søndag 7. februar 2010

Ørsta frå A til Å, del 21 - U.

U. Ungdomsskole


Ungdomsskulen var framleis på forsøksstadiet den tida, og heitte Ørsta linedelte ungdomsskole. (Kanskje er det ikkje lenger så mange som veit at kommunane Ørsta, Sykkylven og Malm var dei første som prøvde ut dette skuleslaget?) Vi hadde framleis eksamen i sjuande klasse den gongen (1961) og i tillegg IQ-test (som vi aldri fekk vite resultatet av – er dei arkiverte ein stad?), og ved hjelp av alt dette vart vi plasserte på høvelege ”liner”. Eg hamna på ”gymnasførebuande line med tysk”, venteleg den lina som var spesialdesigna for ”klokehaud”. Å ta til på ungdomsskulen var ein stor overgang frå den vesle, trygge Brautaset-skulen, men erfaringane med handarbeid på Åmås og husstell ved Velle skule hadde herda oss; vi var kampklare. Vi fem jentene hamna i forskjellige klasser, men let oss ikkje slå ut av den grunn. Eg vil tru at nokre av lærarane ved ungdomsskulen kunne tenkje seg at vi var noko meir beskjedne, fleire av oss. Og til dei som trur at ungdommen er så mykje verre no: Det er ikkje alltid sant. I alle fall var det meir anarkistiske forhold ved Ørsta linedelte ungdomsskule i mi elevtid enn det nokon gong har vore ved dei skulane der eg sidan har vore lærar. Noko kom vel av den enkle grunn at skulen var på forsøksstadiet. Nokre av lærarane var vane med den ”gode”, gamle realskulen og ville helst halde fram som før. Andre var vel opptekne av nye idear som ikkje alltid var like lette å setje ut i praksis. Ungdomsskulen hadde nok rett og slett ikkje funne si form den gongen. Dei fleste episodane er det best å forbigå i det stille, for ikkje å ”bere utøve” noko om folk som helst vil ha fred. Det kan no vere ein og annan av dagens samfunnsstøtter som ikkje var heilt ugagnsfri. Men eg kan nemne at det kom klager frå barnehagen over vegen på at elevar i klassa mi hang ut av vindauga og røykte i timane.

Sjølv hadde eg sett meg føre å gjere ettertrykkeleg ende på klokehaud-stempelet og gjekk inn for saka med liv og lyst. Det var eigentleg grei skuring, det var berre å sabotere timar så vel som heimearbeid. Å gå frå M til G viste seg å vere lettare enn å stele snop frå små-ungar. Men så heilt og fullt ut modig var eg ikkje, eg let ikkje frekt og freidig la vere å levere stilar, noko lite vart oftast krota i hop i siste liten. Slik hugsar eg så levande at eg sat og smurde i hop noko om ”Dei viktigaste bærslaga våre og korleis vi nyttar dei” (inspirerande oppgåve for ein 14-åring!) ved stovebordet heime, med radioen på og to venninner utolmodig ventande. Vil ein unngå å bli kalla klokehaud, kan metoden tilrådast.

Når ein no hadde sett seg føre ikkje å følgje med i timane, måtte tida fyllast med eitkvart anna om ein ikkje skulle orionast (eit uttrykk eg lærte oppi Nakkja, men eg har uklåre førestellingar om etymologi og eksakt tyding). I nokre timar kunne vi prate, heller usjenert. Læraren heldt på med sitt langt der framme på tavla, og vi dreiv med vårt. Ei påske hadde ei jente i klassen vore på Nerlandsøya – eller ei anna øy – og atskillige timar gjekk med til å fortelje utførleg om liv og lagnad der ute i øyane, ikkje minst om dei gildaste mannespirane. Alle lærarane var ikkje like romslege med omsyn til private samtalar, men når vi ikkje kunne snakke, kunne vi alltids skrive. Å sitje og skrive i ei grå kladdebok var akseptabel syssel. Ei klassevenninne og eg (her nemner eg igjen ikkje namn, særleg ettersom vedkomande høyrde til dei beste familiar i sjølvaste sentrum av bygda) fylte fire tjukke kladdebøker i løpet av 8. klasse. Ein kan undrast over om ikkje all denne kreativiteten kunne kanaliserast inn i ordinært og legalt skulearbeid?

1 kommentar:

Elias sa...

Takk til Klokehaud for "Ørsta frå A til Å"!

Her er inspirerende beretninger fra gamle dager, artige anekdoter og gode tips til skoletrøtt ungdom!
Tilgjengelig også for dem av oss som ikke fikk i vuggegave å være sunnmøring eller sosialantropolog.
Start gjerne med barndomsskildringene, bl. a. "ferdaminne" i Vinjes ånd. - Forvitneleg!

Birgit K. Lundheim
(som har fått låne brukeren til Elias)