mandag 15. februar 2010

Ørsta frå A til Å, del 22 - V

V - Vatnevatnet
                                           Vatnevatnet

Det er ikkje så sant som somme vil ha det til at folk, og deriblant foreldre, hadde så mykje meir tid før. Mange av foreldra våre sleit med tungdrivne gardar og gjerne noko attåtarbeid eller turar på fiske for få endane til å møtast. Noko av barnepasset såg dei seg difor nøydde til å overlate til høgar makter. ”Herre, tag i din sterke hånd barnet som leker ved stranden”, skreiv Bjørnson, og det må vere om lag slik dei har tenkt dei som slepte oss på rakedis. Som ei røynd og klok Vatne-kjerring sa: ”Dei leitar seg nok heimatt når dei svelt”. Dette var ikkje uttrykk for likesæle, skulle kjerringane få unna alt dei hadde å ta hand i på garden, kunne dei ikkje renne grenda rundt og passe ungar.



Vatnevatnet låg der, stort og spanande. Vinterstid var det jamnast islagt, i alle fall er det slik eg hugsar det. Då var ein regel grundig innprenta: ”Pass dykk for osen”. Elles var det fritt fram. Var det skikkeleg tjukk stålis, kunne søndagene vere reine stemna, med bilar, traktorar og til og med noko så utruleg som seglfly. Men ettersom eg ikkje hadde skeiser, og langt mindre kunne gå på slike, vart det nok aldri eit islagt vatn som gav meg beste minna, då med unntak av sparkturar med mor til tante på Krøvelen. Med isbroddar og spark vart den elles dryge turen for ei feststund å rekne.

Krøvelen

Men det likaste var å vere ute og ro i Gjerde-båten! Inger og eg var flittige med det ei tid. Redningsvestar var den gongen noko som berre fanst i kasser på Hurtigruta. Vårt redningsutstyr var eit ausekar, som vi rett som det var fekk bruk for. Først og fremst var det om å gjere å sjå etter om nygla var i nygleholet. Om så ikkje var tilfelle, ville vi alle fall oppdage det så tidleg at vi hadde von om å kome oss i land att. Men det at vi rodde Gjerdebåten tvers over Vatnevatnet, utan redningsvestar og utan å kunne symje noko som var noko, det trur eg korkje vi eller foreldra våre såg noko faretruande i. Stundom kunne vi ta med oss ein bunke blad i båten, ro oss godt utpå, legge inn årane og ligge der og duve og lese blad med himmelen som einaste utsikt. Ein periode fekk vi for oss at leksene skulle gjerast på andre sida av vatnet, i nærleiken av ”Himmel-Iver”-hytta. Då rodde vi oss og skulebøkene over, skreiv våre stilar og rekna våre reknestykke, og rodde tilbake. Vi var i alle fall ikkje umaksredde.



Den store attraksjonen ved Vatne-vatnet var Sanden. Nakkestranda hadde ikkje retteleg vorte oppdaga på den tida. For oss som ikkje visste betre, var dei framifrå badestrand , det er merkeleg kor Sanden har krympa i seinare år. I middagskvilda i slåttetida var det å hive seg på sykkelen og kome seg fortast råd til Sanden. Etter som tida for middagskvil så å seie var regulert ved lov (middag kl. 12.00, kaffi med ”oppstadsod” kl. 13.30), var ein alltid viss på å finne andre ungar der. Men var det vakse folk på Sanden i vekedagane, var det nok hyttefolk, ei heilt anna rase det enn oss fastbuande, vakse folk som låg på luftmadrass i slåtten. Nei, var det seg likt.


 
Eit år hadde einkvan funne på at også ungane som sokna til Vatne-grenda burde lære seg å symje. Det må vel ha vore eit slag kommunalt velferdstilbod, for eg kan aldri tenkje meg at foreldra våre skulle kome på noko slikt. Ei dame frå sjølvaste Ålesund by var innleigd for å stå for opplæringa. Ho hadde med seg sonen sin som var omlag på alder med oss, så i tillegg til innføring i symjekunsten, fekk vi og møte ein ekte bygut, frå Nørvegata, om eg ikkje minnest feil.

Kva element som var kaldast, luft eller vatn, skal ikkje seiast for visst, ei hustrig oppleving var det i alle fall. Først tørrsymjinga på land, og så ut i 10 – 12 grader for å praktisere. Symjekunsten vart ein av mange idrottar eg aldri heilt lærte å elske.

Ingen kommentarer: