oss vestpå i neste bolken.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar