Her følgjer eit tilbakeblikk på nokre av husa/konstruksjonane. Eg begynner med førre århundre, då eg framleis laga hus.
Her ser vi eit heller tradisjonelt nissetun. Såvidt eg minnes, var det ein rimeleg matematikk-kyndig son i huset som lagde mønster. Elles er det ikkje så mykje å seie om dette, tradisjonelt, som sagt.
Og her meir av det same. Eg minnest ikkje montering av pipa med glede.
Her har eg heilt sikkert brukt mønster frå blad, takkonstruksjonen og elghovudet peikar bestemt i den retninga. Det vart vel nokre vondord utetter kvelden når denne takkonstruksjonen skulle samanføyast ved hjelp av brennande sukker som alt for lett vart brent. Det var harde tider.
Og dette er i alle fall etter oppskrift frå KK's julenummer eller liknande. Eg har nettopp fått stadfesta at mønsteret no har hamna i Sverdrupsvei på Byåsen, og der skal det få vere. Enn å utsetje sakeslause ungar for så mykje bannskap som monteringa av dette førte med seg, både kyrkjetårn og skorstein! Og dette som skulle vere eit sakralt landskap. Det vart aldri meir prøvt.
Her kjem så det siste utvalde i kategorien pepperkakeHUS. Eg håper og trur at det fine gjerdet rundt, marshmellows og saltstenger, er min eigen idè. Eg er litt usikker på figuren heilt i bakgrunnen. Kan det vere at han sit på utedo med opa dør? I jula?
Meir kreativt i neste bolken.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar