onsdag 17. februar 2010

Ørsta frå A til Å, del 25 - Y

Y. YA


Såkalla fritidstilbod hadde vi som før nemnt fint lite av, men ei tid var vi velsigna med noko som vart kalla YA. YA stod etter det eg minnest for ”yngres avdeling”, men avdeling av kva? Det skulle eg gjerne ha visst. Noko kristeleg og ålvorssamt var det i alle fall. Ei velmeinande dame gjorde sitt yttarste for å få oss med i den rette kristenfolden. Etter det eg minnest, song vi oppbyggjelege songar og høyrde på bøn og tale. Vi vart ikkje lokka korkje med søtvoren servering eller ungdomsvenlege ”aktivitetar” av noko slag. Men vi kom, venteleg fordi vi hadde slikt å gjere. Det var ein stad å møtast, dette òg. Kanskje hadde vi hyggestunder i den oppvarma skulekjellaren, men det eg hugsar best er då vi, eller nokre av oss då, ikkje viste oss frå vår mest samarbeidande side. Ein av dei mykje brukte songane var ”Bli med, bli med til livet”. Ein modig maur erstatta den opphavlege teksten med den heimegjorde ”Bli med, bli med, bli med, bli med, bli med, bli med, bli med”. Dei modigaste av oss hengde seg på, og så hadde det vorte som ein sensasjon den veka og.

Etterpå var det dei lange kilometrane heimatt, til fots som vanleg. Kan dagens oppveksande slekt fatte dette: Til fots i sludd og mørkre to-tre kilometer til ein heller lite oppstasa skulekjellar der vi fekk synge åndelege songar utan tonefylgje og vart velsigna med nokre gudsord som vi knappast høyrde etter, og så til å gå den lange vegen heim. Vel kunne vi stundom falle i den synd det var å lage eigne vriar på sømelege kristensongar, men elles trur eg ikkje vi gjorde så mykje ugagn. Slik var livet, og vi var ein del av det.

Når eg tenkjer på kulturtilboda mine barn har hatt, t.d. sjansane til å dyrke interesser innan musikk, dans og drama, kunne eg reint teoretisk gje meg til å bli sjalu og misunneleg. Men ”det ein ikkje kan få, nyttar det ikkje å tenkje på”, som han sa Fanten i soga om Fanten og kjerringa (han som gav seg til å koke supe på ein spikar). Slik var det på bygdene den tida, dette var det som forma oss, og alt var i beste meining. Vi hadde ikkje undervisning, men vi song, t.d. den omframt lagnadstunge songen om Gale-Truls (”Han bodde der oppe på ville fjell,..), vi song jamvel tostemt, utan nokon gong å ha høyrt om harmonilære. Vi kunne våre tre grep på gitaren, og dei meir framtøkne av oss nytta jamvel septim! Vi fekk lov til å opptre på ungdomsmøte og basarar, og vi slapp å kjenne oss samanlikna med hyperstyla superstjerner. ”Count your blessings”, seier dei i framande land. 50-åra var vår tid, 10-åringane på tidleg 2000-tal kan ha sitt å stri med som vi slapp.

Ingen kommentarer: