Etter eit par år, tykte dottera at det vart litt stussleg, så ho baka sjølv. Anglofil som ho er, landa ho på noko ur-engelsk, Stonehenge:
Eg reknar med at alle kjenner til Stonehenge, men her er i alle fall originalen:
Så tek klokehaudet juleferie og takkar for denne runden. Følg med på nyåret!
PS - Eg veit at det heiter pepar på nynorsk, men pepperkake er eit omgrep som kom til meg i vaksen alder. I heimegrenda bakte vi ikkje pepperkaker, vi lagde mann- og konekaker i lys deig og dekorerte dei med spisse pinnar dyppa i konditorfarge. "Julemannja" vart dei kalla, ikkje grammatisk korrekt "julemenn". Ein bør i det store og heile late vere med å jage etter det korrekte heile tida. I mitt hovud har "pepperkake" fint lite med "pepar" å gjere. Det er forresten berre Egners bakergutt som brukar pepar i pepperkaker.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar