onsdag 17. februar 2010

Ørsta frå A til Å, del 29 - Å

Å. Åmdal Ungdomshus


Åmdal Ungdomshus, i daglegtale berre kalla ”Huset” var arena for både vist og gale i oppveksten. Ein inngift slektning, som eg elles set stor pris på, hevdar at dette huset i vide krinsar i grannebygda gjekk under namnet ”Texas”. Han meiner å ha hatt skakande opplevingar der i si spelemannstid. Ikkje ein gong framme på scenen kunne ein kjenne seg trygg når Åmdalsvikingane hadde teke godt for seg av maltekstraktspannet og slo ned den eller dei som stod laglegast til. Dette må i så fall ha vore før mi tid, og kan ein no eigentleg stole på voldingar i slike saker? Eg vart i i alle fall aldri vitne til nokon slagbjørn den tida eg vanka på ”Huset”. Det var nok ein og annan som hadde problem med å setje sjøbein, og det fanst vel dei som bles seg opp og bura aldri så lite, men så vidt eg minnest, stogga det der. No er det sjølvsagt mogleg at det gjekk føre seg eit og anna attom novene som eg ikkje fekk med meg.

Tilgangen til huset var regulert etter aldersbestemte klasser. Så lenge ein enno gjekk i barneskulen, var det møte og basarar ein hadde tilgjenge til. Når ein godt og vel haddde fått ungdomsskulestatus, opna det seg gradvis fleire dører. Då fekk ein først tilgjenge til ungdomsmøta. Desse vart haldne på ein vekedag og var både edruelege og ålvorssame. Det var sakliste og referat, tale eller kåseri, og gjerne eit par sketsjar til å live opp folk med. ”Å ha programmet” gjekk på omgang. Til sist var det folkeviseleik eller gammaldans. Instruktørar frå Norges Ungdomslag kom og heldt kurs i til dømes reinlender med uhenteleg mange turar. Noko slag pardans kunne vel kome føre når det leid på kvelden, men då i sømelege takter. Tango høyrde laurdagskvelden til.

Eg veit ikkje om slike ungdomslagsmøte vert haldne framleis. Det var i alle fall ei framifrå skolering i mellom anna å ta ordet i forsamlingar.

Med konfirmasjonen kunne ein så ta steget over i full ungdomshusstatus, ikkje berre i eige ”hus”, men også i Vikebygda, Hovdebygda og nede i sjølvaste Vik, for no fekk ein begynne å gå på dans! Å, som vi hadde sett fram til dagen og stunda! Det var kanskje dei som prøvde å lure seg til litt før, men gjennomsiktige som forholda var, vart det jamnast ikkje gjort oppatt. Det vart heller å vake litt i nærleiken av Huset i vekene før konfirmasjonen.

I jula stod tradisjonane i kø. 1. juledag utpå kvelden samla gjerne ein del ungdomar seg på Huset for å pynte til fest. Dette var heilt uoffisielt, men jungeltelegrafen gjekk. Så var det høgtidssam ungdomsfest 2. juledag med ålvorssam tale, kaffi og kaker og gang kring treet. 3. dag jul var det barnefest. I åra før bedehuset vart bygt, møtte, så vidt eg veit, heile skulekrinsen opp til barnefest. Tale var det då òg, og ein av skule-ungane fekk lese jule-evangeliet. Eit år var eg den utvalde, og eg ser det så klart for meg: Gul, rundklipt taftkjole med kvite fløyelsprikkar, svarte lakksko og eit fast grep rundt Nytestamentet.

4. juledag var det skalkefest, og då kom liksom synda inn i verda att. Underhaldninga på denne festen var jamnast eit spelstykke. Dyktige amatørskodespelarar har det vore godt om på Åmdalen, så det var store forventningar. Det hadde vel opphavleg vore slik at ein åt ”skalkane” frå 2. og 3. juledag denne dagen, men etterkvart var det nok ikkje tørrkake-eting som var sentralt på desse festane, det var gjerne ein tendens til meir lettflytande føde. Dans var det òg, pardans!

For eigen del må eg tilstå at Samfunnshuset i Volda nokså snart danka ut Huset frampå Dala. Sjølv hadde eg ingen som helst slags tankar om kva det skulle bli av meg etter den obligatoriske ungdomsskulen. I eit etter-konfirmasjonsselskap i Bjørdalen, hadde så inspektør Elias ved Ørsta Ungdomsskule tilrådd foreldra mine å søkje meg inn på økonomisk gymnas. Slik vart det, og ære vere han for det, det vart gode år. Men festlivet mitt vart i stor grad flytta frå Huset til Samfunnshuset. Mi tid ”heim på Husa” vart kort og hektisk.

3 kommentarer:

Unknown sa...

Det er så underholdande å lese bloggane dine, Karen! Gjenkjennelsesfaktoren er høg sjølv om eg ikkje voks opp i Åmdalen.

Sir Bob Bunbury sa...

Tall, no! Tall!

Audhild Brautaset sa...

Endeleg veit eg korleis eg skal kommentere! Ein underhaldande og lærerik blogg for ei som er litt over gjennomsnittet interessert av liv og levnad gjennom tidene i Åmdalen! Du skriv med fargerik penn og har ein lun og god humor med herlig sjølvironi! Gje meg meir! Helsing Steina-Audhild.