mandag 15. februar 2010

Ørsta frå A til Å, del 23 - W

W. WC, eller tvert i mot


Dette er igjen ein av dei vanskelege bokstavane, både i leseboksamanheng og i bygdehistorisk samanheng. I bygdene på Sunnmøre var det lenge fint lite bruk for denne bokstaven, men den anale daninga henta oss inn: vi tok til å få WC, i staden for do i fjøset! Vi fram på Åmdalen var nok ikkje dei første i dette kapplaupet, dei ”nedi Vik” gjekk vel føre her som med så mykje anna. Vi heldt oss til det tilvande i lengste laget, do med umiddelbar tilknyting til fjøsen, einseters eller fleirseters alt ettersom.

Heime hos oss hadde vi einseters, så einaste von om selskap der, var rottene, som eg sant å seie aldri vart fortruleg med. Men eg vitja ofte tante på Krøvelen, og der var det fleirseters av gamle slaget med utgang i det fri. Eldste syskenbarnet mitt der kunne, om no sanninga skal fram, vere noko vidløftig i unge år, og ho imponerte meg storleg då ho utan vidare klatra ned doholet, fann fotfeste på indre mur og tok seg derfrå ut i friluft utan å få skit på føtene. Eg gjorde henne det aldri etter.

Meir romantisk utgåve av utdoen enn dei vi var vane med.

Det er ei kjend sak, til forundring for mange menn, at jenter – i fleire aldrar – gjerne går på do saman. Slik var det og med Aud og meg, før i tida. Etterkvart vart vi buande i kvar vår landsdel, så då vart det mest praktisk at vi gjekk kvar for oss. Om vi ikkje vart hefta med så mange forbod før i tida, så var det no ein og annan freistnad på oppseding. Do frami Pettergarden var som brukvisa elles i tilknyting til fjøsen. Aud og eg hadde fått oss sydde kvar vår kordfløyelsbukse med nokre urimeleg vrange selar på. Skulle vi på do, måtte vi inn på kjøkenet til Anna og få hjelp med desse selane. Ein dag hadde vi nett fått brødskiver med sukker på, då ei av oss kom på at vi skulle på do. ”Nei, de må ete opp først”, sa Anna, ”de kan ikkje gå på do medan de et”. Å, ikkje det? Dette var ein ny og interessant kombinasjon, ikkje mindre interessant no då han var forboden. Vi gøymde skivene mellom kunstgjødselsekkane i Petterfjøsen og venta ei rimeleg lang stund før vi gjekk inn til Anna og bad henne hjelpe oss med bukseselane. Og så var vi klare til å gjere ”ubyde”, medvite og planlagd synd! Vi henta sukkerskivene attom gjødselsekkane, sette oss på do og åt - utan å verte oppdaga!

Elles var no dei gamle skuledoa ei sak for seg. Dei to eg opplevde, Bjørdal og Brautaset, var skorne over same lest, eit til jentene, eit til gutane og eit til læraren. Slik eg minnest desse byggverka, var dei ikkje særleg påkosta, snødrevet og nordavinden heldt dei om ikkje anna på ein viss fråstand, men elles var det enkel standard. I heldigaste fall hadde fjølene krympa litt, slik at det vart ein liten sprekk som kunne utvidast til kikarhol, anten ein no ville kike ut eller inn, eller til det motsette kjønn. Elles hugsar eg at taket på skuledoen i Bjørdalen vart brukt som opphaldsstad i friminutta. Nærleiken til meir avkledde aktivitetar, inspirerte nok dei største gutane til å fortelje ”stygge” vitsar. Diverre – eller heldigvis? – er eg ikkje i stand til å kome på ein einaste ein.  

Ingen kommentarer: